macOS

operativsystem

macOS (tidlegare OS X og Mac OS X) er eit operativsystem til bruk på Apple sine Macintosh-maskinar. macOS er eit Unix-liknande operativsystem tufta på Darwin og open kjeldekode som FreeBSD og GCC. OS nyttar mikrokjernen Mach, programmeringsgrensesnittet POSIX og vindussystemrt X11.

MacOS


Utviklar(ar)Apple Inc.
Utgjeve24. mars 2001
Nyaste versjon14.2.1 (19. desember 2023)[1]
Plattformx86_64, ARMv8-A
Skrevet iC++, Objective-C, Swift, C
Bygger påDarwin, FreeBSD
SkrivebordsmiljøAqua, Cocoa
Avleidde systemiOS
Lisensproprietær lisens, Apple Public Source License
Nettstadhttps://www.apple.com/macos/
Arkitekturen til OS X.

X'en i OS X vert uttala som ti (10, romertal) i staden for "eks". Den rette måten å uttala namnet på versjon 10.4 blir til dømes "O-ess ti tiger versjon ti-punkt-fire."

Programvare som er inkludert saman med operativsystemet endre

  • Adressebok - eit program for lagring av kontaktinformasjon
  • DVD-spelar - avspelingsprogram for DVD-filmar
  • iCal - kalenderprogram
  • iChatAV - Apple sin IM-klient med støtte for AIM-nettverket
  • iMovie - eit brukarvennleg videoredigeringsprogram
  • iPhoto - digitalt biletarkiv med enkle redigeringshøve. m.a. fjerning av "raude auge"
  • iSync - synkroniseringsteneste mellom handhaldne apparat (mobiltelefon, iPod, personleg assistent) og Mac, eller Internett og Mac
  • iTunes - digitalt musikkarkiv med støtte for online-kjøp av musikk (førebels ikkje støtta i Noreg, men rykta vil ha det til at denne tenesta er i kjømda)
  • Mail - e-postprogram med støtte for mellom anna S/MIME og filtrering av uønskt e-post
  • Preview - eit program for rask vising av ulike filformat. M.a. PDF, jpeg og tiff
  • QuickTime - eit system for vising (og redigering) av ulike video- og biletformat.
  • Safari - Apple sin eigen nettlesar, basert på KDE sin nettlesar Konqueror

Versjonar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre