Eurovision Song Contest 2014

Eurovision Song Contest 2014 (ESC 2014), offisielt 59. Eurovision Song Contest, var den 59. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i B&W Hallerne i København i Danmark, med semifinalar 6. og 8. mai og finale 10. mai 2014.[1] Programleiarane var Lise Rønne, Nikolaj Koppel og Pilou Asbæk. For fyrste gong vart programleiartrioen sett saman av to menn og éin kvinne.[2]

Eurovision Song Contest 2014
#JoinUs
Offisiell tittel
59. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 6. mai 2014
Semifinale 2 8. mai 2014
Finalen 10. mai 2014
Vertskap
Stad
B&W Hallerne i København i Danmark
Programleiar(ar)
Lise Rønne
Nikolaj Koppel
Pilou Asbæk
Kringkastar(ar)
Danmarks Radio
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
37 land. 6 i finalen. 16 i den fyrste semifinalen, 15 i den andre semifinalen
Attende
Polen
Portugal
Trekte seg
Bulgaria
Kroatia
Kypros
Serbia
Ikkje med
Slovakia
Bosnia-Hercegovina
Tyrkia
Andorra
Tsjekkia
Luxembourg
Monaco
Marokko
Kart
frameless}}Portugal i Eurovision Song Contest 2014Spania Eurovision Song Contest 2014San Marino i Eurovision Song Contest 2014Frankrike Eurovision Song Contest 2014Storbritannia i Eurovision Song Contest 2014Irland i Eurovision Song Contest 2014Island i Eurovision Song Contest 2014Belgia i Eurovision Song Contest 2014Netherlands in the Eurovision Song ContestSveits i Eurovision Song Contest 2014Tyskland i Eurovision Song Contest 2014Danmark i Eurovision Song Contest 2014Malta i Eurovision Song Contest 2014Italia i Eurovision Song Contest 2014Noreg i Eurovision Song Contest 2014Sverige i Eurovision Song Contest 2014Finland i Eurovision Song Contest 2014Estland i Eurovision Song Contest 2014Latvia i Eurovision Song Contest 2014Litauen i Eurovision Song Contest 2014Slovakia i Eurovision Song Contest 2014Austerrike i Eurovision Song Contest 2014Slovenia i Eurovision Song Contest 2014Ungarn i Eurovision Song Contest 2014Kroatia i Eurovision Song Contest 2014Bosnia-Hercegovina i Eurovision Song Contest 2014Montenegro i Eurovision Song Contest 2014Serbia i Eurovision Song Contest 2014Albania i Eurovision Song Contest 2014Makedonia i Eurovision Song Contest 2014Hellas i Eurovision Song Contest 2014Bulgaria i Eurovision Song Contest 2014Romania i Eurovision Song Contest 2014Moldova i Eurovision Song Contest 2014Ukraina i Eurovision Song Contest 2014Kviterussland i Eurovision Song Contest 2014Russland i Eurovision Song Contest 2014Georgia i Eurovision Song Contest 2014Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2014Tyrkia i Eurovision Song Contest 2014Kypros i Eurovision Song Contest 2014Israel i Eurovision Song Contest 2014Armenia i Eurovision Song Contest 2014Kviterussland i Eurovision Song Contest 2014Turkia i Eurovision Song Contest 2014Marokko i Eurovision Song Contest 2014Liechtenstein i Eurovision Song Contest 2014Andorra i Eurovision Song Contest 2014Monaco i Eurovision Song Contest 2014Polen i Eurovision Song Contest 2014Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2014Luxembourg i Eurovision Song Contest 2014Libanon i Eurovision Song Contest 2014Tunisia i Eurovision Song Contest 2014
frameless}}

██ Valt artist og/eller song██ Ynskjer å delta██ Aldri delteke/ynskjer ikkje å delta
Røysting
Vinnar
Austerrike med «Rise Like A Phoenix» av Conchita Wurst
Eurovision Song Contest
Malmö 2013 Wien 2015

Datoane for tevlinga vart fyrst sett til 13., 15. og 17. mai, men vart seinare endra av DR i samband med Den europeiske kringkastingsunionen.[1][3]

Det danske kongehuset vart representert av kronprins Frederik av Danmark, kronprinsesse Mary av Danmark, prins Christian av Danmark, prinsesse Isabella av Danmark, prins Vincent av Danmark og prinsesse Josephine av Danmark, som gjestar under finalen. Mary, Christian og Isabella var òg med under familieprøvane til den andre semifinalen, der den australske kringkastaren SSB hadde fått høve til å stå for pauseunderhaldninga. Dei valde truleg å vitja denne semifinalen på grunn av at kronprinsessa kjem frå Australia.[4]

Montenegro og San Marino kvalifiserte seg til finalen for fyrste gong sidan debutane i høvesvis 2007 og 2008.


