The Unrelated Segments

The Unrelated Segments var eit amerikansk garasjerockband frå Taylor i Michigan, aktive mellom 1966 og 1969. Gruppa var eit populært band i Michigan, og vart kjend i regionen for songen «Story of My Life».[1]

The Unrelated Segments
OpphavTaylor i Michigan i USA
Aktiv1966-1969
Sjanger
PlateselskapSVR
Tidlegare medlemmer
    • Ron Stults
    • Rory Mack
    • John Torok
    • Barry Van Engelen
    • Andy Angellotti
    • Daryl Gore

Historie endre

Kjerna i Unrelated Segments vart leia av vokalisten Ron Stults, og sologitaristen Rory Mack. Dei hadde spelt i lag i eit kortvarig band kalla The Village Beaus. Stults og Mack byta mellom grupper då ein annan musikar, rytmegitaristen John Torok, inviterte dei to og bassisten Barry Van Engelen og trommeslagaren Andy Angellotti, til å spele i lag. Gruppa eksperimenterte med akkordmønster og gitarriff, medan dei spelte populære songar. På den andre øvinga deira i lag, skreiv Stults og Mack den mest suksessrike songen til bandet, «Story of My Life». To veker etter øvinga var bandet offisielt danna og byrja å spele lokalt.[2]

Den 26. november 1966 gjekk dei inn i United Sound studio for å spele inn debutsingelen sin med «It's Unfair» på B-sida. Innspelinga vart fullført på tre og ein halv time. I februar 1967 vart «Story of My Life» gjeven ut på singel for HBR og vart ein massiv hit i Detroit-området. Dei vart òg mykje spelt andre lokale område i Midtvesten. Den avgrensa marknadsføringa og distribusjonen til selskapet deira gjorde at singelen aldri slo gjennom nasjonalt.[3] Sommaren same året gjekk The Unrelated Segments i studio att for å spele inn singelen «Where You Gonna Go?», ein annan lokal hit. Dette gjorde at dei fekk vere oppvarmingsband for artistar som Spirit, Spencer Davis Group og Jeff Beck Group, The Who og MC5.[1]

«Cry, Cry, Cry» kom ut sommaren 1968, men vart ikkje like populær som forgjengarane. Angellotti fekk kort tid etter sparken frå bandet og vart erstatta av Ron Fuller. Etter Van Engelen vart trekt ut til militærteneste i Vietnam tidleg i 1969 henta The Segments inn ny gitarist, Daryl Gore, og Torock flytta til bass. Etter å ha endra namn til berre The U.S. spelte dei inn nokre songar som selde dårleg før dei gav seg. Bandet oppstod på nytt og endra namn til Lost Nation og spelte inn for Motown-selskapet Rare Earth.

Diskografi endre

  • «Story of My Life» med «It's Unfair» - HBR 514 (1967)
  • «Where You Gonna Go» med «It's Gonna Rain» - Liberty 55992 (1967)
  • «Cry, Cry, Cry» med «It's Not Fair» - Liberty 56052 (1968)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Jason Ankeny. «Unrelated Segments - Biography». allmusic.com. Henta 4. mai 2018. 
  2. «Unrelated Segments». 60sgaragebands.com. Henta 4. mai 2018. 
  3. David A. Carson. «Grit, Noise & Revolution: The Birth of Detroit Rock 'N' Roll». Google.com. Henta 4. mai 2018.