Opna hovudmenyen

MC5 var eit USA-amerikansk rockeband frå Lincoln Park i Michigan, skipa i 1964. Den originale besetninga bestod av vokalisten Rob Tyner, gitaristane Wayne Kramer og Fred «Sonic» Smith, bassisten Michael Davis og trommeslagaren Dennis Thompson. I følgje Allmusic «krystalliserte MC5 motkulturrørsla på sitt mest volatile og trugande»,[1] og dei venstreorienterte politiske banda og tekstar om anti-etablissementet gjorde dei til nyskaparar innan punkrørsla i USA. Den høge, energiske stilen med enkel rock and roll inkluderte element av garasjerock, hardrock, bluesrock og psykedelisk rock.

MC5
MC5 @ The Casbah.jpg
MC5 i 2005. Venstre til høgre: Wayne Kramer, Handsome Dick Manitoba, Dennis Thompson, Michael Davis og Gilby Clarke.
AliasBounty Hunters
OpphavDetroit i Michigan i USA
Aktiv1964–1972, 1992, 2003–2012
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap

MC5 hadde ei lovande byrjinga som skaffa dei framsida av magasinet Rolling Stone i januar 1969 og ein artikkel skriven av Eric Ehrmann før debutalbumet deira kom ut.[5] Dei utvikla eit rykte for dei energiske og polemiske konsertane sine, og eit opptak av konsertane vart gjeve ut som debutalbumet Kick Out the Jams i 1969. Den første perioden deira var kort. I 1972, berre tre år etter debutalbumet kom ut, var det over for bandet. MC5 er ofte omtalt som ei av dei viktigaste amerikanske hardrockgruppene på denne tida.[6] Dei tre albuma deira vert av mange rekna som klassikarar, og songen deira «Kick Out the Jams» er mykje framført.

Tyner døydde av eit hjareinfarkt seint i 1991, 46 år gammal. Smith døydde òg av eit hjarteinfarkt, i 1995, 45 år gammal. Dei attverande tre medlemmane av bandet starta opp att bandet i 2003 med The Dictators-songaren Handsome Dick Manitoba som den nye vokalisten. Denne bessetninga heldt konsertar dei neste ni åra før Davis døydde av leversvikt i februar 2012, 68 år gammal. MC5 vart nominert til Rock and Roll Hall of Fame i 2002, 2016 og 2018.

Den første inkarnasjonenEndra

Tidlege årEndra

Opphavet til MC5 kan sporast attende til venskapen mellom gitaristane Wayne Kramer og Fred Smith. Dei var vener sidan tenåra og dei likte begge R&B, blues, Chuck Berry, Dick Dale, The Ventures og det som seinare vart kalla garasjerock. Dei skipa og leia kvart sitt band (Vibratones og Bounty Hunters). Somme medlemmar i begge gruppene slutta for å studere eller få seg jobb, og dei mest forplikta slo seg etter kvart saman til eitt band (med Kramer som leia og namnet Bounty Hunters) med Billy Vargo på gitar og Leo LeDuc på trommer (på dette tidspunktet spelte Smith bass),[7] og var populære nok i og kring Detroit til at musikarane kunne slutte i jobbane sine og leve av musikken.

Kramer meinte at dei trengde ein manager, som førte han til Rob Derminer. Han var eit par år eldre enn dei andre og djupt involvert i hipster og venstreorienterte miljø i Detroit. Derminer prøvespelte opphavleg som bassist (ei rolle han hadde ei kort stund i 1964 då Smith byta til gitar for å erstatte Vargo, medan Bob Gaspar erstatta LeDuc), men dei forstod raskt at han hadde større talent som vokalist. Derminer starta å bruke scenenamnet Rob Tyner (etter pianisten til Coltrane, McCoy Tyner). Tyner kom òg på det nye namnet på bandet, MC5. Namnet synte røtene deira i Detroit og var ei forkorting for «Motor City Five». På somme måtar likna gruppa på andre garasjeband på denne tida, og skreiv songar som «Black to Comm» medan dei enno var i tenåra i kjellaren heime hos mora til Kramer. Då Tyner byta frå bass til vokal, vart han først erstatta av Patrick Burrows, men besetninga vart først stabil i 1965 då Michael Davis og Dennis Thompson kom inn for å erstatta høvesvis Burrows og Gaspar.

Musikken reflekterte òg den aukande interessa til Smith og Kramer i frijazz—gitaristane var inspirerte av artistar som Albert Ayler, Archie Shepp, Sun Ra og den seinare perioden til John Coltrane, og prøvde å imitere den ekstatiske lyden av hylande saksofonar.[8] MC5 varma sidan opp på nokre konsertar for Sun Ra, som var ei inspirasjonskjelde på songen «Starship». Kramer og Smith var òg kraftig inspirert av Sonny Sharrock, ein av få elektriske gitaristar innan frijazz, og dei utvikla etter kvart ein unik stil som passa inn i kvarandre, ulikt alt anna ein hadde høyrt før. Solane til Kramer brukte ofte tung, ujamn vibrato, medan rytmane til Smith bestod av uvanleg eksplosiv energi, som ein kan høyre på «Black to Comm» og mange andre songar.[treng kjelde]

Suksess i DetroitEndra

MC5 fekk raskt rykte på seg for dei energiske konsertane sine og fekk etter kvart ein større fanskare. Dei gav ut ein versjon av Them sin «I Can Only Give You Everything» med ein orignial song på B-sida, «One of the Guys», på det vesle selskapet AMG i 1967. Tidleg i 1968 vart den andre singelen deira gjeven ut av Trans-Love Energies på A-Square Records, «Borderline» med B-sida «Looking at You». Den første utgåva vart utseld i løpet av få veker. Ein tredje singel, «I Can Only Give You Everything» med «I Just Don't Know» på baksida, kom ut omtrent samstundes på AMG.

Denne sommaren turnerte MC5 den amerikanske austkysten og fekk enorm respons, og artistane dei varma opp for, som Big Brother and the Holding Company og Cream, hamna i skuggen av MC5. (McLeese, 65) Det var denne turneen som gjorde at dei hamna i magasinet Rolling Stone.

MC5 vart eit leiande band i det blømande hardrockmiljøet, og fungerte som mentorar for andre Michigan-band, som The Stooges og The Up, og store selskap uttrykte interesse for gruppa.

Radikal politisk tilhøyrsleEndra

I følgje Kramer var MC5 på denne tida politisk påverka av marxismen til Black Panther Party og Fred Hampton, og poetane i Beat-generasjonen som Allen Ginsberg og Ed Sanders, eller modernistiske diktarar som Charles Olson.[9] Black Panther Party-grunnleggjaren Huey P. Newton fekk John Sinclair til å skipe White Panthers, ein militant venstrevridd organisasjon av kvite amerikannarar som støtta Black Panthers. Kort tid etter vart Sinclair arrestert fordi han hadde marihuana på seg.

Under «rettleiinga» til John Sinclair, vart MC5 etter kort tid involvert i den venstreorienterte politikken.[10][11][12] Tidleg i karrieren hadde MC5 eit politisk provoserande sceneshow, og dei dukka opp på scenen med gevær, og høgdepunktet var då ein skjult «snikskyttar» skaut ned Tyner. Bandmedlemmane brukte òg alle LSD og marihuana.

Bandet spelte under ein demonstrasjon mot Vietnamkrigen under det demokratiske nasjonalkonventet i 1968 i Chicago, som vart stoppa av eit opprør. Konserten var òg kjend for å verre særs lang. I følgje Kramer var det fleire musikarar som var meint å spele på den dagslange konserten, men berre MC5 møtte opp. MC5 spelte over åtte timar i strekk. Av dei andre artistane sa Kramer at berre Neil Young møtte opp, men på grunn av kaoset som oppstod spelte han ikkje.[13]

InnspelingarEndra

Kick Out the JamsEndra

MC5 vart nasjonalt kjend med debutalbumet Kick Out the Jams, som vart spelt inn på konsertar 30. og 31. oktober 1968 i Grande Ballroom i Detroit. Elektra-sjefen Jac Holzman og produsenten Bruce Botnick meinte at MC5 var på sitt beste då dei spelte føre eit publikum. Albumet inneheld songar som proto-punk-klassikaren «Kick Out the Jams» og «Rama Lama Fa Fa Fa», «Starship» (delvis tilskriven Sun Ra fordi teksten var delvis teken frå ein av dikta deira) og ein lengre versjon av John Lee Hooker sin «Motor City is Burning» der Tyner hyllar rolla til Black Panther-snikskyttarane under Detroit-opprøret i 1967. Kritikaren Mark Deming skreiv at Kick out the Jams «er eit av dei mektigaste og kraftfulle konsertalbuma som nokon gong er laga ... dette er eit album som nektar å bli avspelt roleg.»[14]

Albumet skapte kontroversar på grunn av dei provoserande notata i plateomslaget og «Kick out the jams, motherfucker!»-ropa på tittelsporet.I følgje Kramer spelte bandet inn dette som «Kick out the jams, brothers and sisters!» for singelen som vart sendt til radiostasjonane. Tyner meiner dette vart gjort utan at gruppa var samde om det (Thompson, 2000). Den forkorta versjonen kom òg ut på somme LP-eksemplar, som òg kom utan notata til Sinclair. Albumet kom ut i januar 1969 til middels kritikk, men det selde likevel ganske godt, over 100 000 eksemplar og nådde 30. plassen på Billboard-lista i mai 1969.

