The Torture Never Stops
The Torture Never Stops Song av Frank Zappa frå albumet Zoot Allures | ||
Utgjeve | 1976 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 9:45 | |
Komponist | Frank Zappa | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa |
---|
«The Torture Never Stops» er ein song av Frank Zappa frå 1976 på albumet Zoot Allures. Andre versjonar av songen finst på Zappa in New York, Thing-Fish, You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1, You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4, The Best Band You Never Heard In Your Life, Cheap Thrills, Buffalo, Philly '76 og Hammersmith Odeon. Songen handlar om ein vond prins. På albumet Thing-Fish heiter songen «The Torchum' Never Stops», og hovudpersonen på det albumet er The Evil Prince, som ein referanse til denne songen. «The Torture Never Stops» vart spelt på konsertane til Zappa frå 1975 til 1978 og i 1988.[1][2]
Songen
endreSongen debuterte i 1975 med tittelen «Why Doesn't Somebody Get Him a Pepsi?» der nesten ingen av instrumentpartia likna albumversjonen. Songen er sagt å vere ein av dei mørkare songane til Zappa og passar generelt inn i atmosfæren på «Zoot Allures». «The Torture Never Stops» er den mørkaste på albumet med tekstlinjer som «Flies all green and buzzin' in dungeon of despair. Who are'll those people that is shut away down there? Are they crazy? Are they sainted? Are they heroes someone painted?» i lag med kvinnelege stønn i bakgrunnen. Kritikarar hevda at under songen så verkar Zappa roleg, men likevel passiv-aggressiv.[1][3][4] Songen har blitt omtalt som ein referanse til det vonde som skjedde i konsentrasjonsleirane under andre verdskrigen, og kritikarar har sagt at om så er, så er referansen til «eating a steaming pig» smaklaust av Zappa.
Rat Tomago Song av Frank Zappa frå albumet Sheik Yerbouti | ||
Utgjeve | 1979 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | Rock, Instrumental rock | |
Lengd | 5:17 | |
Komponist | Frank Zappa | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa |
---|
Rat Tomago
endreEin live solo frå songen, «Rat Tomago», vart gjeven ut i 1979 på albumet Sheik Yerbouti. Som «The Torture Never Stops» inneheld han den same grunnleggande strukturen, basslinja og den kvinnelege stønninga. «Rat Tomago» vart nominert til Grammy-prisen for beste rockeinstrumental i 1979. [5]
Musikarar
endreStudioversjon
endre- Frank Zappa - gitar, bass, klaverinstrument, solovokal
- Terry Bozzio - trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Torture Never Stops» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 The Torture Never Stops - Frank Zappa : Listen, Appearances, Song Review : AllMusic
- ↑ Frank Zappa Biography (1940-1993)
- ↑ Frank Zappa - The Torture Never Stops Lyrics, arkivert frå originalen 5. mars 2014, henta 11. juni 2014
- ↑ The Words and Music of Frank Zappa - Kelly Fisher Lowe - Google Books
- ↑ Rat Tomago - Frank Zappa : Listen, Appearances, Song Review : AllMusic