Thea Leora Oskarsen
norsk songar
Thea Leora Oskarsen er ein norsk songar fødd i Oslo. Som 14-åring vart ho med i popgruppa Fixx. Singelen «One Of A Kind» frå 2011 var den fyrste ho slepte som soloartist.
Thea Leora Oskarsen | |||
Fødd | 1993 (31 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo i Noreg | ||
Fødenamn | Thea Leora Oskarsen | ||
Alias | Thea Oskarsen Thea Leora | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2008– | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Eurovision
endreMelodi Grand Prix 2014
endreSaman med Hilda Stenmalm deltok Oskarsen med singelen «Best Friend's Boyfriend» i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen var skriven av Martin Kleveland, Lisa Desmond Linder og Jesper Jakobsen. Duoen framførte bidraget på engelsk, under aliaset Hilda og Thea Leora.
Kjelder
endre- «Haldenser bak "nye" Bobbysocks i MGP» (på norsk). Halden Arbeiderblad. 20. februar 2014. Henta 23. februar 2014.
- Morten Ståle Nilsen (19. februar 2014). «Her er MGP-dommen» (på norsk). Verdens Gang. Henta 24. februar 2014.