Maritim kunst

Maritim kunst er ei form for biletkunst som skildrar eller er sterkt inspirert av havet. Maritime måleri er ein sjanger som skildrar skip og sjø, og var særleg viktig som sjanger frå 1600- til 1800-talet.[1] I røynda dekker omgrepet ofte kunst som viser skipsfart på elvar og elvemunningar, strandscener og all kunst som viser båtar, utan noka skarp avgrensing - av praktiske årsaker kan emne som kan teiknast eller malast frå tørt land vera særs passande innan sjangeren.[2]

'Storm på Genesaretsjøen' av Rembrandt (1633).
Ukiyo-e-trykk av Båtar i snø

Skip og båtar har blitt avbilda i kunst frå dei tidlegaste tidene, men marin kunst byrja berre å bli ein distinkt sjanger, med spesialiserte kunstnarar, mot slutten av mellomalderen. Han fanst då mest i form av «skipsportrettet», ein type arbeid som framleis er populært og konsentrerer seg om å visa eit enkelt fartøy. Då landskapsmåleriet utvikla seg under renessansen, bøeo det som kunne kallast det marine landskapet eit viktigare element i verk, men reine landskap var ikkje vanlege før seinare.

Willem van de Velde den eldre Royal Prince blir teken under Firedagersslaget, 1666.

Maritim kunst, særleg maritime måleri, som ein eigen sjanger skild frå landskapskunst, byrja for fullt med nederlandsk gullaldermåleri på 1600-talet.[3][4][5] Maritime måleri var ein viktig sjanger innan nederlandsk gullaldermåleri, noko som gjenspeglar kor viktig utanlandsk handel og sjømakt var for den nederlandske republikken. Denne perioden hadde dei første spesialiserte maritime kunstnarane, som måla lite anna. I dette, som i mykje anna, har spesialist- og tradisjonelt marinemåleri i stor grad vidareført nederlandske konvensjonar til i dag. Med romantisk kunst blei havet og kysten teken tilbake frå spesialistane av mange landskapsmalarar, og verk utan nokre fartøy blei vanlege for første gong.

Maritim kunst fram til 1400Endra

 
Sivbåtpetroglyf ved Gobustan.

Fartøy på vatnet har vore skildra i kunst frå dei eldste tidene. Dei tidlegaste kjente verka er helleristingar frå 12 000 f.Kr. som viser sivbåtar i det som no er Gobustan petroglyf-reservat i Aserbajdsjan, som då var på breidden av det mykje større Kaspihavet. Helleristingar og utskorne gjenstandar som viser skip er funne på fleire øyar i Egearhavet (Andros, Naxos, Syros, Astypalaia, Santorini) og dessutan Fastlands-Hellas (Avlis), frå 4000 f.Kr. og seinare.

Både menn og gudar blir viste på elvebåtar i gammal egyptisk kunst; desse båtane var som regel laga av papyrus, men frakostane brukte av faraoane var av kostbar importert sedertre, som det 43,6 m (143 fot) lange og 5,9 m (19,5 fot) breie Khufu-skipet frå ca. 2500 f.Kr. Fresker av Nil-landskap i egyptiske graver graver viser ofte scener der ein driv jakt på fuglar frå båtar i Nildeltaet, og gravgods omfattar mellom anna detaljerte modellar av båtar og mannskapa deira for bruk i etterlivet. Det sentrale kultbildet i egyptiske tempel var vanlegvis ein liten skikkelse av guden som sat i ein slags lekter eller bark.

 
Odysseus og sirenene. Bilde på eiattisk raud-figur-krukke frå ca. 480-470 f.Kr.

Skip opptrer ein del i antikke greske vasemåleri, særleg når det er relevant i ein forteljande samanheng, og også på myntar og andre samanhengar, men med lite forsøk på å visa eit havlandskap. Som i egyptisk måleri kan vassoverflata vera indikert med ein serie parallelle bølgja linjer. Det romerske måleriet i antikken, truleg med utgangspunkt i greske tradisjonar, viser ofte landskapet frå land over ein innsjø eller bukt med fjernt land i horisonten, som i dei berømte Ulysses-måleria i Vatikanmusea. Vatnet er vanlegvis roleg, og gjenstandar som er heilt eller delvis nedsenka kan visast gjennom vatnet.[6] Den store Nil-mosaikken i Palestrina (1. hundreåret f.Kr.) er ein versjon av slike komposisjonar, med sikte på å visa heile elveløpet.

