Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 2014

52. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 2014 var den 52. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 15 songar deltok i tre delfinalar, og av desse kom ni til finalen 15. mars 2014 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «Silent Storm», framført av Carl Espen. Songen er skriven av Josefin Winther. Carl Espen representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2014 i København, der han kvalifiserte seg via andre semifinale. I den internasjonale finalen enda «Silent Storm» på 8. plass med 88 poeng.

Melodi Grand Prix 2014
Carl Espen, ESC2014 Meet & Greet 06 (crop).jpg
Dato
Delfinale 1 7. mars 2014
Delfinale 2 8. mars 2014
Delfinale 3 9. mars 2014
Finale 15. mars 2014
Vertskap
Delfinale 1 Folketeateret
Delfinale 2 Folketeateret
Delfinale 3 Folketeateret
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Jenny Skavlan og Erik Solbakken
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 15 (9 i finalen)
Vinnar
Song «Silent Storm
Artist Carl Espen
Resultat i Eurovision Song Contest 2014
Semifinalepoeng 77
Semifinaleplass 6.
Finalepoeng 88
Finaleplass 8.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2013 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2015

SendinganeEndra

Dette året endra NRK på delfinale-konseptet som var blitt brukt sidan 2006. Delfinalene rundt om i landet ble fjerna, i staden arrangerte NRK tre semifinalar i Oslo helga før finalen.[1] Semifinalane fann stad i Folketeateret i Oslo fredag 7. mars, laurdag 8. mars og sundag 9. mars.

NRK arrangerte ein open konkurranse med frist for innsending 15. september 2013.[2] Rundt 600 bidrag kom inn, og ei såkalla lyttargruppe plukka ut 15 av dei til å delta i Melodi Grand Prix. Lyttargruppa bestod av musikkansvarleg Vivi Stenberg, Marie Komissar, Tarjei Strøm, Kathrine Synnes Finnskog og Gisle Stokland.[3]

Det var fem songar i kvar semifinale, og tre gjekk vidare til finalen frå kvar semifinale. Dermed var det ni songar i finalen i Oslo Spektrum laurdag 15. mars. Som året før var Jenny Skavlan og Erik Solbakken programleiarar, og NRK produserte alle sendingane sjølv.[4][5]

Artistane blei presenterte under ein pressekonferanse 27. januar 2014, og der blei også smakebitar av låtane offentleggjort. Dei fleste artistane var ukjende og ferske andlet for publikum. Dei mest kjende var rockebandet El Cuero, Linnea Dale som deltok i TV 2 Idol i 2007 og Mohamed Abdi Farah, betre kjend som Mo frå X Factor i 2010 på same kanal.

Låtane blei slopne først 19. februar, og sjåarane kunne følgje artistane sine førebuingar fram mot semifinalane gjennom videoar som NRK la ut på nettstaden til Melodi Grand Prix.[4][6]

Resultat i finalenEndra

Første rundeEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Ain't No Love in This City No More» El Cuero Brynjar Takle Ohr og B.L. Rolland Brynjar Takle Ohr, Øyvind Blomstrøm og Håvard Takle Ohr Uplassert
2 «Sole Survivor» Elisabeth Carew Elisabeth Carew, David Eriksen, Simon Climie og Mats Lie Skåre Uplassert
3 «Taste of You» Knut Kippersund Nesdal Magnus Hængsle Hængsle og Jenny Moe Gullfinale
4 «Needs» Dina Misund Dina Misund Frode Bjørgmo Strømvik Uplassert
5 «Heal» Mo Laila Samuelsen Gullfinale
6 «High Hopes» Linnea Dale Linnea Dale og Kim Edward Bergseth Gullfinale
7 «Hit Me Up» Charlie Melanie Fontana, John Asher og Lars K. Hustoft Uplassert
8 «Silent Storm» Carl Espen Josefin Winther Gullfinale
9 «High Hopes» Oda og Wulff Christer Wulff Uplassert

GullfinaleEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
3 «Taste of You» Knut Kippersund Nesdal Magnus Hængsle Hængsle og Jenny Moe 27 757 4
5 «Heal» Mo Laila Samuelsen 37 405 3
6 «High Hopes» Linnea Dale Linnea Dale og Kim Edward Bergseth 39 086 2
8 «Silent Storm» Carl Espen Josefin Winther 53 712 1

Røysting i finalenEndra

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei offentleggjort i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av sjåarane sine SMS-røyster. Det var ikkje mogleg å ringje for å røyste dette året. NRK droppa også fagjuryane, og i staden blei heile resultatet avgjort av sjåarane, for første gong sidan 2007. Røystene blei delte i fem geografiske regionar ut frå kvar i landet dei blei sende frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed mottatte SMS-røyster.[7]

Nr. Tittel Austlandet Nord-Noreg Midt-Noreg Sørlandet Vestlandet Totalt
3 «Taste of You» 17 440 1 805 3 083 2 039 3 390 27 757
5 «Heal» 23 615 3 021 3 181 3 714 3 874 37 405
6 «High Hopes» 22 746 3 304 3 484 4 832 4 720 39 086
8 «Silent Storm» 23 264 4 697 4 397 4 812 16 542 53 712

SemifinalaneEndra

Semifinale 1Endra

Folketeatret, Oslo, fredag 7. mars 2014

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Best Friend's Boyfriend» Hilda og Thea Leora Martin Kleveland, Lisa Desmond Linder og Jesper Jakobsen Uplassert Ute
2 «Heal» Mo Laila Samuelsen 1 Finale
3 «Needs» Dina Misund Dina Misund Frode Bjørgmo Strømvik 3 Finale
4 «High Hopes» Linnea Dale Linnea Dale og Kim Edward Bergseth 2 Finale
5 «Frozen By Your Love» TIMBRE og Frikk Heide-Steen med Ida Stein Anders Bratterud Uplassert Ute

Semifinale 2Endra

Folketeatret, Oslo, laurdag 8. mars 2014

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Hele verden» Cir.Cuz Mats Melbye og Thomas Pedersen Uplassert Ute
2 «Right Now» Martine Marbel Martine Marbel og Goran Obad Martine Marbel Uplassert Ute
3 «Sing» Oda og Wulff Christer Wulff 2 Finale
4 «Taste of You» Knut Kippersund Nesdal Magnus Hængsle Hængsle og Jenny Moe 1 Finale
5 «Hit Me Up» Charlie Melanie Fontana, John Asher og Lars K. Hustoft 3 Finale

Semifinale 3Endra

Folketeatret, Oslo, sundag 9. mars 2014

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Bensin» Moi Ingjerd Østrem Omland Uplassert Ute
2 «Ain't No Love in This City No More» El Cuero Brynjar Takle Ohr og B.L. Rolland Brynjar Takle Ohr, Øyvind Blomstrøm og Håvard Takle Ohr 2 Finale
3 «Who Needs the Universe?» Ilebek Andreas Ihlebæk Uplassert Ute
4 «Sole Survivor» Elisabeth Carew Elisabeth Carew, David Eriksen, Simon Climie og Mats Lie Skåre 3 Finale
5 «Silent Storm» Carl Espen Josefin Winther 1 Finale

HendingarEndra

Det nye delfinalekonseptet dette året møtte sterk kritikk i pressa. NRK blei skulda for å ha fjerna all glitter og stas og rett og slett øydeleggje tevlinga.[8][9] Semifinalane blei ingen stor sjåarsuksess med høvesvis 641 000, 644 000 og 551 000 sjåarar. Dette var dei lågaste sjåartala for delfinalar i Melodi Grand Prix nokon gong.[10] Under delfinalane i Folketeatret var det også fleire hundre ledige sete.[11]

NRK prøvde å møte kritikken ved å lage ein «jakta på det forsvunne glitteret»-sketsj som opna finalesendinga. Tidlegare Melodi Grand Prix-artistar som Jørn Hoel og Åge Sten Nilsen deltok i sketsjen. Likevel klarte heller ikkje finalen å trekkje det store publikummet, berre 755 000 såg sendinga frå Oslo Spektrum. Det er det lågaste talet sidan dei moderne tv-metermålingane starta i 1992.[12] Vinnarlåten fekk mykje ros i pressa, men blei ingen salssuksess. «Silent Storm» kom aldri inn på VG-lista, og det var første gong sidan 2007 at ein norsk vinnarlåt ikkje hamna på hitlistene i Noreg.[13]

Kritikken og dei låge sjåartala gjorde at NRK vraka semifinalane året etter, og sidan har Melodi Grand Prix berre bestått av ei, stor finalesending.

FotnotarEndra

  1. «Ingen MGP-delfinaler neste år»NRK. 6. mai 2013. Besøkt 2. januar 2014.
  2. «Rules for Melodi Grand Prix 2014». NRK. Besøkt 2. januar 2014.
  3. Riise, Hege Bakken (4. desember 2013). «– Her er det mange potensielle hitlåter!»nrk.no.
  4. 4,0 4,1 «Slik blir Melodi Grand Prix 2014»NRK. 5. desember 2013. Besøkt 2. januar 2014.
  5. «Melodi Grand Prix Finale 2014». oslospektrum.no. 6. desember 2013. Besøkt 2. januar 2014.
  6. «– Denne musikken vil prege 2014»NRK. 27. januar 2014. Besøkt 27. januar 2014.
  7. «Melodi Grand Prix 2014 – Finale (del 2:2)». Norsk rikskringkasting. 15. mars 2014. Besøkt 14. august 2016.
  8. Talseth, Hegseth, Hovland og Alvsing, Thomas, Morten, Kirsti og Felicia (11. mars 2014). «– NRK har ødelagt Melodi Grand Prix»VG Nett.
  9. Riise, Hege Bakken (11. mars 2014). «MGP – Programmet alle elsker å hate». nrk.no.
  10. Marthinussen og Due, Linn-Christin og Axel (10. mars 2014). «Nye Melodi Grand Prix ga laveste seertall noensinne»Dagbladet.no.
  11. Skogrand og Nordseth, Merete og Paal (9. mars 2014). «Flere hunder seter står tomme under MGP-delfinalen»Dagbladet.no.
  12. Henriksen, Arve (17. mars 2014). «Krisetall for MGP»Aftenposten.no.
  13. Talseth, Thomas (4. april 2014). «Grand Prix-vinner Carl Espen flopper»VG Nett.