The Sims 3

dataspel frå 2009

The Sims 3 er eit livsimuleringsspel i The Sims-serien, opphavleg skapt av Maxis. Det vart gjeve ut på DVD for Microsoft Windows og på CD for Macintosh. Spelet blei lansert i Nord-Amerika den 2. juni 2009, i Australia 4. juni og i Europa 5. juni same året.

The Sims 3
Utviklar(ar)EA Play
Utgjevar(ar)Electronic Arts
Komponist(ar)Steve Jablonsky
SerieThe Sims
Plattform(er)macOS, Microsoft Windows, Nintendo DS, Nintendo 3DS, PlayStation 3, Xbox 360, Wii, Android, iOS, Windows Phone
UtgjevingNA: 2. juni 2009
AUS: 4. juni 2009
EU: 5. juni 2009
SjangerLivssimulering
SpelemodusEinspelar
MotorRenderware
MediumDVD, digital nedlasting
Stødde einingartastatur, datamus
AldersgrensePEGI: 12+
ESRB: T
OFLC: T

I april/mai 2008 presenterte bladet Games for Windows: The Official Magazine ein tolv siders presentasjon av spelet. I presentasjonen kom det fram at den største forandringa frå dei tidlegare utgåvene var at simmane no kunne utforske grannelaga sine fritt, utan at spelet måtte laste inn viss ein skulle dra frå ei tomt til ei anna. På denne måten blei fokuset flytta meir bort frå heimane til simmane, sidan spelaren kunne følgje dei også utanfor heimen i mykje større grad enn før.

Spelaren fekk òg meir fridom i den nye simskaparen, og kunne no regulere utsjånaden og personlegdommen til simmane med mykje større detaljrikdom enn tidlegare. Det vart òg vere enklare for spelaren å forandre på og tilpasse objekta i spelet i The Sims 3 enn i The Sims og The Sims 2.

Spelet finst til konsoll for PlayStation 3, Xbox 360, iOS, Android og Nintendo DS som blei gjevne ut 26.oktober 2010. Seinare i 15.november 2010 blei det gitt ut til Wii.

SpeletEndra

Lag ein simmEndra

I Lag ein simm (engelsk Create a sim) designar ein opptil 8 simmar på PC eller opptil 6 simmar på konsoll. Lag ein simm i Sims 3 er mykje meir avansert enn Lag ein simm i Sims 2. Det finst 22 damefrisyrar og 17 herrefrisyrar der ein kan velje nøyaktig hårfarge. Det er også mykje tilbehøyr både til klede og frisyren. Hudfarge er meir komplisert enn i Sims 2 og ein kan også ha raud, grøn eller blå hudfarge. Det går an å velje kor brei og høg simmen skal vere og kor sterk han skal vere.

Ein kan velje auge, nase og munn eller bruk den avanserte funksjonen der ein stiller inn ansiktsutrykkea ganske nøyaktig.

Det finst traits, dvs. karaktertrekk som vil påverke korleis simmen reagerer i ulike situasjonar i spelet. Slike trekk kan til dømes vere «vennleg», «vond», «geni», «kunstnarisk», «atletisk», «klumsete» og «feig». Det kan også gje nokre ekstra moglegheiter i spelet, som «familievennleg»-trekket, som vil gjere simmen til ein betre forelder.

Når ein har vald trekk til sim(ane), får dei forslag til eit livsønske (eng. lifetime wish). Det er eit mål simmen skal jobbe med i løpet av livet.

Ein kan lage simmar som er smårollingar (engelsk toddler), born (engelsk child), tenåring (engelsk teen), ung vaksen (engelsk young adult), vaksen (engelsk adult) eller gammal (engelsk elder). Simmane kan også vere babyar, men dei kan ikkje bli laga i Create a sim, berre når simmane får born.

Ein vel fornamn og etternamn til simmen, i tillegg til favorittfarge og -mat. Simmar som har same favorittar vil komme betre overeins med kvarandre. Spelaren kan også skrive ein biografi til simmen.

Etter at spelaren har laga familien kan ein stille inn forholda simmane har til kvarandre; hus/romkameratar, søsken eller gifte. Etter dette kan ein flytte simmane inn i eit hus og byrje å spele.

FerdigheiterEndra

Ein sim kan lære seg forskjellige ferdigheiter som kan vere til nytte for dei t.d. i jobben sin. Ferdigheitene simmane kan lære seg i The Sims 3 er fisking, matlaging, skriving, måling, idrett, hagearbeid, gitar, nevenyttigheit og logikk. Det er fleire ferdigheiter i nokre av tilleggspakkane for PC. I tilleggspakken Reisefeber er også fotografi, nektarproduksjon og kampkunst tilgjengelege. I Drømmejobben kan ein lære oppfinning og biletehoggarkunst, medan miksologi, piano, bass og trommer er tilgjengelege i Helaften-tilleggspakken.

KarrierarEndra

Jobbane ein sim kan ha i spelet er forsking, idrett, kriminalitet, lov og orden, medisin, militæret, musikkbransjen, næringsliv, politikk. stylist, brannvern, interiørdesign, detektiv, spøkelsesjeger, skodespelar, regissør og barnehageyrket er berre tilgjengelege i tilleggspakkar.

Akkurat som i The Sims 2 kan også tenåringane få seg ein jobb. Desse jobbane er såkalla deltidsjobbar. Ein kan vere tilsett på ein bokhandel, vere medarbeidar på daglegvarebutikk, mausoleumsvakt og arbeid på spa.

Utgåver og tilleggspakkarEndra

TilleggspakkarEndra

Det er gitt ut fleire tilleggspakkar til The Sims 3. Den fyrste tilleggspakken var The Sims 3: World Adventures.

  • World Adventures (november 2009)
  • Ambitions (juni 2010)
  • Late Night (oktober 2010)
  • Generations (mai 2011)
  • Pets (oktober 2011)
  • Showtime (mars 2012)
  • Supernatural (september 2012)
  • Seasons (november 2012)
  • University Life (mars 2013)
  • Island Paradise (juni 2013)
  • Into the Future (oktober 2013)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.