The Prisoner (‘Fangen’) er ein britisk TV-serie som blei sendt frå 1967 til 1968, skapt av Patrick McGoohan og George Markstein og med McGoohan i hovudrolla. Serien handlar om ein britisk etterretningsagent som blir bortført etter å ha sagt opp jobben sin. Han blir ført til ein mystisk og isolert by der han blir utsett for psykologiske eksperiment. I byen bur det hundrevis av folk som ikkje har namn og berre er kjende som nummer. Hovudpersonen blir kjend som nummer seks.

The Prisoner
Typefjernsynsserie
Sjangerscience fiction serie, spionserie
OpphavslandStorbritannia
Sesongar1
Episodar17
Lengd48 minutt
Språkengelsk
SkaparPatrick McGoohan, George Markstein
ManusPatrick McGoohan, David Tomblin
RegiPat Jackson, Don Chaffey
KanalITV

TV-serien blei skapt under påverknad frå den politiske paranoiaen som rådde under den kalde krigen, motkulturen og hippiekulturen på 1960-talet, og ei aukande uro for innblandinga frå styresmakter i privatlivet. Han blei spelt inn i Portmeirion i Wales og blei laga i 17 avsnitt på ein time kvar. Han blei sendt på ITV i Storbritannia frå 1. oktober 1967 til 4. februar 1968. Serien blei eit fenomen og har levd att som eit referansepunkt i den britiske populærkulturen.[1]

Medverkande endre

  • Patrick McGoohan som nummer seks
  • Leo McKern som nummer to
  • Colin Gordon som nummer to
  • Eric Portmann som nummer to
  • Peter Wyngarde som nummer to
  • Patrick Cargill som nummer to
  • Alexis Kanner som nummer 48
  • Kenneth Griffith som Schnipps/presidenten
  • Angelo Muscat som butleren
  • Peter Swanwick som formannen
  • Frederick Pip som admiralen

Kjelder endre

  1. Clark, Anthony. «Prisoner, The (1967-68)». BFI Screenonline (på engelsk). Brittiska filminstitutet. Henta 31. oktober 2017.