The Sims 3: De fire årstider
The Sims 3: De fire årstider er den åttande utvidingspakken til The Sims 3 på OS X og PC.[1] Spelet kom ut den 13. november 2012 i Nord-Amerika og 16. november i Europa.
The Sims | |||
Utviklar(ar) | Maxis | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Electronic Arts | ||
Distributør | Steam | ||
Serie | The Sims | ||
Spelmotor | RenderWare | ||
Siste versjon | 16.0 | ||
Plattform(er) | OS X, Microsoft Windows | ||
Utgjeving | November 2012 | ||
Sjanger | Livssimulering | ||
Spelemodus | Enkeltspelar | ||
Aldersgrense | 12+ | ||
Versjon | 16.0 | ||
Nettstad | http://thesims.com/seasons | ||
Del av serien The Sims-serien⠀ | |||
←The Sims 3: Showtime, The Sims 3: Supernatural · The Sims 3: University Life→ |
Gameplay
endreSpelarar kan samhandle med vêret. Det er ulike festivalar i løpet av kvar årstid, med arrangement som simar kan ta del i. Simar kan få ansikta sine måla og konkurrere i pølseeting-konkurransar om sommaren, skjere eit graskar og dykke etter eple i løpet av hausten og har snøballkrig eller drive med snowboard og skøyter om vinteren. Simane kan også bade i havet og spele fotball heile året. Det er kome nye karaktertrekk hjå simane, «elskar kulde» og «elskar varme».
Det finst fem typar vêr: regn/lyn, sol, hagl, snø og tåke. Det er varierande grad av regn, inkludert lett regn, regelmessig regn og torevêr. Simmne kan sprute og hoppe i sølepyttar for gje eit løft til moro-behovet sitt, og dette kan bidra til å sløkke brannar eller å vatne plantar.
Utgåver
endreSpelet kom i to utgåver, den vanlege utgåva og den avgrensa utgåva. Den avgrensa utgåva inneheld eksklusive element som iskrem-møblar.[2]
Referansar
endre- ↑ «Electronic Arts Inc. : EA Announces The Sims 3 Seasons». 4-Traders. 2. august 2012. Henta 3. august 2012.
- ↑ «The Sims 3 Seasons». Electronic Arts, Inc. 2. august 2012. Arkivert frå originalen 4. februar 2013. Henta 3. august 2012.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Sims 3: Seasons» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2013.