Thomas Alexandre Dumas
Thomas Alexandre Dumas, eigentleg Thomas Alexandre Davy de la Pailleterie, (25. mars 1762–26. februar 1806) var ein fransk general, fødd på Santo Domingo i Haiti og død i Villers-Cotterets. Han var far til forfattaren Alexandre Dumas den eldre.
Thomas Alexandre Dumas | |||
| |||
Fødd | 25. mars 1762 Jérémie | ||
---|---|---|---|
Død | 26. februar 1806 (43 år) | ||
Statsborgar av | Frankrike, Haiti | ||
Yrke | offiser | ||
Mor | Marie-Cessette Dumas | ||
Far | Alexandre Antoine Davy de la Pailleterie | ||
Ektefelle | Marie-Louise-Élisabeth Labouret Dumas | ||
Barn | Alexandre Dumas den eldre |
Dumas var sonen til marki Pailleterie og ei svart slavinne, Marie-Césette Dumas. Då han var 12 år gammal, døydde mora, og faren tok han attende til Frankrike og let han få ei aristokratisk utdanning. Med mora sitt namn gjekk Thomas Alexandre Dumas i 1786 inn i den franke hæren som husar. Han gjorde karierre i revolusjonsåra, og deltok som høg offiser i krigar i Italia og Egypt.
Han vart gift med Marie-Louise Elisabeth Labouret i 1792. I 1802 vart sonen Alexander fødd. Sonen vart seinare ein vidgjeten forfattar, og i verka sine skal han ha dikta vidare på talrike eventyrlege episodar frå livet til faren.