iTunes er eit digitalt musikkarkiv- og avspelingsprogram for Mac og Microsoft Windows frå Apple. iTunes støttar synkronisering med den populære musikkspelaren iPod.

iTunes

UtviklarApple Inc.
UtgjevarMicrosoft Store
Utgjeve9. januar 2001
Nyaste versjon12.12.8.2 (30. mars 2023)
OperativsystemmacOS, Microsoft Windows
Skrevet iC++
SjangerMediaspelar
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://www.apple.com/itunes/

iTunes lèt brukaren organisere all sin digitale musikk på ein stad, med moglegheit for å opprette spelelister for ulike anledningar. Det er òg mogleg å brenne CD-ar direkte frå iTunes, enten frå spelelister eller ved å markere enkeltsongar.

iTunes støttar lydkomprimeringsmetodane AAC, AIFF, Apple Lossless, MP3 og WAV.

I enkelte land (Noreg, Sverige, Danmark, USA, Storbritannia, Frankrike, Austerrike, Belgia, Finland, Hellas, Italia, Luxembourg, Nederland, Portugal, Spania, Sveits og Tyskland) kan iTunes-brukarar kjøpe musikk over internett frå Apple igjennom iTunes Music Store.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre