Opna hovudmenyen

The Nice var eit engelsk progressivt rockeband som var aktive i slutten av 1960-åra. Dei blanda rock, jazz og klassisk musikk og var det førte kommersielt suksessrike bandet med klaverspelaren Keith Emerson.

The Nice
Nice 1970.JPG
The Nice i Ernst-Merck-Halle i Hamburg i Vest-Tyskland den 28. mars 1970[1]
OpphavLondon i England
Aktiv1967–70, 2002
Sjanger
Tilknytte artistar
PlateselskapImmediate, Charisma
Tidlegare medlemmerKeith Emerson
Lee Jackson
David O'List
Ian Hague
Brian Davison

Gruppa vart skipa i 1967 av Emerson, Lee Jackson, David O'List og Ian Hague for å akkompagnere soulsongaren P.P. Arnold. Etter at Hague vart erstatta av Brian Davison byrja gruppa for seg sjølv og fekk raskt eit trufast publikum. På scenen fekk Emerson vist seg fram som showmann der han spelte og misbrukte Hammondorgelet sitt med radikale omarrangement av klassiske musikktema og Bob Dylan-songar.

Bandet fekk størst suksess med ein instrumental versjon av Leonard Bernstein sin «America», før O'List slutta i gruppa. Dei attveande medlemmane fortsette som ein trio, og gav ut fleire album, før Emerson valte å slutte i bandet tidleg i 1970 for å skipe Emerson, Lake & Palmer. Gruppa kom saman for ei kort tid i 2002 og spelte fleire konsertar.

MedlemmarEndra

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

KonsertalbumEndra

  • Elegy (Charisma, 1971) - [UK #5]
  • America – The BBC Sessions (Receiver, 1996)
  • The Swedish Radio Sessions (late 1967) (Sanctuary, 2001)
  • BBC Sessions (Sanctuary, 2002)
  • Vivacitas (Sanctuary, 2003)
  • Live at the Fillmore East December 1969 (Virgin, 2009)[5]

SinglarEndra

  • «The Thoughts of Emerlist Davjack» / «Azrial (Angel of Death)» (Immediate IM 059, November 1967)
  • «America» / «The Diamond Hard Blue Apples of the Moon» (Immediate IM 068, 21. juni 1968) - [UK #21]
  • «Brandenburger» / «Happy Freuds» (Immediate IM 072, 8. november 1968) - [UK / Europe]
  • «Hang on to a Dream» / «Diary of an Empty Day» (Immediate, 1969) - [Europe]
  • «Country Pie» / «One of Those People» (Charisma, 1969)[5]

KjelderEndra

  1. Hanson 2002, s. 126.
  2. Pete Prown; HP Newquist (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists. Hal Leonard Corporation. s. 78. ISBN 978-0793540426. ...British art rock groups such as the Nice, Yes, Genesis, ELP, King Crimson, the Moody Blues, and Procol Harum... 
  3. Maxwell, Tom (29. desember 2015). «Lemmy’s Six-Decade Rock and Roll Journey, in Extremely Loud Videos». Slate magazine. 
  4. Greene 2016, s. 183.
  5. 5,0 5,1 Strong 2000, s. 695–6.

BakgrunnsstoffEndra