The Pearl-Qatar (arabisk اللؤلؤة قطر) er ei kunstig øy i Doha i Qatar, som dekkjer nesten fire millionar kvadratmeter. Det er det første landområdet i Qatar som er tilgjengeleg for sjølveige for utlendingar.[1] I januar 2015 var det kring 12 000 innbyggjarar på øya.[2] Dette var opp frå 5 000 innbyggjarar våren 2012[3] og 3 000 innbyggjarar våren 2011.[4]

The Pearl-Qatar
اللؤلؤة قطر
øy
Skumring på The Pearl
Land  Qatar
Kommune Doha
Koordinatar 25°22′7″N 51°33′7″E / 25.36861°N 51.55194°E / 25.36861; 51.55194
Folketal 12 000  (2015)
Kart
The Pearl-Qatar
25°22′07″N 51°33′06″E / 25.368611°N 51.551583°E / 25.368611; 51.551583
Wikimedia Commons: The Pearl

Når øya er ferdig utbygd vil The Pearl danne over 32 km med ny kystlinje med 18 831 bustader for 45 000 innbyggjarar. Øya skal stå ferdig i 2018. [2] Øya er blitt utvikla av United Development Company og planlagt og designa av Callison. Øya ligg 350 meter frå kysten ved West Bay Lagoon-området i Doha.

Namn endre

Namnet «The Pearl» eller «Perla» vart vald fordi øya er bygd over ein av dei tidlegare, store perledykkestadane i Qatar. Qatar var ein av dei viktigaste perlehandlarane i Asia før japanarane fann opp dei billigare kulturperlene.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre