Theodore Gill

amerikansk bibliotekar

Theodore Nicholas Gill (21. mars 183725. september 1914) var ein fiskeforskar frå New York i USA. Gill var professor i zoologi ved George Washington University i Washington, D.C.

Theodore Gill
Theodore Nicholas Gill.jpg
Fødd 21. mars 1837
New York by
Død

25. september 1914 (77 år)
Washington

Yrke bibliotekar, zoolog, akademikar, iktyolog, faglitterær forfattar, skribent, malakolog, paleontolog, taxonomist
Theodore Gill på Commons
Theodore Nicholas Gill

Theodore Gill gav ut meir enn 500 vitskaplege artiklar, dei fleste innan iktyologi, men frå 1870-åra studerte han også andre dyretypar. Han var akta som taksonom og klassifiserte særleg familiar og ordenar.

Gill skildra mellom anna familiane epåletthaiar (Hemiscyllidae) i 1862, sabeltannkattar (Machairodontinae), furespissmus (Solenodontidae) og manatar Trichechidae i 1872 og tangsprellfamilien (Pholidae) i 1893; slekta hyse (Melanogrammus) i 1862; og artane gulhala kirurgfisk (Prionurus punctatus) i 1862, kortnasa ål (Simenchelys parasitica) i 1879, Lucas-barracuda (Sphyraena lucasana) i 1863.

BakgrunnsstoffEndra