Yo-Yo Ma
Yo-Yo Ma (fødd 7. oktober 1955) er ein amerikansk cellist.[2] Fødd i Paris av kinesiske[3] foreldre og utdanna i New York City, var han eit vedunderbarn og opptredde frå han var fire og eit halvt år gammal. Han vart uteksaminert frå Juilliard School og Harvard University, og har opptredd som solist med orkester over heile verda. Han har spelt inn meir enn 90 album og motteke 19 Grammyprisar.
Yo-Yo Ma | |||
Yo-Yo Ma i 2013 | |||
Fødd | 7. oktober 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris i Frankrike | ||
Opphav | Frankrike, USA, Republikken Kina | ||
Aktiv | Sidan 1961 | ||
Sjanger | Klassisk | ||
Instrument | Cello | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Born | Nicholas Ma | ||
Prisar | National Medal of Arts, Presidentens fridomsmedalje, Emmy-prisen, Léonie Sonnings musikkpris, Glenn Gould-prisen, Library of Congress Living Legend, Polar Music Prize, Vilcek Prize, Kennedy Center Honors, Dan David Prize, Danakerordenen, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, æresdoktor ved det kinesiske universitetet i Hong Kong, Praemium Imperiale, Echo Klassik Award - Instrumentalist of the Year, Echo Klassik for klassiskt uten grenser, Avery Fisher Prize, Birgit Nilsson Prize, Time 100, Great Immigrants Award |
I tillegg til innspelingar av klassisk musikk-repertoar har han spelt inn eit breitt spekter av folkemusikk, som amerikansk bluegrass, tradisjonelle kinesiske melodiar, tangoane til den argentinske komponisten Astor Piazzolla og brasiliansk musikk. Han har samarbeidd med artistar i ulike sjangrar, mellom anna songaren Bobby McFerrin, gitaristen Carlos Santana, Sérgio Assad og bror hans, Odair, og songar-låtskrivaren James Taylor. Det fremste framføringsinstrument til Ma er ein Montagnana-cello frå 1733 til ein verdi av 2,5 millionar dollar.
Han har vore United Nations Messenger of Peace sidan 2006.[4] Han vart tildelt The Glenn Gould Prize i 1999, National Medal of Arts i 2001,[5] Presidential Medal of Freedom i 2011, og Polarprisen i 2012.[6]
Ma vart kåra til ein av Time sine 100 mest innverknadsrike personar i 2020.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yo-Yo Ma» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Kosman, Joshua (November 2005). «35 Who Made a Difference: Yo-Yo Ma». Smithsonian Magazine. Henta 29. juli 2016.
- ↑ Hatch, Robert; Hatch, William (2005). The Hero Project. McGraw-Hill Professional. s. 82. ISBN 0-07-144904-3. Henta 8. april 2023. «Yo-Yo Ma, naturalisert statsborger.»
- ↑ «Biografi (kun tekst) | Yo-Yo Ma». Yo-yoma.com. Henta 10. juni 2020.
- ↑ «Yo-Yo Ma». United Nations Messengers of Peace. United Nations. Arkivert frå originalen 18. september 2015. Henta 8. april 2023.
- ↑ National Medal of Arts Arkivert 21. juli 2011 ved Wayback Machine., National Endowment for the Arts.
- ↑ «President Obama Names Presidential Medal of Freedom Recipients». whitehouse.gov (Press release). Washington, D.C. 17. november 2010. Arkivert frå originalen 26. januar 2017 – via National Archives.
- ↑ «The 100 Most Influential People of 2020». Time. Henta 23. september 2020.