Opna hovudmenyen

Tommy Eyre (5. juli 194923. mai 2001) var ein klaverspelar frå Sheffield i England, som spelte på plater med Joe Cocker, John Martyn, Alex Harvey, Greg Lake, Michael Schenker, Gary Moore, B.B. King, John Mayall, Tracy Chapman og Wham!. Han er kanskje mest kjend for å ha spelt på Joe Cocker-hitten «With A Little Help From My Friends», der han arrangerte orgelintroduksjonen, og på Gerry Rafferty sin «Baker Street».

Tommy Eyre
Fødd5. juli 1949
Død23. mai 2001
OpphavStorbritannia
Instrumenttangentinstrument
Verka sommusikar

KarriereEndra

Eyre byrja å spele piano då han var fire år gammal og gitar i tenåra[1]. I 1968 vart han med i Joe Cocker sitt Grease Band der han spelte orgel på With A Little Help From My Friends.[2] Same året flytta Eyre til London for å arbeide med The Aynsley Dunbar Retaliation og seinare spelte han med rockebandet Blue Whale.[3] Etter ein kort periode i bandet Juicy Lucy, vat Eyre med duoen Mark-Almond og spelte på to av albuma deira. Etter det, i 1972, fortsette Eyre og bassisten Roger Sutton sitt eige prosjekt, Strabismus, som dei hadde starta i 1969, og som no vart kalla Riff Raff.[4] Med Riff Raff spelte Eyre inn tre album, men det eine vart ikkje gjeve ut før i 2001.

I lag med songaren Alan Marshall frå Riff Raff, vart Eyre med i bandet ZZebra i 1974 på debutalbumet deira, og erstatta klaverspelaren og songaren Gus Yeadon.[5] Med Zzebra spelte han eit album til i 1975. I august 1977 vart Eyre medlem av Sensational Alex Harvey Band, som han var med fram til 1979.[6] Eyre spelte så inn eit album med John Martyn og var med på turné med han i 1980.[7] I juni 1981 spelte han med Greg Lake på soloprosjektet hans, og i 1982 vart han medlem av bandet til Gary Moore.

Wham!Endra

Eit av dei mest langvarige prosjekta til Eyre var i lag med duoen Wham!, som han vart musikalsk leiar for.[8] Med Wham! spelte han på dei suksessrike albuma Make it Big i 1984 med singlane «Wake Me Up Before You Go-Go», «Freedom», «Everything She Wants» og Michael si soloplate Careless Whisper. Ein massiv verdsturné følgde i 1985, mellom anna i Kina, der dei vart det første vestlege popgruppa som vitja landet.

StudioarbeidEndra

Eyre har vore studiomusikar for mange artistar, men starta for fullt med dette seint i 1980-åra. Han har mellom anna spelt for Ian Gillan, BBM, og fleire innspelingar med Gary Moore frå 1982 til ut i 1990-åra. Han spelte òg med Gerry Rafferty i 1978 på albumet City to City, inkludert den store hitten «Baker Street» der Eyre spelar synthesizer og klaverinstrument.

I 1990-åra spelte Eyre inn fleire album i lag med kona, den amerikanske fiolinsten Scarlet Rivera.

Den yngre broren, Simon Eyre er ein gitarist som har spelt med artistar som Paul Weller, the Lighthouse Family, Robert Palmer, Sister Sledge og Randy Crawford.

DiskografiEndra

Album med Scarlet RiveraEndra

  • Scarlet Rivera – Magical Christmas (1997)
  • Scarlet Rivera – Behind the crimson veil (1998)
  • Scarlet Rivera – Celtic Myst (1998)
  • Scarlet Rivera – Celtic Dreams (1998)
  • Scarlet Rivera – Celtic Spirit (1997)
  • Scarlet Rivera – Voice of the Animals (2001)
  • Scarlet Rivera – Contemporary piano & cello Christmas classics (1999)
  • Scarlet Rivera – Baroque at Christmas (2001)

SoloalbumEndra

  • Tommy Eyre – Moonlight piano, vol. 1 (1998)
  • Tommy Eyre – Moonlight piano, vol. 2 (1998)
  • Tommy Eyre – Moonlight piano, vol. 3 (1998)
  • Tommy Eyre – Ivory Christmas – piano classics (1995)
  • Tommy Eyre – A highland Christmas (1997)
  • Tommy Eyre – Have yourself a jazzy little Christmas (1999)
  • Tommy Eyre – «Celestial Harp: Christmas Themes» (1997)

KjelderEndra

  1. Eyre, Simon. «Simon Eyre Website: Tommy». simoneyre.com. Henta 10. september 2014. 
  2. «Tommy Eyre Obituary». The Independent. 13 June 2001. Henta 10. september 2014. 
  3. «A Phil Brodie Band Tribute Page: Tommy Eyre». philbrodieband.com. Henta 10. september 2014. 
  4. «Riff Raff». alexgitlin.com. Henta 10. september 2014. 
  5. «ZZebra». alexgitlin.com. Henta 10. september 2014. 
  6. «Sensational Alex Harvey Band». musicmight.com. Henta 10. september 2014. 
  7. «John Martyn.com». johnmartyn.com. Henta 10. september 2014. 
  8. Site dedicated to Tommy Eyre by his brother Simon Eyre

BakgrunnsstoffEndra