The River of Dreams

The River of Dreams
Singel av Billy Joel
frå albumet River of Dreams
B-side

«The Great Wall of China»,
«No Man's Land»

Utgjeve 19. juli 1993 (UK), 9. august 1993 (US)
Innspelt 1992 i New York
Sjanger Poprock
Lengd 4:05 (album), 5:21 (originalversjon)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Joe Nicolo, Danny Kortchmar
Billy Joel-kronologi 
«All Shook Up»
(1992)
The River of Dreams «All About Soul»
(1993)


«The River of Dreams» er ein song av Billy Joel. Han er tittelsporet og den første singelen frå albumet River of Dreams frå 1993. Songen vart ein stor hit og nådde tredjeplassen i USA og Storbritannia, og ein åttandeplass i Noreg. Han vart den mest populære singelen til Joel frå 1990-åra. Han gjekk òg heilt til topps i Australia og Billboard Adult Contemporary-lista. Songen vart produsert av Joe Nicolo og Danny Korchmar.

I videoen, som vart filma på Providence & Worcester-brua over Connecticut River i Middletown i Connecticut, står Joel og tre koristar på vestsida av bruka.

Medan sonten tonar ut kan ein høyre Joel synge The Cadillacs sin versjon av «Gloria».

Det er gjeve ut minst fire versjonar av songen. To versjonar (gjeve ut fleire år seinare) inneheld eit mellomspelt på piano, som spelar melodien frå songen «Lullabye (Goodnight My Angel)», ein annan song frå same albumet. Desse versjonane finst i plateboksen My Lives og Complete Hits Collection: 1973-1999 - men sjølv desse to versjonane er forkjsllige, både i lengd og arrangement. Den første har til dømes meir perkusjon. Ein fjerde miks finst på den britiske singelutgåva av «River of Dreams» — ein «percapella mix» laga av Nicolo.

«The River of Dreams» vart nominert til Grammyprisen i 1993 til årets innspeling, men tapte for «I Will Always Love You» av Whitney Houston.

Under framføringa av songen under Grammyprisutdelinga i 1994, stoppa Joel i midten av songen for å protestere mot at TV-kanalen kutta Frank Sinatra sin takketale då han fekk Grammy Legend Award det året. Under pausen sa Joel at han kasta bort «verdifull reklametid».

Innhald endre

Britisk versjon endre

  1. «The River of Dreams» – 4:05
  2. «The River of Dreams» (Percapella mix)
  3. «The Great Wall of China» – 5:45

Japansk versjon (3") endre

  1. «The River of Dreams» – 4:07
  2. «No Man's Land» – 4:49[1]

Lister endre

Plassering endre

Liste (1993) Plassering
Australia (ARIA)[2] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[3] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[4] 11
Canada (RPM)[5] 2
Frankrike (SNEP)[6] 4
Tyskland (Media Control AG)[7] 4
Ireland (IRMA)[8] 2
Italy (FIMI)[9] 26
Japan (Oricon)[10] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[11] 5
New Zealand (RIANZ)[12] 1
Noreg (VG-lista)[13] 8
Sverige (Sverigetopplistan)[14] 8
Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 2
UK Singles (Official Charts Company)[16] 3
US Billboard Hot 100[17] 3
US Adult Contemporary[17] 1

Kjelder endre

  1. http://www.ebay.ca/itm/BILLY-JOEL-3-CD-JAPAN-3inch-japanese-singel-The-River-of-Dreams-no-promo-/321342732367
  2. "Australian-charts.com – Billy Joel – The River of Dreams". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta February 10, 2013.
  3. "Billy Joel – The River of Dreams – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta February 10, 2013.
  4. "Ultratop.be – Billy Joel – The River of Dreams" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta February 10, 2013.
  5. «100 Hit Tracks». RPM 58 (14). October 16, 1993. ISSN 0033-7064. Henta February 10, 2013. 
  6. "Lescharts.com – Billy Joel – The River of Dreams" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta February 10, 2013.
  7. "Billy Joel - The River of Dreams". Charts.de. Media Control. Henta February 10, 2013.
  8. «River of Dreams». IRMA. Henta November 2, 2012. 
  9. «Indice per Interprete: J» (på italiensk). Henta November 2, 2012. 
  10. «Oricon Singles Chart». Oricon (på japansk). Henta November 2, 2012. 
  11. "Dutchcharts.nl – Billy Joel – The River of Dreams" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta February 10, 2013.
  12. "Charts.org.nz – Billy Joel – The River of Dreams". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta February 10, 2013.
  13. "Norwegiancharts.com – Billy Joel – The River of Dreams". VG-lista. Hung Medien. Henta February 10, 2013.
  14. "Swedishcharts.com – Billy Joel – The River of Dreams". Topp 60. Hung Medien. Henta February 10, 2013.
  15. "Billy Joel – The River of Dreams – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta February 10, 2013.
  16. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta February 10, 2013.
  17. 17,0 17,1 «Billy Joel – Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta February 10, 2013. 

Bakgrunnsstoff endre