The Trashmen
The Trashmen var eit rockeband som vart skipa i Minneapolis i Minnesota i 1962.[1] Den originale besetninga i gruppa bestod av Tony Andreason på sologitar og vokal, Dal Winslow på gitar og vokal, Steve Wahrer på trommer og vokal, og Bob Reed på bassgitar. Gruppa spelte surferock med element av garasjerock. I lag med det Colorado-baserte bandet The Astronauts vart dei kalla, «den beste surfegruppa i det kystfrie Midtvesten i 60-åra.»[2]
The Trashmen | |||
| |||
Opphav | Minneapolis, Minnesota, US | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1962–1967, 1982–2016 | ||
Sjanger | Surferock, garasjerock, rock and roll, protopunk | ||
Medlemmer |
| ||
Tidlegare medlemmer |
|
«Surfin' Bird»
endreDen største hitten til The Trashmen var «Surfin' Bird» i 1963,[1] som nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 utpå året. Songen var ein kombinasjon av dei to R&B-hittane til The Rivingtons, «The Bird's the Word» og «Papa-Oom-Mow-Mow».[3] Tidlege trykk av singelen hadde The Trashmen oppført som låtskrivarar, men etter trugsel om søksmål frå The Rivingtons, vart dette retta opp.[4] Den tidlege singelen var berre tilskriven trommeslagaren (og songaren) Steve Wahrer. Songen vart seinare spelt inn av artistar som Ramones, The Cramps, Silverchair, The Psychotic Petunias, Pee-Wee Herman, Equipe 84 og thrashmetalbandet Sodom. Songen er nytta i filmar og fjernsynsseriar, mellom anna i Stanley Kubrick-filmen Full Metal Jacket, Vince Vaughn sin «Fred Claus», John Waters-filmen Pink Flamingos, Lyndall Hobbs-filmen Back to the Beach (der Pee-Wee Herman song han), i musikken til videospelet Battlefield Vietnam og David Frankel sin «The Big Year» som ringetoneen på mobiltelefonen til Brad Harris (karakteren som Jack Black spelte).
«Surfin' Bird» var tema i episoden «I Dream of Jesus» i den animerte TV-serien Family Guy, og sendte songen til åttandeplassen på iTunes Top 10 Rock songs-lita og 50. plassen på UK Singles Chart i 2009. I 2010 vart det lansert ein Facebook-kampanje for å få songen til topps på singelista til jul. Som med Rage Against the Machine sin «Killing in the Name» i 2009, var det ein protest mot at førsteplassen skule gå til vinnaren av The X Factor. Songen klarte å nå 3. plassen.
Seinare historie
endreThe Trashmen fekk fleire hitsinglar. I 1964 nådde «Bird Dance Beat» 30. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[5] og nådde topp 10 i Canada. Fem andre Trashmen-singlar gjekk òg inn på singellista. Gruppa gav ut i alt fjorten singlar. Ein CD-boks på fire plater med alle innspelingane deira vart gjeven ut på Sundazed Records.[6]
Gruppa vart oppløyst i 1967, men kom saman att i 1980-åra, og spelte i lag fram til Steve Wahrer døydde av kreft i 1989.[7] Bror til Tony Andreason, Mark, erstatta Wahrer som trommelagar. Sonen til Reed, Robin, vart med som turnémedlem i 2009 på trommer og spelte for Mark Andreason.
Bandet spelte inn fire songar i Custom Recording Studios i Golden Valley i Minnesota med den langvarige tilhengjaren og gitaristen Deke Dickerson, for selskapet Major Label og gav dei ut på ein 7" EP, I'm a Trashman. Eit heilt album kom ut i april 2014, Bringing Back the Trash. Bandet trekte seg attende i 2016.
Diskografi
endreAlbum
endreÅr | Album | Selskap | Nyutgjeving | US 200 |
---|---|---|---|---|
1963 | Surfin' Bird | Garrett | Sundazed (1995) | 48[8] |
Singlar
endreÅr | Singel | B-side | Plassering | Album | |
---|---|---|---|---|---|
US | UK | ||||
1963 | «Surfin' Bird» | «King of the Surf» | 4 | 3 | Surfin' Bird |
1964 | «Bird Dance Beat» | «A-Bone» | 30 | — | «Bird Dance Beat» |
1964 | «Bad News» | «On the Move» | 124 | — | «Bird Dance Beat» |
1964 | «Peppermint Man» | «New Generation» | — | — | «Bird Dance Beat» |
1964 | «Whoa Dad» | «Walking My Baby» | — | — | «Bird Dance Beat» |
1964 | «Dancing With Santa» | «Real Live Doll» | — | — | «Bird Dance Beat» |
1965 | «Hanging on Me» | «Same Lines» | — | — | «Bird Dance Beat» |
1965 | «Bird '65» | «Ubangi Stomp» | — | — | «Bird Dance Beat» |
1965 | «Keep Your Hands Off My Baby» | «Lost Angel» | — | — | |
1967 | «Green, Green Backs Back Home» | «Address Enclosed» | — | — | |
2013 | «I'm A Trashman» | «Torture»/«Bop A Lena»/«Brewski» | — | — | I'm A Trashman 45 EP |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Trashmen» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 33. ISBN 1-904041-96-5.
- ↑ Unterberger, Richie. «The Astronauts Biography». AllMusic. All Media Network. Henta 2. mai 2018.
- ↑ Scholtes, Peter S. (14. oktober 1998). «Birdland Revisited». City Pages. Arkivert frå originalen den 21. mai 2001.
- ↑ The Trashmen – Surfin' Bird på Discogs
- ↑ Koda, Cub. «The Trashmen Biography». AllMusic. All Media Network. Henta 2. mai 2018.
- ↑ «The Trashmen – Bird Call». Sundazed Records. Henta 2. mai 2018.
- ↑ Simmonds, Jeremy (2008). The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches. Chicago Review Press. s. 252. ISBN 978-1556527548. «Steve Wahrer (born 22. november 1941 in Minnesota – 21. januar 1989)»
- ↑ Hot 200 chart position. Henta Jan 21, 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- The Trashmen i History of Rock
- The Trashmen-diskografi på Discogs
- The Trashmen ved The Internet Movie Database (IMDb)