Frå seinantikken til slutten av mellomalderen har ein avbilda maritime motiv når ein trengde dei for å framstilla ei viss forteljing, men danna ikkje ein eigen sjanger i vesten, eller i asiatiske tusjmåleri der båtar likevel var vanlege motiv. Som maritime høgdepunkt frå mellomalderen Marikan ein nemna Bayeuxteppet frå 1000-talet, som viser skip brukte under den normanniske erobringa av England. Frå 1100-talet av hadde hamner ofte segl med "skipsportrett" på.[7] Skip kunne også vera bilde på kyrkja, som i den tapte Navicella-mosaikken til Giotto over inngangspartiet til den gamle Peterkyrkja i Roma, men slike framstillingar har vanlegvis relativt lite interesse frå eit reint maritimt synspunkt.[8]

Ei elv med ein liten båt eller to i var ein standardkomponent i kinesiske tusjmåleri, og mange viste innsjøar og sjeldnare kystutsyn. Likevel blei vatn ofte etterlate som eit kvitt mellomrom, med vekt på landelementa i scenen. Den meir realistiske hoffskulen for kinesisk måleri inkluderte ofte nøye skildringar av skipsfarten på dei store elvene i Kina i dei store horisontale rullane som viser panorama av byscenar med keisarane som dreg gjennom riket, eller av høgtider.

Panorama i hoffstil, Langs elva under qingming-høgtida, ein kopi frå 1700-talet av ein original frå 1100-talet av Zhang Zeduan. Bildet byrja på høgre side, og kulminerer over med at keisaren går ombord i lystbåten sin for å koma saman med dei feirande på elva.

1400-taletEndra

 
Vittore Carpaccio, 'Pilgrimar kjem til Köln', 1490.

Det byrja veksa fram ein tydeleg tradisjon i det tidlege nederlandske måleriet, med to tapte miniatyrar i Torino-Milano-tideboka, truleg av Jan van Eyck i rundt 1420, viser eit stort sprang i skildringa av havet og vêret. Han hadde også reine havlandskap, somReisa til heilage Julian og Marta,[9] men begge sidene blei øydelagsw i ein brann i 1904, og overlever berre på svart-kvitt-fotografiar. I resten av 1400-talet var illuminert manuskriptmåleri det viktigaste mediet for marinemåleri, og i Frankrike og Bourgogne spesielt blei mange kunstnarar dyktige i stadig meir realistiske skildringar av både hav og skip, brukt i illustrasjonar av krigar, romansar og hoffliv, så vel som religiøse scener. Scener med små lystbåtar på elvar finst nokre gongar i kalenderminiatyrar frå tidebøker av kunstnarar som Simon Bening.

I gotisk kunst fanst metallarbeidet nef, eit stort gullsmedarbeid med form som eit skip, som rikfolk kunne bruka til å halda bestikk, salt eller krydder. Opphavleg bestod det berre av eit skrog, men frå 1400-talet kunne skipa ha master, segl og tilmed mannskap. Då eksotiske Nautilus-skjel byrja bli innførte til Europa kunne desse bukast til skrog, som i Burghley Nef frå rundt 1528. Lengre nede i samfunnet kunne ein uttrykka interesse for skipsfart gjennom tidlege trykksaker av skip. Dei eldste er laga av Meister W med nykkel, som stod bak fleire graveringar av skip. Ei tid fanst slike «skipsportrett» berre som trykk og teikningar, og viste typisk eit skip utan mannskap, sjølv med fulle segl. Dei hadde også vanlegvis den låge horisonten som ein fyrst ville få i måleri på 1600-talet.[10] Det fyrste trykket av eit marineslag er eit enormt (548 x 800 mm) tresnitt av slaget ved Zonchio i 1499 mellom venetianarane og Det osmanske riket. Den einaste avbildinga av dette som er att er farga med stensilar; dei fleste blei truleg limt opp på veggar.[11] Det eldste samanliknbare måleriet som overlever blei laga fleire tiår seinare.[12]

På same tid var kunstnarar ofte involverte i utviklinga av vestleg kartografi, og meir bevisste enn det som alltid kan verka tydeleg av tids vitskaplege og nautiske framsteg. I følgje Margarita Russell viser eit av Erhard Reuwich sine tresnitt frå den første trykte reiseboka (1486) eit forsøk på å visa forståinga si av krumminga til jorda med eit skip halvt synleg i horisonten. Dei mange kystutsiktene i tresnitta av boka er viktige i utviklinga av slike framstillingar.[13] Fugleperspektivplanar for byar, ofte ved kysten, som ein i dag vanlegvis vurderte som kartografi, blei ofte laga av kunstnarar og rekna like mykje som kunstverk som kart av samtidige.[14]

Italiensk renessansekunst viste maritime scener når det var nødvendig, men bortsett frå den venetianske kunstnaren Vittore Carpaccio det var få kunstnarar i dette eller det neste hundreåret som ofte kom tilbake til slike scener, eller gjorde det med spesiell følsamheit. Carpaccio sine scenar viser venetianske kanalar eller kaianlegg; hans Soga om heilage Ursula viser fleire avreiser og kome. I dei tysktalende landa er Det vidunderlege kastet (1444) av Konrad Witz både det fyrste landskapsmåleriet til å visa ein gjenkjenneleg landleg stad, og eit stemningsfullt utsyn over Genfersjøen.

1500-taletEndra

 
Peter Brueghel, 'Marineslag i Napolibukta', ca. 1558

Den nederlandske tradisjonen med «verdslandskap», ei panoramautsikt frå eit svært høgt synspunkt, blei innført av Joachim Patinir i 1520-åra, byrja nok ein gang å inkludera eit breitt vassområde på ein ganske liknande måte som dei klassiske måleria, som desse kunstnarane ikkje kan ha kjende. Desse måleria var i det vesentlege landskap i form av historiemåleri, med små figurar som vanlegvis representerte eit religiøst emne. Eit sterkt marint element var derfor til stades då landskapsmåleriet byrja opptre som ein eigen sjanger. Den protestantiske reformasjonen avgrensa kraftig bruken av religiøs kunst, og akselererte utviklinga av andre sekulære typar kunst i protestantiske land, inkludert landskapskunst og sekulære former for historiemåleri, som begge kunne omfatta marin kunst.

 
Landskap med fallet til Ikaros, no rekna som ein god tidleg kopi av originalen til Bruegel.

Eit viktig verk av ein flamsk "læresvein av Patenir" er 'Dei portugisiske brakkene ved ein steinete kyst' frå rundt 1540 (787 x 1447 mm), ved National Maritime Museum i Greenwich i London, er blitt kalla det eldste reine maritime måleriet.[15] Dette viser truleg møtet mellom to små flåtar som er med på å eskortera ei portugisisk prinsesse som skal gifta seg; ein type seremonielt maritimt motiv som blei verande vanleg innan hoffkunst til slutten av 1600-talet, sjølv om det oftare synte ombordstigning eller framkome.[16] Eit anna døme er eit måleri i britiske Royal Collection som viser Henrik VIII som legg ut mot Gullbrokadeleiren og som er typisk i at det viser skipa tydeleg frå sida, utan forsøk på å tilpassa det til det høge synspunktet.[17]

 
'Henrik VIII legg ut ved Dover'

Ein flott fargelagt teikning av Hans Holbein den yngre av eit skip overfylt med fulle landsknektar blei kanskje gjort som ei førebuing til eit veggmåleri i London. Dette nytter det låge synspunktet som er typisk for skipsportrettet.[18]

Pieter Bruegel den eldre er kjend for utviklinga si av sjangermåleri som viser fram bondeliv, men måla også fleire maritime motiv, mellom anna 'Landskap med fallet til Ikaros' (ca. 1568); originalen av dette bildet er no rekna som tapt, medan måleriet i Det kongelege kunstmuseet i Belgia er rekna som ein god tidleg kopi av han. Bruegel måla også eit stort 'Marineslag i Napolibukta', frå 1560, no ved Galleria Doria-Pamphilj i Roma, og ein liten men dramatisk scene av eit forlis seint i karrieren. Ein stor stormscene i Wien som ein gong blei rekna som han er no tillagd Joos de Momper.[2] Slike motiv blei teken opp av etterfølgarane til Bruegel, medrekna sønene hans.

 
Storm ca. 1568, no tillagd Joos de Momper.

Den pittoreske og historisk nyttige Anthony Roll var eit luksuriøst illuminert manuskript med inventar av skipa i Royal Navy laga for Henrik VIII på 1540-talet. Det er likevel verken særs visuelt nøyaktig eller kunstnarisk utført, og kan ha blitt illustrert av tenestemannen som laga det.[19] Som i Frankrike er engelske måleri frå 1500-talet med forseggjorde kongelege ombordstigning og liknande høve formelle, men ofte imponerande. Dei fleste blei laga av nederlandske kunstnarar, det same galdt representasjonar i trykk av nederlaget til den spanske armadaen i 1588. 'Jomfrua til navigatørane' er eit spansk verk frå 1530 -åra med ei gruppe skip for anker, truleg i den nye verda, verna av jomfru Maria.

