Theodor Søvig

norsk målar

Theodor Søvig (18401892) var ein norsk målar frå Fana.[1]

To jekter og ein skonnert måla av Theodor Søvig i 1880.

Han studerte ved Tegneskolen i Bergen, der han fekk diplom i 1858. Han lærte målarkunst hjå Frederik Martin Sørvig. Søvig blei målarmeister i Bergen i 1860, og byrja etterkvart å måla skipsportrett og anna maritim kunst. Søvig måla hovudsakleg oljemåleri. Han stilte ut i Noreg og utlandet, mellom anna i London i 1883. Han døydde i Fana.[1]

Det finst verk av Søvig ved Bergen Sjøfartsmuseum,[2] Historisk museum i Bergen,[1] Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo og Sjöhistoriska museet i Sverige.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Bjørklund, Jarle (20. februar 2017). «Theodor Søvig». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Maleri», digitaltmuseum.no, henta 21. august 2021 
  3. «Toppsegelskonert, råsegeljakt», digitaltmuseum.se, henta 21. august 2021