The Partridge Family
The Partridge Family er ein amerikansk situasjonskomedie-serie om ei mor som var blitt enke og dei fem borna hennar. Saman startar dei ein musikalsk karriere. Serien gjekk frå 25. september 1970 til 23. mars 1974 på ABC.
Type | fjernsynsserie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Musikalsk komedie | ||
Opphavsland | USA | ||
Produksjonsland | USA | ||
Introduksjonsår | 1970 | ||
Sesongar | 4 | ||
Episodar | 96 | ||
Lengd | 25 minutt | ||
Språk | Engelsk | ||
Skapar | Bernard Slade | ||
Produsent | William Bickley Paul Junger Witt Dale MacRaven Larry Rosen Mel Swope | ||
Produksjonsleiar | Bob Claver | ||
Foto | Fred Jackman, Jr. Irving Lippman | ||
Medverkande | Shirley Jones David Cassidy Susan Dey Danny Bonaduce Suzanne Crough Jeremy Gelbwaks Dave Madden Brian Forster | ||
Periode | 25. september 1970– 23. mars 1974 | ||
Kanal | ABC | ||
Biletformat | 480i (SDTV) | ||
Lydformat | Mono |
Mora, Shirley Partridge vart spelt av Shirley Jones. Familien reiser kring i ein gammal skulebuss og heldt konsertar.
Musikken i serien vart produsert av Wes Farrell, og vart spelt av ei gruppe innleigde studiomusikarar, og dei fleste av skodespelarane mimar til musikken, utanom David Cassidy, som song sjølv, i lag med Shirley Jones. Cassidy vart eit tenåringsidol og byrja å turnere med ei gruppe som spelte både Partridge-songar og songar frå sine eigne album til tusenvis av skrikande tenåringsjenter på store stadion i Amerika, Europa, Japan og Australia.
Den største hitten til The Partridge Family kom i 1970 med songen «I Think I Love You», skriven av Tony Romeo. Songen gjekk heilt til topps på Billboard-lista i USA og selde over fem millionar eksemplar. Songen kom ut på albumet The Partridge Family Album, som nådde fjerdeplassen på Billboard 200. Ei rekkje Partridge-singlar følgde: «Doesn't Somebody Want to Be Wanted», «I'll Meet You Halfway», «I Woke Up In Love This Morning», «It's One of Those Nights (Yes Love)», «Am I Losing You», «Looking Through The Eyes Of Love», «Breaking Up Is Hard to Do» og «A Friend and a Lover».[1] Desse singlane vart gjevne ut på millionseljande album som Up To Date, Sound Magazine, Shopping Bag, Notebook, Crossword Puzzle og Bulletin Board.[2] Julealbumet deira A Partridge Family Christmas Card var det mestseljande julealbumet i 1971. I alt gav The Partridge Family ut 89 songar på ni album mellom 1970 og 1973.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Partridge Family» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «TSORT Song Artist 592 – The Partridge Family». Henta 18. august 2013.
- ↑ «TSORT Album Artist 994 – The Partridge Family». Henta 18. august 2013.