Under manierismen i både Italia og Nord-Europa byrja ein å mala fantastiske stormar med gigantiske bølgjer og himlar fylte av lyn. Dette hadde ein ikkje freista før, men motivet skulle koma tilbake på moten med ulike mellomrom i dei følgjande århundra. Etter kvart som marinekrigføring blei meir framtredande frå slutten av 1500-talet, blei det aukande etterspurnad etter verk som skildra det, og dette skulle bli verande eit vanleg emnet i maritimt måleri fram til 1900-talet. Dette trekte sjangeren i retning av historiemåleri, med vekt på presis og detaljert skildring av fartøy, akkurat som andre trendar trekte i retning av stadig meir illusjonistiske og subtile effektar i handsaminga av havet og vêret, parallelt med landskapsmåleriet. Mange kunstnarar kunne måla begge typar motiv, men andre spesialiserte seg på det eine eller det andre. På denne tida var likevel sjølandskap som viste ein stor del av sjøen og utan fartøy i det heile svært sjeldne.

Maritime måleri i den nederlandske gullalderenEndra

 
Hendrick Cornelisz Vroom, 1617, 'Nederlandske skip renn spanske galeiar i senk ved den flamske kysten i oktober 1602'

Dei sameinte Nederlanda hadde fiske og handel til sjøs som grunnlag for den eksepsjonelle rikdommen sin, dreiv sjøkrig med Storbritannia og andre nasjonar i perioden og blei kryssa på langs og tvers av elvar og kanalar. I 1650 var 95 % av skipa som passerte frå Nordsjøen til Austersjøen nederlandske.[20] Bilde av sjøslag fortalde historiene om ein nederlandsk marine på toppen av makta si, sjølv om det i dag vanlegvis er kalmane eller meir rolege scener som er mest vektlagde. Det er derfor inga overrasking at sjangeren maritimt måleri var enormt populær i nederlandsk gullaldermåleri, og blei ført til nye høgder av nederlandske kunstnarar i denne perioden.[21] Som med landskap var flyttinga av synspunktet frå den kunstige forhøgde utsikta som var typisk for tidlegare marinemåleri til eit lågare utsiktspunkt eit avgjerande steg, og blei teke av den første store nederlandske marinespesialisten Hendrick Cornelisz Vroom.[22]

Som regel flaggar tilmed små skip på bilda med det nedelandske flagget, og mange fartøy kan identifiserast som marine eller eit av dei mange andre skipa til styresmaktene. Mange bilde inkluderte noko land, med utsikt over stranda eller hamna, eller utsikt over ein elvemunning. Andre kunstnarar spesialiserte seg på elvescenar, frå dei små bilda av Salomon van Ruysdael med små båtar og sivbankar til dei store italienske landskapa til Aelbert Cuyp, der sola vanlegvis går ned over ei brei elv. Sjangeren har naturlegvis mykje til felles med landskapsmåleri, og i utviklinga av himmelskildringar gjekk dei to saman; mange landskapskunstnarar måla òg strand- og elvescenar. Artistar hadde sannsynlegvis ofte presise modellar av skip tilgjengelege for å hjelpa dei med å oppnå nøyaktige skildringar.[23] Kunstnarar innan denne tradisjonen var mellom anna Jan Porcellis, Simon de Vlieger, Jan van de Cappelle og Hendrick Dubbels.[24]

 
Salomon van Ruysdael, typisk 'Utsyn over Deventer sett frå nordvest' (1657)

Den produktive verkstaden som Willem van de Velde den eldre og sonen hans leia dei siste tiåra hadde ein tendens til å gjera skipet til motivet, som i byrjinga av hundretår, men tok med framstega i verka frå tidlegare tiår der vekta hadde vore på havet og vêret. Den yngre van de Velde var sterkt påverka av Simon de Vlieger, som han hadde studert under. Den eldre van de Velde hadde først vitja England på 1660-talet, men både far og son forlét Holland permanent til fordel for London i 1672, og etterlét meisteren for hard sjø, den tyskfødde Ludolf Bakhuizen, som den leiande kunstnaren i Amsterdam.[25] Reinier Nooms, som hadde vore ein sjømann og signerte verka sine Zeeman ('sjømannen'), spesialiserte seg på svært nøyaktige slagcenar og skipsportrett, med ei viss interesse for effektar av lys og vêr, og det var stilen hans som skulle følgjast av mange seinare spesialiserte kunstnarar. Abraham Storck og Jan Abrahamsz Beerstraaten var andre slagpesialistar. Nooms måla òg fleire scener med vedlikehalds- og reparasjonsoperasjonar på verftet, som er uvanlege og av historisk interesse.[26]

Tradisjonen med maritimt måleri fortsette i den flamske delen av Nederland, men var mykje mindre framtredande, og det tok lengre tid å rista av seg den manististiske stilen med forliset blant fantastiske bølgjer. Dei fleste måleria var små zeekens, medan nederlendarane måla både store og små verk. Den leiande kunstnaren var Bonaventura Peeters.[27]

 
Ludolf Bakhuizen, nederlandske krigsskip i vanskar ved Gibraltar, ei ekte hending frå 1690

