Santo Domingo
Santo Domingo de Guzmán, kjend som Santo Domingo, er hovudstaden i Den dominikanske republikken med omtrent 2 millionar innbyggjarar. Han blei grunnlagd av bror til Christofer Columbus og blei den første byen i «den nye verda». Santo Domingo ligg der elva Ozama munnar ut i det karibiske havet.
Santo Domingo de Guzmán | |||
---|---|---|---|
Satellittbilde av Santo Domingo frå mai 1992 | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | Den dominikanske republikken | ||
Grunnlagd | 1496 | ||
Borgarmeister | Roberto Salcedo | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1 302,2 km² | ||
Flatevidd - By |
104,44 km² | ||
Innbyggjarar - By (2006) |
2,552,398 | ||
Koordinatar | 18°30′0″N 69°59′0″W / 18.50000°N 69.98333°W | ||
Høgd over havet | 14 m | ||
Tidssone | UTC-4 (UTC-4) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://adn.gob.do |
Historie
endreByen blei grunnlagd mellom 1496 og 1498, som Santo Domingo de Guzmán, av Bartolomeo Columbus (Bartolomé Colón), bror av Christofer Columbus, på den austre breidda av Ozama. I 1502 blei han utvida til å omfatta vestrbreidda.
I Santo Domingo blei det første citadellet, det første sjukehuset (hospital de San Nicolás de Bari), den første katedralen (catedral de Santo Domingo) og det første klosteret (Monasterio de San Francisco) på den vestlege halvkula oppført.
Bakgrunnsstoff
endre- Santo Domingos historie Arkivert 2006-12-10 ved Wayback Machine..