The Sailor's Hornpipe
The Sailor's Hornpipe (også kjend som The College Hornpipe and Jack's the Lad[1]) er ein tradisjonell hornpipe-melodi and tilknytt dans med opphav i den britiske marinen, Royal Navy.[2]
Historie
endreDen vanlege melodien for denne dansen blei fyrst trykt som «College Hornpipe» i 1797 eller 1798 av J. Dale i London.[3] Han finst i manuskriptsamlingar som er eldre enne dette – til dømes ein synkopert versjon i William Vickers-manuskriptet frå Tyneside, som er datert til 1770.[4] Dansen framstiller livet og pliktene til ein sjømann på eit skip. Sidan dansen ikkje krev stor plass til å framførast, og kan dansast utan ein partner, var han utbreidd ombord på skip.[5]
Samuel Pepys omtalte dansen i dagboka si som «The Jig of the Ship», og kaptein Cook gav ordre til mennene sine om å dansa hornpipe for å halda dei i form.[5] Dansen blei mindre vanleg på skip då ein slutta å ha felespelarar som del av mannskapet.
I drama for scena var det frå rundt 1500-talet av vanleg å ha med ein dans knytt til havet, eller ein sea dance. Frå 1800-talet blei den kjende forma av sailors' hornpipe innført. Arbeidsoppgåver på skip, som å dra i reip, roing, klatring i rigging og honnørhelsingar danna grunnlaget for danserørslene.
Under tradisjonskonserten Last Night of the Proms i London, der melodien blir spelt som del av Henry Wood sin Fantasia on British Sea Songs, kan publikum ha med seg små tåkelurar og fløyter som dei bles i til musikken, slik at han får ein støyande, frenetisk finale når han når sitt raskaste.[6]
Melodien blei brukt i teiknefilmar av Popeye (Skippern) frå byrjinga av 1930-talet, som regel som den fyrste delen av opningsmelodien, som deretter gjekk over til ein instrumentalversjon av «I'm Popeye the Sailor Man».
Innspelingar
endreSongen har blitt spelt inn av:
- Mike Oldfield på Tubular Bells (1973) og Tubular Bells 2003 (2003)
- Achim Reichel som «Piratentanz» på Klabautermann (1977)
- Yo-Yo Ma, Edgar Meyer og Mark O'Connor på Appalachia Waltz (1996)
- Carlos Núñez på Cinema Do Mar (2005)
- Broadside Electric på Black-edged Visiting Card
- The Spotnicks som «Bach Goes to Sea» i 1963
- The Tornados som «Popeye Twist» i 1962
Kjelder
endre- ↑ «MacJams.com – Song: The Sailor's Hornpipe by Andronis». Macjams.com. Arkivert frå originalen 2. desember 2008. Henta 12 January 2021.
- ↑ «The sailor's hornpipe dance». Rmg.co.uk. 11 August 2015. Henta 12 January 2021.
- ↑ «SAIL AWAY LADIES [1A]». Ibiblio.org. Henta 12 January 2021.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 21. mai 2021
- ↑ 5,0 5,1 «What are the origins of the sailor's hornpipe? : Frequently asked questions : Maritime, sea & ships : Fact files & in-depth : Learning : NMM». Nmm.ac.uk. Henta 12 January 2021.
- ↑ Video på YouTube
- Denne artikkelen bygger på «The Sailor's Hornpipe» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2021.