Den nederlandske stilen blei eksportert til andre land av ulike kunstnarar som emigrerte, og blei også etterlikna av utanlandske kunstnarar. Dei viktigaste utvandrarane var dei leiande marinekunstnarane i Amsterdam, far og son Willem van de Velde. Etter at dei hadde skildra nederlandske maritime sigrar over engelskmennene i fleire tiår, braut kunstmarknaden saman i det såkalla katastrofeåret (rampjaar) 1672, og dei tok imot ein invitasjon frå det engelske hoffet om å flytta til London, der dei brukte resten av livet på å mala krigane frå den andre sida. Artistar som laust blir sagt å ha følgt stilen deira inkluderer Isaac Sailmaker, sjølv om han komen frå Nederlanda til England minst 20 år tidlegare, og hadde ein svært forskjellig stil frå deira; Peter Monamy, med ein stil avleidd frå mange maritime malarar i tillegg til van de Veldes, som Nooms, Peeters og Bakhuizen; og fleire andre, som Thomas Baston og brørne Vale, som måla i den opphavlege engelske tradisjonen.

Maritim marin var i aukande grad stort sett blitt overlaten til spesialistar, med sjeldne unntak som Rembrandt sin Storm på Genesaretsjøen frå 1633, det einaste verkelege havlandskapet hans.[28] Van Dyck utførte fine teikningar av den engelske kysten frå båtar frå Rye, visstnok medan han venta på skipet sitt til kontinentet, men laga aldri måleri av motivet. Nokre av Rubens sine måleri viser hav og skip, men er ikkje så ekstravagante og stiliserte at dei kan kallast maritim kunst. Claude Lorrain utvikla derimot ein innverkandsrik type hamnescene, vanlegvis med utsyn mot havet ved soloppgang eller solnedgang, og ekstravagante klassiske bygningar reiser seg på begge sider. Dette vidareutvikla ein tradisjon med italienske hamnescener av nordlege kunstnarar (italienske kunstnarar interesserte seg lite for slike scenar) som går tilbake minst så langt som Paul Bril og var særleg populær i Flandern, med Bonaventura Peeters og Hendrik van Minderhout, ein utvandrar frå Rotterdam, som dei leiande eksponentane der, og Jan Baptist Weenix i den nederlandske republikken.[29]

1700-taletEndra

 
William Hodges, The Resolution and Adventure in Matavai Bay (Tahiti), 1776.

Hundreåret gav ein overflod av militære handlingar å skildra, og før Annus Mirabilis i 1759 hadde engelskmennene og franskmennene omtrent like mange sigrar å feira. Det fanst betydelege tal av særs dyktige spesialistartistar i fleire land. Dei fortsette å utvikla den nederlandske stilen frå det førre hundreåret, nokre gangar på ein ganske formell måte, med svært nøyaktige avbildingar av skip. Dette var eit krav for dei mange måleria som blei bestilte av kapteinar, reiarar og andre med nautisk kunnskap, og mange av kunstnarane hadde nautisk erfaring sjølv.[30] Til dømes hadde Nicholas Pocock stige i gradene til å blir meister for eit handelsskip, og lært å teikna medan han var til sjøs. Som offisiell marinemålar for kongen var han til stades ved eit større sjøslag, «Glorious First of June» i 1794, ombord i fregatten HMS «Pegasus». Thomas Buttersworth hadde vore i marinen og var med i fleire trefningar fram til 1800. Franskmannen Ambroise Louis Garneray, som hovudsakleg var aktiv som målar det neste hundreåret, var ein erfaren sjømann, og presisjonen i måleria hans av kvalfangst blei rosa av forteljaren i Moby Dick av Herman Melville, som berre kjente dei frå trykk.[31] I den nedre enden av marknaden hadde hamner i mange europeiske land no fått seg faste kunstnarar" som kunne måla billege skipsportrett som vanlegvis var ganske nøyaktige med omsyn til funksjonane og rigginga av skipet. Desse var etterspurde av sjøfolk, men var kunstnarisk sett svært formulaiske.[32]

Dei venetianske kunstnarane Canaletto og Francesco Guardi laga vedutamåleri der kanalane, gondolane og andre små fartøy og lagunen i Venezia er dei mest framtredande trekka. Mange av Guardi sine seinare verk viser knapt land i det heile, og Canaletto sine verk frå perioden hans i England har òg stort sett ei elv og båtar. Begge produserte eit stort tal verk, ikkje alle av same kvalitet, men dei beste måleria deira handterer vatn og lys framifrå, men i veldig forskjellige stemningar, sidan Canaletto si verd alltid er lys og solrik der Guardi si ofte er overskya, om ikkje tåkete og dyster.