Hendingar

endre

Krimhalvøya

endre

Etter Den ukrainske revolusjonen i 2014, Den russiske militærinvasjonen i Ukraina i 2014 og Krimkrisen 2014, som enda med Russland si annektering av Krimhalvøya, vart det stadfesta av Den europeiske kringkastingsunionen og DR i slutten av april 2014 at røystene frå Krimhalvøya vil verte rekna som ukrainske på grunn av teleoperatørane i område.[5][6]

Semifinale 1

endre

Den fyrste semifinalen vil verte kringkasta 6. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og tre av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Danmark, Frankrike og Spania må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass
01   Armenia Aram MP3 «Not Alone» Engelsk Aram Sargsyan og Garik Papoyan 4 121
02   Latvia Aarzemnieki «Cake to Bake» Engelsk og latvisk Guntis Veilands 13 33
03   Estland Tanja «Amazing» Engelsk Timo Vendt og Tatjana Mihhailova 12 36
04   Sverige Sanna Nielsen «Undo» Engelsk Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah 2 131
05   Island Pollapönk «Enga fordóma» Islandsk og engelsk Heiðar Örn Kristjánsson og Haraldur F. Gíslason 8 61
06   Albania Hersi Matmuja «One Night´s Anger» Engelsk Genti Lako og Jorgo Papingji 15 22
07   Russland Tolmachevy Sisters «Shine» Engelsk Philip Kirkorov, Dimitris Kontopoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg. 6 63
08   Aserbajdsjan Dilarə Kazımova «Start a Fire» Engelsk Stefan Örn, Johan Kronlund og Alessandra Günthardt 9 57
09   Ukraina Marija Jaremtjuk «Tick-Tock» Engelsk Marija Jaremtjuk 5 118
10   Belgia Axel Hirsoux «Mother» Engelsk Ashley Hicklin og Rafael Artesero 14 28
11   Moldova Cristina Scarlat «Wild Soul» Engelsk Ivan Aculov og Lidia Scarlat 16 13
12   San Marino Valentina Monetta «Maybe» Engelsk Ralph Siegel og Mauro Balestri 10 40
13   Portugal Suzy «Quero ser tua» Portugisisk og engelsk Emanuel 11 39
14   Nederland The Common Linnets «Calm After The Storm» Engelsk Ilse DeLange, JB MeijersRob Crosby, Matthew Crosby og Jake Etheridge 1 150
15   Montenegro Sergej Ćetković «Moj svijet» Montenegrinsk Sergej Ćetković og Emina Jahović 7 63
16   Ungarn Kállay-Saunders «Running» Engelsk András Kállay-Saunders, Krisztián Szakos og István Tabár 3 127

Semifinale 2

endre

Den andre semifinalen vil verte kringkasta 8. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og to av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Italia, Storbritannia og Tyskland må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass
01   Malta Firelight «Coming Home» Engelsk Richard Micallef 9 63
02   Israel Mei Feingold «Same Heart» Hebraisk og engelsk Rami Talmid 14 19
03   Noreg Carl Espen «Silent Storm» Engelsk Josefin Winther 6 77
04   Georgia Mariko Ebralidze & The Shin «Three Minutes To Earth» Engelsk Zaza Miminoshvili og Eugen Eliu 15 15
05   Polen Donatan & Cleo «My Słowianie» Polsk og Engelsk Donatan og Cleo 8 70
06   Austerrike Conchita Wurst «Rise Like A Phoenix» Engelsk Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas 1 169
07   Litauen Vilija Matačiūnaitė «Attention» Engelsk Viktoras Vaupšas og Vilija Matačiūnaitė 11 36
08   Finland Softengine «Something Better» Engelsk Topi Latukka og Henri Oskár 3 97
09   Irland Can-linn feat. Kasey Smith «Heartbeat» Engelsk Hazel Kaneswaran, Jonas Gladnikoff, Rasmus Palmgren og Patrizia Helander 12 35
10   Kviterussland TEO «Cheesecake» Engelsk Yuri Vaschuk og Dmitry Novik 5 87
11   Makedonia Tijana Dapčević «To the Sky» Engelsk Darko Dimitrov, Lazar Cvetkoski og Elena Risteska 13 33
12   Sveits SEBalter «Hunter of Stars» Engelsk Sebastiano Paulessi 4 92
13   Hellas Freaky Fortune feat. Riskykidd «Rise Up» Engelsk Freaky Fortune og Riskykidd 7 74
14   Slovenia Tinkara Kovač «Spet/Round and Round» Engelsk og slovensk Raay, Tinkara Kovač, Hannah Mancini og Tina Piš 10 52
15   Romania Paula Seling & Ovi «Miracle» Engelsk Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen 2 125

Finalen

endre

Finalen vil verte kringkasta 10. mai 2014 frå B&W Hallerne i København. Berre «dei fem store», som er sett saman av Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Danmark er direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse fekk dei 20 beste frå dei to semifinalane delta.

# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass
01   Ukraina Marija Jaremtjuk «Tick-Tock» Engelsk Marija Jaremtjuk 6 113
02   Kviterussland TEO «Cheesecake» Engelsk Yuri Vaschuk og Dmitry Novik 16 43
03   Aserbajdsjan Dilarə Kazımova «Start a Fire» Engelsk Stefan Örn, Johan Kronlund og Alessandra Günthardt 22 33
04   Island Pollapönk «Enga fordóma» Islandsk og engelsk Heiðar Örn Kristjánsson og Haraldur F. Gíslason 15 58
05   Noreg Carl Espen «Silent Storm» Engelsk Josefin Winther 8 88
06   Romania Paula Seling & Ovi «Miracle» Engelsk Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen 12 72
07   Armenia Aram MP3 «Not Alone» Engelsk Aram Sargsyan og Garik Papoyan 4 174
08   Montenegro Sergej Ćetković «Moj svijet» Montenegrinsk Sergej Ćetković og Emina Jahović 19 37
09   Polen Donatan & Cleo «My Słowianie» Polsk og Engelsk Donatan og Cleo 14 62
10   Hellas Freaky Fortune feat. Riskykidd «Rise Up» Engelsk Freaky Fortune og Riskykidd 20 35
11   Austerrike Conchita Wurst «Rise Like A Phoenix» Engelsk Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas 1 290
12   Tyskland Elaiza «Is It Right» Engelsk Elżbieta Steinmetz og Frank Kretschmer 18 39
13   Sverige Sanna Nielsen «Undo» Engelsk Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah 3 218
14   Frankrike Twin Twin «Moustache» Fransk, engelsk og spansk Pierre Beyres, Kim N'Guyen, Lorent Idir og François Ardouvin 26 2
15   Russland Tolmachevy Sisters «Shine» Engelsk Philip Kirkorov, Dimitris Kontopoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg. 7 89
16   Italia Emma Marrone «La mia città» Italiensk Emma Marrone 21 33
17   Slovenia Tinkara Kovač «Spet/Round and Round» Engelsk og slovensk Raay, Tinkara Kovač, Hannah Mancini og Tina Piš 25 9
18   Finland Softengine «Something Better» Engelsk Topi Latukka og Henri Oskár 11 72
19   Spania Ruth Lorenzo «Dancing in the Rain» Engelsk og spansk Ruth Lorenzo, Jim Irvin og Julian Emery 9 74
20   Sveits SEBalter «Hunter of Stars» Engelsk Sebastiano Paulessi 13 64
21   Ungarn Kállay-Saunders «Running» Engelsk András Kállay-Saunders, Krisztián Szakos og István Tabár 5 143
22   Malta Firelight «Coming Home» Engelsk Richard Micallef 23 32
23   Danmark Basim «Cliche Love Song» Engelsk Basim, Lasse Lindorff, Kim Nowak-Zorde og Daniel Fält 9 74
24   Nederland The Common Linnets «Calm After The Storm» Engelsk Ilse DeLange, JB MeijersRob Crosby, Matthew Crosby og Jake Etheridge 2 238
25   San Marino Valentina Monetta «Maybe» Engelsk Ralph Siegel og Mauro Balestri 24 14
26   Storbritannia Molly «Children of the Universe» Engelsk Molly Smitten-Downes 17 40

Tidlegare deltakarar

endre
  •   San MarinoValentina Monetta representerte San Marino i 2012 og 2013.
  •   Makedonia – Støttevokalisten Tamara Todevska representerte Makedonia i 2008.
  •   Romania – Paula Seling og Ovi representerte Romania i 2010, og vil verte den fyrste duoen som deltek to gonger i tevlinga.
  •   Sverige – Låtskrivaren Fredrik Kempe representerte Sverige i 2008, 2009 og 2011 og Noreg i 2010; alle gongane som låtskrivar.

