Simpsons

(Omdirigert frå The Simpsons)

Simpsons (Originaltittel The Simpsons) er ein amerikansk animert komedie laga av Matt Groening. Serien blei først send i 1987 som ein del av Tracey Ullman Show, men blei ein eigen serie i 1989. Den 27. juli 2007 blei figurane sett i ein heilaftans film kalla The Simpsons Movie. Simpsons har vorte svært populær, og er den lengst sende animerte TV-serien i verdshistoria.

The Simpsons

Typeanimert TV-serie
Sjangeranimasjon for voksne, situasjonskomedie, animert situasjonskomedie, satire, svart humor, komiserie
OpphavslandUSA
Sesongar35
Episodar768
Lengd22 minutt
Språkengelsk
SkaparMatt Groening
ProdusentAl Jean, Ian Maxtone-Graham, John Frink, James L. Brooks, Matt Groening, Matt Selman, Sam Simon, Mike Reiss, David Mirkin, Mike Scully
Basert påTracey Ullman-kortfilmene
MusikkThe Simpsons Theme
RøysterDan Castellaneta, Julie Kavner, Nancy Cartwright, Yeardley Smith, Hank Azaria, Harry Shearer, Tress MacNeille, Marcia Wallace, Russi Taylor, Pamela Hayden, Maggie Roswell, Phil Hartman, Jackie Mason, Chris Edgerly, Karl Wiedergott
KanalFox Broadcasting Company

Serien handlar om familien Simpson som bur i den amerikanske byen Springfield. Serien spøker stadig med at den ikkje avslører kvar i USA byen ligg, sjølv om det ofte blir hinta om det. Springfield i Vermont, vann konkurransen med tretten andre byar med namnet Springfield om å få ha premiera av The Simpsons Movie.

Groening har inngått ein kontrakt med FOX om å lage serien fram til 2008. FOX er eit selskap som er eigd av mediebaronen Rupert Murdoch.

I Noreg går serien på Viasat 4.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Simpsons