 
'Forliset', 1772, av Claude Joseph Vernet

Sjøkadettar blei no oppfordra til å læra å teikna, sidan nye sjøkart som blei laga til sjøs blei forventa å også ha ein «kystprofil», eller skisser av landet bak. Ein utpeikte kunstnarar til å undervisa i emnet ved marineskular, mellom anna John Thomas Serres, som gav ut Liber Nauticus, and Instructor in the Art of Marine Drawings i 1805/06. Profesjonelle kunstnarar blei no ofte sende på ekspedisjonarr, som William Hodges (1744–1797) på James Cooksi andre reise til Stillehavet, og eksotisk kystscenar var populære både som måleri og trykk.

Trykka var blitt like viktige som inntektskjelde som det opphavlege måleriet for nokre kunstnarar, til dømes den mykje graverte franske målaren Claude Joseph Vernet (1714–1789), som både gjenoppliva noko av ånda av stormen frå manierismen, og såg framover til romantikken, i store og ekstrem dramatiske scener med stormar og forlis.

Han fekk òg i oppdrag av dei franske styresmaktene å laga ein serie utsyn frå franske hamner,[2] med det underlege resultatet at mange av verka hans som viser handelsskip er svært valdsame, og at dei fleste som viser marinefartøy er veldig rolege. Han utvikla òg ein type Claude-aktig stor hamnescene, ved solnedgang og med eit generalisert middelhavsmiljø, som blei etterlikna av mange kunstnarar. Ein annan tidleg romantisk fransk, eller i det minste alsassisk-sveitsisk, kunstnar var Philip James de Loutherbourg (1740–1812), som hadde mesteparten av karrieren sin i England, der han fekk i oppdrag av styresmaktene å produsera ei rekke verk som skildra marinesigrar. Watson and the Shark er eit berømt marinehistorisk bilde frå 1778 av John Singleton Copley.

 
Den store bølgja ved Kanagawa, av Hokusai, ca. 1830

I Aust-Asia hadde nok det at ein vende seg vekk frå omfattande maritim aktivitet både på kinesisk og japansk hald på same tid som den vestlege renessansen fann stad bidratt til å hemma utviklinga av maritime tema i kunsten til desse landa, men den populære japanske tradisjonen ukiyo-e som utvikla seg frå 1600-talet av inneheldt veldig ofte kyst- og elvescenar med fartøy. 'Den store bølgja ved Kanagawa' (1832) av Hokusai er det best kjende av alle ukiyo-e-bilde.

Romantikken og seinareEndra

 
J.M.W. Turner, The Slave Ship, 1840

I den romantiske perioden blei det marine måleriet teke opp att som vanleg kunst, sjølv om mange spesialiserte malarar fortsette å utvikla skipsportrett-sjangeren. Antoine Roux og sønene hans dominerte maritim kunst i Marseille gjennom 1800-åra med detaljerte avbildingar av skip og maritimt liv. Eit av dei største kunstverka frå romantikken er Théodore Géricault sitt måleri Medusas flåte (1819), og for J.M.W. Turner var det å måla havet eit livslangt prosjekt. Medusa er ei radikal form for historiemåleri, medan verka til Turner, sjølv når dei viser historiske emne, mest blir oppfatta som landskap. Det offentlege bestillingsverket hans The Battle of Trafalgar (1824) blei kritisert for unøyaktigheit, og dei mest personlege seine verka hans gjer ikkje noko forsøk på nøyaktige detaljar, og har ofte lange titlar for å forklara det som elles kan verka som ein uleseleg masse «såpeskum og kalkmåling», som The Athenaeum kalla Turner sitt verk Snow Storm - Steam-Boat off a Harbour's Mouth making Signals in Shallow Water, and going by the Lead. The Author was in this Storm on the Night the Ariel left Harwich of 1842.[33]

 
Ivan Ajvazovskij, 'Den niande bølgja', 1850

Dansk kunst på denne tida avbilda mange kystscener, med vekt på rolege farvatn og stille, gylt lys. Desse påverka tyskaren Caspar David Friedrich, som la til element av romantisk mystisisme, som i 'Livets stadium' (1835); han 'Hav av is' er mindre typisk, med eit bilde av eit forlis i eit polart miljø. Ivan Ajvazovskij fortsette dei gamle motiva med slag, forlis og stormar innan den russiske romantikken, som i 'Den niande bølgja' (1850).

