Teofilus

mannsnamn
(Omdirigert frå Theophilos)

Teofilus eller Theophilos er eit gresk mannsnamn sett saman av theos, 'gud', og philos, 'kjærleik'. Namnet tyder ein som elskar Gud.

Namnet finst mellom anna som latinsk Theophilus, fransk Théophile, spansk og portugisisk Teófilo og tysk Theophil. Theophile har vore bruka som ei hokjønsform. Namnet er òg omsett til latin som Amadeus og til tysk som Gottlieb.

Teofilus som bibelsk namn endre

Både Evangeliet etter Lukas og Apostelgjerningane er dedikerte til Teofilus. Denne dedikasjonen er det vanleg å forstå symbolsk, Teofilus kan vere eit namn som omfattar alle dei som vil ta imot den bodskapen skriftet ber med seg.

Bruk av namnet i Noreg endre

Teofilus er ikkje noko vanleg namn i Noreg:

  • I folketeljinga i 1801 var det seks som heitte T(h)eophilus i Noreg
  • I folketeljinga i 1900 var det berre to som oppgav T(h)eophil(us) til førenamn, ei heitte Theophile.

Kjende namneberarar endre

Sjå òg: endre