Hudson's, eit varehuskjede frå Detroit, nekta å ta inn Kick Out the Jams, svarte MC5 med å trykke ei fullsides annonse i det lokale undergrunnsmagasinet Fifth Estate der dei sa «Stick Alive with the MC5, and Fuck Hudson's!», med logoen til selskapet til MC5, Elektra Records, godt synleg. Hudson's trekte så alle Elektra-utgjevingane frå butikkane sine og i kontroversane som følgde droppa Jac Holzman, sjefen for Elektra, bandet frå kontrakten deira. MC5 fekk så kontrakt med Atlantic Records.[15]

Back in the USAEndra

Det andre albumet deira, Back in the USA, produsert av den framtidige Bruce Springsteen-mentoren Jon Landau, skapte i røynda malen for punkrocken med kort, kjapp og skarp gitarrock. Denne plata kom ut på Atlantic, som forklarer den totalt forskjellige prouksjonen og marknadsføringa. Bandet høyrest radikalt forskjellig ut frå Kick, og McLeese skreiv at utanom vokalen til Tyner, var det ikkje lett å høyre at det var same bandet.(McLeese, 96) Det andre albumet har òg ein heilt annan produksjon enn det første - MC5 høyrdest komprimert og stundom avgrensa i lydpaletten sin samanlikna med dei første åra. Bandet sa seinare at Landau tok for mykje styringa i produksjonen og prøvde å forme gruppa etter sin eigen smak.

Albumet fekk igjen blanda mottaking, og salet var denne gongen òg dårlegare. Det nådde berre 137. plassen på den amerikanske albumlista i mars 1970 og låg berre sju veker på lista. Turneane til bandet vart heller ikkje like godt vitja som før. Utmatting var delvis skulda sidan bandet hadde turnert hardt og sleit med stadig tyngre dopmisbruk.

Dei hadde òg blitt uvener med Sinclair, noko som var tydeleg då dei ikkje fekk lov å spele i desember 1971 på John Sinclair Freedom Rally i ein demonstrasjon mot at han vart fengsla for marihuanainnehaving, sjølv om dei var til stades på konserten.[treng kjelde]

High TimeEndra

Det tredje albumet deira, High Time var produsert av Geoffrey Haslam og spelt inn av Artie Fields,[16] og det vart òg innverknadstungt for hardrockband i 1970-åra. Albumet vart dårleg marknadsført og salstala var verre enn nokon gong før, men High Time fekk gode meldingar då det først kom ut. Gruppa hadde mykje meir kunstnarisk kontroll og var sjølv nøgde med resultatet. Albumet bestod av lengre, meir eksperimentelle songar, som «Future/Now» og den Sun Ra-aktige «Skunk (Sonically Speaking)».

Seinare karriere og oppløysingEndra

Både Back in the USA og High Time gjekk med tap for Atlantic Records, som droppa bandet. Tidleg i 1972 turnerte bandet i Europa og heldt konsertar i England, inkludert i Cambridge med bandet til Syd Barrett, Stars og Canterbury med den tidlegare T.Rex-perkusjonisten Steve Peregrin Took, i tillegg til at dei spelte for tysk fjernsyn på Beat Club.[17]

Den 13. februar 1972 slutta Michael Davis i bandet då han vart tvungen ut av dei andre i bandet på grunn av heroinbruk. Han vart erstatta av ei rekkje bassistar (Steve Moorhouse, Derek Hughes og Ray Craig). Dei attverande medlemmane spelte inn to songar — «Gold Rush» (òg kjend som «Gold» og «Train Music») og «Inside Out» — i London kort tid etter for ein film kalla Gold. Dette var det siste bandet spelte inn.

Gruppa halta av stad ei stund til, og var til slutt redusert til Kramer og Smith som turnerte og spelte med Ritchie Dharma på trommer og Derek Hughes på bass.

