Thomas Kahlenberg
dansk fotballspelar
Thomas Kahlenberg (fødd 20. mars 1983 i Hvidovre i Region Hovedstaden) er ein dansk fotballspelar, som i 2010/11-sesongen spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga, og for det danske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Thomas Kahlenberg | ||
Fødd | 20. mars 1983 | ||
Fødestad | Hvidovre i Danmark | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Wolfsburg | ||
Nummer | 8 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1997-98 1998-2001 |
Hvidovre Brøndby | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-05 2005-09 2009- |
Brøndby Auxerre Wolfsburg |
97 (28) 130 (19) 9 (0) | |
Landslag | |||
2002-06 2003- |
Danmark U21 Danmark |
26 (10) 35 (4) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. mars 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010 |
Kahlenberg vart seriemeister i Danmark med Brøndby i 2005, og spelte òg éin ligakamp då Brøndby vart seriemeistrar i 2002. Han vart kåra til årets unge danske spelar i 2004. Han debuterte for Danmark sitt A-landslag 30. april 2003 i ein privatlandskamp mot Ukraina. Han var den yngste spelaren i Danmark sin tropp til fotball-EM i 2004, men fekk ikkje spela nokon kampar i turneringa. Han var òg med i troppen til fotball-VM i 2010, der han spelte i alle Danmark sine tre kampar.