Therese Bjørneboe

Eva Therese Bjørneboe (fødd 1. mars 1963) er ein norsk redaktør og teatermeldar. I åra 1983–1985 var Bjørneboe redaktør for Rød Ungdoms tidsskrift Rute 80, og frå 1994 til 1996 kulturredaktør i Klassekampen.

Therese Bjørneboe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mars 1963 (61 år)
Yrke redaktør, journalist
Far Jens Bjørneboe Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Dag Solstad Sjå dette på Wikidata
Prisar Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris, Willy Brandt-prisen, Heddakomiteens ærespris
Therese Bjørneboe på Commons

Ho er teatermeldar i Aftenposten, frå 1998 redaktør for Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift, og har sete i styret for Det norske Shakespeareselskap, der ho i 2014 vart utnemnd til æresmedlem. Ho er cand. philol.

Bjørneboe er gift med forfattaren Dag Solstad. Ho er dotter av Jens Bjørneboe og søster av Suzanne og Marianne Bjørneboe.

Eva Therese Bjørneboe vart i 2011 tildelt Willy Brandt-prisen og fekk i 2019 Norsk kulturråds ærespris[1].

Utgivingar endre

  • Jens Bjørneboe. Utvalgte essays (Pax forlag, 1989). Redaktør
  • Jens Bjørneboe. Brev i utvalg (Pax forlag, 2006). Redaktør sammen med Tore Rem.

Kjelder endre

  1. «Therese Bjørneboe får Kulturrådets ærespris for 2019». 26. september 2019. Henta 13. oktober 2019.