MC5 vart samla att for ein siste konsert den 31. desember 1972 i Grande Ballroom. Konsertstaden som eit par år før hadde vore fyllt med tusenvis av fans, hadde no berre eit fåtal personar og Kramer vart så misnøgd at han forlet scenen etter berre eit par songar. Bandet vart oppløyst kort tid etter.

Etter oppløysingaEndra

Fred «Sonic» Smith skipa ei ny gruppe kalla Ascension, med Smith på gitar, Thompson på trommer, Davis på piano, og for å erstatte Davis på bass, vart John Hefty, henta inn. Dei spelte hovudsakleg original musikk og nokre R&B- og rockecoverlåtar. Dei spelte berre nokre få konsertar og vart oppløyst innan eit år. Det vart gjort eit konsertopptak, men dette vart aldri gjeve ut.

Smith skipa så ei ny gruppe kalla Sonic's Rendezvous Band, gifta seg med songaren Patti Smith, og trekte seg attende frå musikkindustrien for å fokusere på familien. Sonic's Rendezvous Band gav berre ut «City Slang», ein singel som kom ut like etter gruppa starta opp.

Wayne Kramer var gjesteartist på enkelte innspelingar for andre, før han vart fengsla for dopinnehaving. Medan han sat i fengsel i Kentucky, møtte Kramer tilfeldigvis MC5-bassisten Michael Davis, som sat i fengsel for det same. Då han kom ut arbeidde Kramer i vanlege jobbar i fleire år og fokuserte på å bli kvitt dop-problemet sitt. Han spelte med Johnny Thunders ei stund i bandet Gang War tidleg i 1990-åra, og har gjeve ut fleire album.

Rob Tyner spelte under sitt eige namn i mange år, men spelte òg under namnet «The MC5» på somme konsertar i ein kort periode, men var det einaste originale medlemmet som var aktiv. Han samarbeidde òg med Eddie and the Hot Rods, og gav ut ein singel med dei i 1979. I 1980-åra produerte han ein singel for Detroit-bandet Vertical Pillows, og spelte stundom på konsertar med dei, der han song MC5-songar. Tyner vart ein suksessrik produsent, manager og promotor i Detroit, og gav ut albumet Blood Brothers i 1990, eit år før han døydde i september 1991.Referansefeil: Ugyldig <ref>-kode; ugyldige namn, t.d. for mange

Michael Davis vart med i Detroit-bandet Destroy All Monsters i fleire år seint i 1970- og tidleg i 1980-åra. Bandet vart oppløyst i 1983. Dennis Thompson spelte med forskjellige band, inkludert The New Order, New Race, The Motor City Bad Boys og The Secrets.

Andre inkarnasjonEndra

Den første verkelege gjenforeininga av bandet var på ein konsert til minne om den avdøde Rob Ryner, den 22. februar 1992 i Detroit. Mange møtte opp for konserten, som The Rationals, Scott Richardson (SRC), The Romantics, Dee Dee Ramone, The Cult og andre. Settet deira varte kring 30 minuttar. Innspelinga av konserten er aldri kome ut på plate.

I 2003 spelte dei tre overevande medlemmane av MC5 - Kramer, bassisten Michael Davis og trommeslagaren Dennis Thompson (Smith døydde i 1994) — som MC5 på 100 Club i London[18] med Fred «Sonic» Smith erstatta av Nicke Andersson frå The Hellacopters. Andre som steppa inn på vokal på den tida var David Vanian frå The Damned, Lemmy frå Motörhead, Ian Astbury frå The Cult og songaren Kate O'Brien.

I 2004 a bandet ut på ein lengre verdsturne under namnet DKT/MC5, og hadde igjen med seg fleire gjesteartistar som Mark Arm frå Mudhoney, Nicke Royale frå The Hellacopters, Evan Dando frå The Lemonheads, Marshall Crenshaw, Deniz Tek frå Radio Birdman, Lisa Kekaula frå The Bellrays og andre.

Etter februar 2005 stabiliserte besetninga i MC5 seg med Kramer, Thompson og Davis, og Handsome Dick Manitoba, vokalisten frå punkebandet The Dictators. Denne besetninga varte fram til Michael Davis døydde i februar 2012. Bandet vart då oppløyst på ny.