Andre land

endre
  •   AndorraRàdio i Televisió d'Andorra informerte ein Eurovision-nettstad om at landet ikkje ville delta på grunn av finansielle grunnar.[7]
  •   BulgariaBŭlgarska natsionalna televiziya annonserte fyrst at Bulgaria ville delta, men 22. november 2013 annonserte dei at landet ikkje ville delta på grunn av budsjettkutt og finansielle grunnar.
  •   KroatiaHrvatska radiotelevizija annonserte 19. september 2013 at Kroatia ikkje ville delta på grunn av Eurokrisa, og dårlege resultat i tevlinga mellom 2010 og 2013. Siste gong Krotia kvalifiserte seg til finalen var i 2009.
  •   Kypros – 3. oktober 2013 annonserte Padiofonikó Ídruma Kúprou at Kypros ikkje vil delta på grunn av det kypriotiske folket sin meining om Den kypriotiske finanskrisa 2012-13 og økonomiske restriksjonar. Ein annan kypriotisk kringkastar, Sigma TV, gav Padiofonikó Ídruma Kúprou eit tilbod om å sponsing og visekonsernsjefen i kanalen sa: «Me er viljuge til å produsere den nasjonale uttakinga og gje ut pengar til naudsynte utgifter for songen og songaren, slik som MAD TV gjorde for Hellas i fjor... Det er aldri for seint for Padiofonikó Ídruma Kúprou å endra meining, det er endå tid».[8]
  •   TsjekkiaČeská televize stadfesta 30. september 2013 at Tsjekkia ikkje vil delta på grunn av låge sjåartal og dårlege resultat tidlegare i tevlinga.[9]
  •   Hellas – Den greske regjeringa har stengd Ellinikí Radiofonía Tileórasi, noko som gjorde framtida til Hellas i tevlinga utrygg.[10] The Event Supervisior of the Eurovision Song Contest sa fylgjane om Hellas deltaking: «EBU vil gjere sitt beste for å få Hellas med, gitt det faktum av den spesielle hending». Det vart òg sagt at den greske regjeringa må skipa ein ny kringkastar, Néa Ellinikí Padiofonía, Ínternet kai Tileópasi, for at landet skal ha høve til å delta.[11] Dimosia Tileorasi, ein førebels kanal, informerte til ESCToday.com at landet mest sannsynleg vil delta i tevlinga.[12] 22. november 2013 stadfesta Hellas at dei ville delta.[13]


Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Jarmo Siim (8. juli 2013). «Eurovision 2014 Grand Final set for 10 May» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 8. juli 2013. 
  2. Siim, Jarmo (4. februar 2014). «koppel_asbaek_rnne_to_host_eurovision_2014» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 7. mai 2014. 
  3. Stella Floras (18. mars 2013). «Eurovision Song Contest 2014: Provisional dates announced» (på engelsk). ESCToday. Henta 8. mai 2013. 
  4. «Prince Frederik and Princess Mary will attend the 2014 Eurovision Song Contest» (på engelsk). Hallo Magazine. 28. april 2014. Henta 7. mai 2014. 
  5. «Ukraine Crimea to vote as Ukraine» (på engelsk). eurovisiontimes.wordpress.com. Henta 1. mai 2014. 
  6. «Breaking News: DR says Crimea is Ukrainian» (på engelsk). oikotimes.com. Henta 1. mai 2014. 
  7. Jiandani, Sanjay (6 September 2013). «Andorra: RTVA will not return to Eurovision in 2014». ESCToday. Henta 6 September 2013. 
  8. «CyBC gets sponsorship offer for 2014». Oikotimes. 7 October 2013. Arkivert frå originalen 16. oktober 2013. Henta 22. november 2013. 
  9. Jiandani, Sanjay (30 September 2013). «Czech Republic will not participate in Copenhagen». esctoday.com. Henta 30 September 2013. 
  10. Floras, Stella (11 June 2013). «Greece shuts down public broadcaster ERT». ESCToday. Henta 16 September 2013. 
  11. Vranis, Michalis (4 October 2013). «Eurovision 2014: Greek participation in focus». Esctoday. 
  12. «Eurovision 2014: Greece will most likely be in Copenhagen». ESCToday. 13 November 2013. Henta 13 November 2013. 
  13. «Eurovision 2014: Greece will be in Copenhagen». ESCIreland. 22 November 2013. Henta 22. november 2013.