The Sensational Alex Harvey Band
The Sensational Alex Harvey Band var ei skotsk rockegruppe som blei oppretta i Glasgow i 1972.[1] Alex Harvey var frontmann, med Zal Cleminson på gitar, Chris Glen på bass, Hugh McKenna på keyboard og Ted McKenna på trommer, var musikken deira ein blanding av glam rock, blues rock og hard rock,[2] med kabaretelement.[3] Konsertane deira hadde teatralske element. Bandet var populært i Kontinental-Europa, og hadde innverknad i Australia, særleg på AC/DC (spesielt songaren Bon Scott) og på den unge Nick Cave og det fyrste bandet hans The Boys Next Door.
The Sensational Alex Harvey Band | |||
Aktiv | 1972– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | rock | ||
Plateselskap | Vertigo Records |
Historie
endreAlex Harvey skipa The Sensational Alex Harvey Band (ofte forkorta til SAHB, og uttala «sab») august 1972, med Zal Cleminson (gitar), Chris Glen (bass), og syskenbarna Hugh (keyboard) og Ted McKenna (trommer), alle medlemmar av det progressive rockebandet Tear Gas.[4]
The Sensational Alex Harvey Band hadde topphittar i Storbritannia med singelen Delilah, ein coverversjon av Tom Jones-hitten frå albumet deira Live som nådde sjuandeplassen i 1975, og med «The Boston Tea Party» i juni 1976.[4] «Anthem» var ein topp 30-hitt i Australia i 1975.[5]
Harvey forlét gruppa seint i 1975; dei andre medlemmene heldt fram med namnet «SAHB (without Alex)». Dei spelte inn eit nytt album, Fourplay, i februar 1977.[4] Albumet gjekk mot ein solid pop-rock-lyd med noko småpreg frå prog. Harvey blei med i gruppa att i midten av 1977, medan Hugh McKenna forlét henne. I 1978 spelte Sensational Alex Harvey Band inn albumet Rock Drill, med Tommy Eyre som erstattar for Hugh McKenna, og blei oppløyst kort tid etter.[4] Harvey døydde av hjartesvikt den 4. februar 1982 i Belgia.[4]
Studioalbum
endreYear | Title | UK [6] |
AUS [7] |
SWE [8] |
---|---|---|---|---|
1972 | Framed | — | — | — |
1973 | Next... | 37 | — | — |
1974 | The Impossible Dream | 16 | 78 | — |
1975 | Tomorrow Belongs to Me | 9 | — | — |
1976 | The Penthouse Tapes | 14 | — | 35 |
1976 | SAHB Stories | 11 | 98 | 33 |
1977 | Fourplay (without Alex Harvey) | — | — | — |
1978 | Rock Drill | — | — | — |
Konsertalbum
endre- Live (1975) - #14 UK,[9] #100 USA[10]
- Alex Harvey Presents: The Loch Ness Monster (1977)
- BBC Radio 1 Live in Concert (1991)
- Live on the Test (1995)
- The Gospel According to Alex Harvey (1998)
- British Tour '76 (2004)
- US Tour '74 (2006)
- Live at the BBC (Spectrum/Universal 2009)
Reunion-album
endre- Live in Glasgow 1993 (1994) (med Stevie Doherty på vokal)
- Zalvation a.k.a. Zalvation: Live in the 21st Century (2006) (med «Mad» Max Maxwell på vokal)
Samlalbum/andre utgjevingar
endre- Hot City (early version of The Impossible Dream, remastered and released in 2009)[11]
- Vambo Rools: 'Big Hits and Close Shaves' (Vertigo 1977)
- The Sensational Alex Harvey Band Collection (Castle Communications 1986)
- All Sensations (Vertigo 1992)
- Faith Healer – An Introduction to (Mercury Records 2001)
- ...Delilah (Spectrum 1998)
- Considering the Situation (Universal 2003)
- The Best of the Sensational Alex Harvey - #148 UK [12]
- Last of the Teenage Idols (2016) – a 14-CD/217-track box set including 21 previously unreleased songs, 59 songs on CD for the first time and a number of rare recordings plus a hardback book of photographs.
- Shout: The Essential Alex Harvey (Spectrum Audio 2018)
Singlar
endreYear | Title | UK [13] |
AU [7] |
BE [14] |
---|---|---|---|---|
1972 | There's No Lights on the Christmas Tree... | - | - | - |
1973 | Jungle Jenny | - | - | - |
1973 | Next... | - | - | - |
1974 | Anthem | - | 47 | - |
1974 | Sergeant Fury | - | - | |
1975 | Delilah | 7 | - | 49 |
1975 | Gamblin' Bar Room Blues | 38 | - | - |
1976 | The Boston Tea Party | 13 | - | - |
1976 | Amos Moses | - | - | - |
1977 | Mrs. Blackhouse | - | - | - |
Kjelder
endre- ↑ «The Sensational Alex Harvey Band – Biography & History». Henta 28 August 2018.
- ↑ Donald A. Guarisco. «Next Review». AllMusic.
- ↑ AllMusic. «The Sensational Alex Harvey Band Biography». AllMusic.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 1070. ISBN 1-85227-745-9.
- ↑ Jim Barnes and Stephen Scanes, The Book: Top 40 Research – 5th Edition, Barscan, Berowra, 2000, p. 318
- ↑ «SENSATIONAL ALEX HARVEY BAND | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 9 October 2020.
- ↑ 7,0 7,1 «Australian Chart Books». Henta 9 October 2020.
- ↑ «Alex Harvey – Framed». Henta 9 October 2020.
- ↑ «SENSATIONAL ALEX HARVEY BAND | full Official Chart History». Official Charts Company.
- ↑ Atlantic Album Discography, Part 7: SD-18100 Series (1974–1977). Both Sides Now Publications.
- ↑ «Hot City: The 1974 Unreleased Album – Alex Harvey». Henta 13 June 2012.
- ↑ «CHART LOG UK: NEW ENTRIES UPDATE : Chart Date: 6 August 2011». Zobbel. Henta 6 August 2014.
- ↑ «The Sensational Alex Harvey Band Songs ••• Top Songs / Chart Singles Discography ••• Music VF, US & UK hits charts». Henta 9 October 2020.
- ↑ «charts.org.nz – The Sensational Alex Harvey Band – Delilah». Henta 9 October 2020.
- Denne artikkelen bygger på «The Sensational Alex Harvey Band» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2023.