The Sims 4
The Sims 4 er eit livssimuleringspel og den fjerde tittelen i The Sims-serien. Electronic Arts annonserte spelet den 6. mai 2013 og det vart gjeve ut i Noreg for Microsoft Windows i september 2014, og for macOS i februar 2015.[2] Konsollutgåver vart lansert for PlayStation 4 og Xbox One i november 2017.
The Sims 4 | |||
| |||
Utviklar(ar) | Maxis | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Electronic Arts | ||
Distributør | PlayStation Store, Humble Store, Steam, Microsoft Store, Epic Games Store | ||
Komponist(ar) | Ilan Eshkeri | ||
Serie | The Sims | ||
Spelmotor | proprietær spillmotor | ||
Siste versjon | 1.102.190.1030 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, macOS, PlayStation 4, Xbox One | ||
Utgjeving | 2014[1] | ||
Sjanger | Livssimulering | ||
Spelemodus | Enkeltspelar | ||
Aldersgrense | Teen/PEGI 12 | ||
Nettstad | https://www.ea.com/games/the-sims/the-sims-4 | ||
Del av serien The Sims-serien⠀ | |||
←The Sims 3⠀ · |
Sidan lanseringa har Electronic Arts gjeve ut åtte utvidingspakkar til spelet, tillegg til fleire «spelpakkar», «stæsjpakkar», og gratis oppdateringar som har lagt til nye funksjonar og spelområde.
Oppsett
endreThe Sims 4 lar spelaren lage ein «sim» – ein figur som spelaren styrer gjennom ulike livsfasar. Spelaren sine val påverkar simmen sin personlege utvikling og gjer det muleg å styre historia i ulike retningar.
Utvikling
endreElectronic Arts sende ut ein e-post til fleire fansider den 3. mai 2013 der dei sa at det ville bli ei kunngjering om eit nytt spel den 6. mai 2013, som mange spekulerte ville bli The Sims 4.
Spelet blir utvikla av The Sims Studio og Maxis, i motsetning til The Sims 3, som blei utvikla berre av The Sims Studio, sjølv om mange Maxis-tilsette jobba på spelet.
Spelmekanikkane i The Sims 4 var avduka i ein video på Gamescom 2013 saman med andre EA-titlar. Videoen fokuserte mellom anna på korleis «Lag ein sim»-funksjonen var blitt forbetra.
Simmar vil òg være i stand til å gjere fleire oppgåver samtidig, slik som å snakke og gå på same tid.
Utgåver og utvidingspakkar
endreNamn | Utgjevingsdato | Inneheld |
---|---|---|
The Sims 4 | 2014 | Kjernespel på DVD |
The Sims 4 Limited Edition | Kjernespel på DVD, Life of the Party Digital Content | |
The Sims 4 Digital Deluxe | Kjernespel på DVD, Life of the Party Digital Content, Up All Night Digital Content, Digital Soundtrack, Origin Exclusive Content | |
På jobben | 2015 | |
Gøy med gjengen | 2015 | |
Livet i byen | 2016 | |
Katte og hunder | 2017 | |
De fire årstider | 2018 | |
Kjendisfaktor | 2018 | |
Livet i tropene | 2019 | |
Studentliv | 2019 |
Referansar
endre- ↑ «Maxis Unveils The Sims 4» (på engelsk). Electronic Arts, Inc. 6. mai 2013. Henta 25. mai 2013.
- ↑ E3 2014: The Sims 4 Release Date Announced - IGN (på engelsk), henta 7. april 2020