Elve-, hamne- og kystscenar, typisk med berre små båtar til stades, var populære hjå Corot og i Barbizon-skulen, særleg Charles-François Daubigny. Mange av dei mest kjende verka til den innverknadsrike russiske landskapsmålaren Isaak Levitan viste rolege sjøar og dei store elvene i Russland, som han og mange andre kunstnarar såg på med nasjonal byrgskap. Gustave Courbet måla ei rekkje scenar av strender med klipper og utsyn over havet med bølgjer som braut mot ein strand, vanlegvis utan menneske eller fartøy. På 1860-talet måla Édouard Manet fleire måleri som skildra viktige hendingar i nytheitene, som 'Slaget til Kearsarge og Alabama' frå 1864, til minne om eit sjøslag som gjekk føre seg under Borgrarkrigen i USA same året.[34]

 
HMS Pomone, fargelitografi av T. G. Dutton, etter eit måleri av G.F. St.John

Skipportrettsjangeren blei ført til Amerika av ei rekkje emigrantar, dei fleste engelske som James E. Buttersworth (1817–1894) og Robert Salmon. Luministen Fitz Henry Lane (1804–1865) var den tidlegaste av ei rekke artistar som utvikla amerikanske stilar basert på landskapskunst; han måla små båtar for anker i rolege små bukter. Martin Johnson Heade var medlem av Hudson River-skulen, og mol rolege scener, men òg trugande stormar med alarmerande mørkre. Winslow Homer spesialiserte seg i aukande grad i maritime scenar med små båtar mot slutten av hundreåret, ofte med båtar blant store bølgjer på ope hav, som i måleriet The Gulf Stream.Thomas Eakins måla ofte elvescenar, mellom anna Max Schmitt in a Single Scull (1871).[2] Thomas Goldsworthy Dutton (1820-1891) har rykte som ein av dei beste litografane på 1800-talet i høve nautiske scenar og skipsportrett.[35]

 
Sjøbading, stranda ved at Étretat av Eugène Lepoittevin, 1864. Identifiserte personar er mellom anna Guy de Maupassant, i blå lue til venstre.[36]

Seinare på hundreåret, då kysten i aukande grad blei sett på som ein stad for nyting i staden for arbeid, blei strandscenar og kystlandskap utan sjøfart framtredande for første gong, ofte med klipper og fjellformasjonar, som tidlegare hovudsakleg hadde opptredd i scenar av forlis. Mange seinare strandscener blei stadig meir overfylte, etterkvart som ferierande tok over strendene i Europa. Eugène Lepoittevin måla maritime motiv som spente frå sjøslag og skipsvrak til scenar med fiskarar i arbeid og badarar som slappar av på stranda ved Étretat i Normandie. Eugène Boudin sine scenar av strende i Nord-Frankrike kan sjå kjende ut for moderne skodarar, trass i dei omfattande kleda til kvinnene som sit i strandstolar. Impresjonistar måla mange scenar av strender, klipper og elver, særleg Claude Monet, som ofte vende tilbake til Courbet sine motiv, som i 'Stormfull sjø i Étretat'. Det var hans Impression, solei levant (1872), eit utsyn over havet ved hamna i Le Havre, som gav namn til impresjonismen. Elvescenar var særleg vanlege blant impresjonistane, særleg hjå Monet og Alfred Sisley.[2]

 
Painting of Dazzle-ships in Drydock at Liverpool, av Edward Wadsworth, 1919

Dne spanske målaren Joaquín Sorolla måla mange strandscenar, typisk med nokre få figurar sett nære, i kontrast til dei mindre figurane på dei fleste strandmåleri. Amerikanske kunstnarar som måla strender og kystar, typisk med færre folk på, var mellom anna John Frederick Kensett, William Merritt Chase, Jonas Lie og James Abbott McNeill Whistler, som hovudsakleg målar elver og kanalane i Venezia. Mot slutten av 1800-talet skapte den amerikanske målaren Albert Pinkham Ryder stemningsfulle og mørkt visjonære tidlege modernistiske havlandskap. Fauvist- og pointillist-grupper hadde med roleg vatn i mange av sine arbeid, det hadde også Edvard Munch i dei tidlege måleria sine. I England kan ein merka seg Newlyn-skulen og den naive fiskarkunstnaren Alfred Wallis.

 
Seascape av Roy Lichtenstein, 1965, Philadelphia Museum of Art

Den nokså tradisjonelle britiske marinekunstnaren Norman Wilkinson fann opp blendingsmåling under fyrste verdskrigen. Dette var ei form for kamuflasje der skip blei måla i sterke mønster med resultat som ikkje var ulike vorticisme. Då den amerikanske marinen innførte ideen i 1918 fekk Frederick Judd Waugh ansvar for designet.