MedverkandeEndra

MedlemmarEndra

Klassisk besetning
  • Wayne Kramer - gitar, vokal (1963-desember 1972, 1992, 2003–2012)
  • Fred «Sonic» Smith - gitar, vokal (1964-desember 1972, 1992), bass (1963-1964; død 1994)
  • Rob Tyner - vokal (1965-november 1972), bass (1964; død 1991)
  • Michael Davis - bass (1965-februar 1972, 1992, 2003-2012; død 2012)
  • Dennis Thompson - trommer (1965-november 1972, 1992, 2003–2012)

Andre musikarar
  • Leo LeDuc - trommer (1963-1964)
  • Billy Vargo - gitar (1963-1964)
  • Bob Gaspar - trommer (1964–1965)
  • Patrick Burrows - bass (1964–1965)
  • Steve «Annapurna» Moorhouse - bass (februar-mars 1972)
  • Derek Hughes - bass (mars-april 1972, juni-desember 1972)
  • Ray Craig - bass (april-juni 1972)
  • Ritchie Dharma - trommer (november - desember 1972)
  • Handsome Dick Manitoba - vokal (2005–2012)

TidslinjeEndra

 

DiskografiEndra

Albums
Samlealbum
  • Babes in Arms (1983)
  • Black to Comm (1994)
  • Power Trip (1994)
  • Looking At You (1995)
  • The American Ruse (1995)
  • Ice Pick Slim (1997)
  • 66 Breakout (1999)
  • The Big Bang!: Best of the MC5 (2000)
  • Thunder Express (1999) (spelt inn i 1972)
Konsertalbum
  • Teen Age Lust (innspeling 1970, utgjeve 1996)
  • Phun City, UK (innspeling 1970, utgjeve 1996)
  • Live At The Sturgis Armoury (innspeling 1968, utgjeve 1998)
  • Are You Ready To Testify?: The Live Bootleg Anthology (2005)
  • Live At The Grande Ballroom 68 (2006)
Plateboksar
  • Purity Accuracy (2004)
Singlar
  • «I Can Only Give You Everything» (1966)
  • «One of the Guys» (1967)
  • «Looking at You» (1968)
  • «Kick Out the Jams» (1969) - #82 US
  • «Ramblin' Rose» (1969)
  • «Tonight» (1969)
  • «Shakin' Street» (1970)
  • «Over and Over»/«Sister Anne» (1971) (aldri offisielt utgjeve, berre testtrykk eksisterer)

FilmarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Ankeny, Jason (1. januar 1970). «MC5». AllMusic. Henta 4. mai 2018. 
  2. Pinnock, Tom (27. juli 2012). «The Making Of… MC5’s Kick Out The Jams». Uncut. Henta 4. mai 2018. 
  3. O'Hagan, Sean (3. mars 2014). «John Sinclair: 'We wanted to kick ass – and raise consciousness'». The Guardian. Henta 4. mai 2018. 
  4. Hann, Michael (28. juni 2008). «MC5/Primal Scream». The Guardian. Henta 4. mai 2018. 
  5. «1969 Rolling Stone Covers Pictures - RS025». Rolling Stone. 12. januar 1969. Henta 4. mai 2018. 
  6. «VH1: 100 Greatest Hard Rock Artists: 1-50». Rock On The Net. Henta 4. mai 2018. 
  7. «MC5 Concert Dates». Makemyday.free.fr. Henta 4. mai 2018. 
  8. Jenkins, Todd S. (2004). Free Jazz and Free Improvisation: An Encyclopedia 2. Greenwood. s. lxi. ISBN 9780313333149. 
  9. Wayne Kramer (4. november 1998). «Rocket Reducer - Page 1 - Music - Los Angeles». LA Weekly. Henta 4. mai 2018. 
  10. O'Hagan, Sean. «John Sinclair: 'We wanted to kick ass – and raise consciousness'». The Guardian. Henta 3. mars 2014. 
  11. Julie Burchill, Tony Parsons, «The Boy Looked at Johnny»: The Obituary of Rock and Roll, p.19-20, Pluto Press, London. 1978
  12. Tracey, Patrick (31. mars 2000). «Yippie Yi Yay». Washington City Paper. 
  13. Michael Schumacher, There But for Fortune: The Life of Phil Ochs, s. 200–201.
  14. Deming, Mark. «Kick Out the Jams - MC5». AllMusic. Henta 4. mai 2018. 
  15. Chris Smith (2009). 101 Albums that Changed Popular Music. Oxford University Press. s. 67. 
  16. Austin, Dan. «Alhambra Theatre — Historic Detroit». Historicdetroit.org. Henta 5. mai 2018. 
  17. http://makemyday.free.fr/mc5calendar.htm#72
  18. Perry, Kevin (28. november 2006). «Michael Davis interviewed about MC5 reunion». London: The Beaver. Henta 29. september 2010. 

BakgrunnsstoffEndra