Spesialiserte marine malarar som konsentrerer seg om skipsportrett har halde fram, med kunstnarar som Montague Dawson (1895–1973), med verk som var svært populære i reproduksjon. Som mange andre fann han at verk som viser tradisjonelle seglskip var meir etterspurde enn moderne fartøy. Sjølv i 1838 viste Turner sitt måleri The Fighting Temeraire tugged to her last Berth to be broken up, eit av hans mest kjente verk, nostalgi for seglskiptida. Maritimee emne trekk framleis til seg mange kunstnarar, og meir populære former for maritim kunst er framleis populære, som vist av den parodiske måleriserien av Vitaly Komar og Alexander Melamid kalla America's Most Wanted Painting, med variantar for fleire land, nesten alle med utsyn over ein innsjø.[37] Maritim kunst var òg ein spesialitet for samtidsrealisten Ann Mikolowski (1940–1999), som mellom anna laga studiar av kystane til Dei store sjøane og Atlanterhavet.

Galleri frå 1800-taletEndra

Galleri frå 1900-taletEndra

KjelderEndra

 

  • Denne artikkelen bygger på «Marine art» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2021.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Contemporary American Marine Art by American Society of Marine Artists, Richard V. West, American Society of Marine Artists, Cummer Museum of Art and Gardens, Charles and Emma Frye Art Museum, Published by University of Washington Press, 1997 ISBN 0-295-97656-X, 9780295976563 (accessed Jan. 15, 2009 on Google Book Search)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Cordingley, D., Marine art i Grove Art Online. Henta 2. april 2010
  3. Russell, Margarita: Visions of the Sea: Hendrick C. Vroom and the Origins of Dutch Marine Painting. (Leiden: Brill Academic Publishers, 1983)
  4. Keyes, George S.: Mirror of Empire: Dutch Marine Art of the Seventeenth Century [exh. cat.]. (Minneapolis: Minneapolis Institute of Arts; Cambridge: Cambridge University Press, 1990)
  5. Giltaij, Jeroen; Kelch, Jan; et al. (eds.): Praise of Ships and the Sea: The Dutch Marine Painters of the 17th Century [exh. cat.]. (Rotterdam: Museum Boijmans Van Beuningen, 1997)
  6. Russell, 4
  7. Russell, 51
  8. Hall, 84-85
  9. Kren, 84, note 1. Châtelet, 34–35 and 194–196 – both are illustrated there.
  10. Russel, 53
  11. McDonald, 104-105,British Museum highlights Arkivert 2015-10-18 ved Wayback Machine.
  12. The Greenwich Portuguese carracks - see next section.
  13. Russell, 24-32
  14. Russell; this is the main theme of here chapter 2, especially pp. 45-46
  15. Russell, 40-41, og Grove
  16. National Maritime Museum Arkivert 2010-06-17 ved Wayback Machine.; sjå òg Grove.
  17. Russel, 53
  18. Stadel, Frankfurt, Holbein drawing, see also Russell, 53, and illus. p.54
  19. The conventional view, although Russell seems unpersuaded of this, see p. 43
  20. Slive, 213
  21. Slive, 213, the start of his chapter 9, which is devoted to Marine painting
  22. Slive, 213-216
  23. Russell, 57-61
  24. Described in Slive, 216-220
  25. Slive, 220-224
  26. Slive, 223
  27. Vlieghe, 198-200
  28. Slive, 214
  29. Vlieghe, 178 and 199-200
  30. Grove; Slive, 213
  31. "But, taken for all in all, by far the finest, though in some details not the most correct, presentations of whales and whaling scenes to be anywhere found, are two large French engravings, well executed, and taken from paintings by one Garnery. Respectively, they represent attacks on the Sperm and Right Whale... " and "Who Garneray the painter is, or was, I know not. But my life for it he was either practically conversant with his subject, or else marvelously tutored by some experienced whaleman. (CHAPTER 56: Of the Less Erroneous Pictures of Whales and the True Pictures of Whaling Scenes), Moby Dick.
  32. Harold Osborne, Anthony Langdon. "Marine painting", in The Oxford Companion to Western Art, Ed. Hugh Brigstocke. Oxford University Press, 2001. Oxford Reference Online. Oxford University Press. accessed 5 October 2010
  33. Andrews 177-178; Snowstorm.
  34. Philadelphia Museum of Art Retrieved April 8, 2010
  35. T.G.Dutton
  36. «Lot 123: Eugène Moodeste Edmond Le Poittevin, Bathing in Étretat». www.sothebys.com. 
  37. Andrews, 21, and Most Wanted and Least Wanted Paintings

BibliografiEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Maritim kunst
  • D. Cordingly: Marine Painting in England: 1700–1900(London, 1974).
  • W. Gaunt: Marine Painting: An Historical Survey(London, 1975).
  • J. Taylor: Marine Painting: Images of Sail, Sea and Shore(London, 1995) .
  • E. H. H. Archibald: Dictionary of Sea Painters(Woodbridge, 1981) .
  • J. Wilmerding: A History of American Marine Painting(Boston, MA, 1968) .