Thomas Numme

Norsk programleiar

Thomas Numme (fødd 28. februar 1970 i Sandefjord) er ein norsk programleiar som mellom anna var med å leia talkshowet Senkveld med Thomas og Harald som gjekk på TV 2 saman med Harald Rønneberg frå 2003 til 2018.[1][2]

Thomas Numme
Thomas Numme (cropped).jpg
Fødd28. februar 1970 (52 år)
FødestadSandefjord
Verka somprogramleiar, journalist, musikar, handballspelar
FarYngvar Numme
EktefelleAnnette Walther Numme
PrisarSolprisen, Gullrutens hederspris, Gullruten for beste programleder
Thomas Numme til venstre i lag med Harald Rønneberg.

BakgrunnEndra

Han er son av Yngvar Numme, artisten frå humorgruppa Dizzie Tunes. Han voks opp i Sandefjord, og var som ungdom ein lovande handballspelar, men måtte avslutte karrieren sin grunna mykje skade og sjukdom.[3]

Thomas Numme har ei radioutdanning frå Høgskulen i Volda.[4]

Thomas Numme debuterte i riksmedia som programleiar og reportar i radioprogrammet Holger Nielsens MetodeNRK P3. Etter dette var han programleiar for barne-TV-programmet Nå er det nå, og etter dette for NRK-programmet Trigger saman med Solveig Kloppen. I januar 2003 vart Numme og makkeren hans, Harald Rønneberg, programleiarar for den nye fjernsynssatsinga IdolTV2. Det blei en stor suksess, og frå hausten 2003 var radarparet programleiarar for Senkveld med Thomas og Harald på TV 2.

Numme bur i dag i Oslo saman med kona Annette Walther og deira tre born.[5]

KjelderEndra

  1. NRK (30. november 2017), «TV 2-suksessen Senkveld avsluttes etter neste sesong», NRK (på norsk bokmål), henta 12. desember 2022 
  2. «Siste Senkveld-sending», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 12. desember 2022 
  3. Andersen, Elisabeth (29. april 2022), «Thomas Numme deler dramatisk historie fra tenårene: – Måtte lære meg å gå igjen», Nettavisen (på norsk), henta 12. desember 2022 
  4. «Thomas Numme», TV 2 (på norsk), 28. mars 2008, henta 12. desember 2022 
  5. Solberg, Julie (20. januar 2019), «- Jeg har fått meg en hobby for første gang», dagbladet.no (på norsk), henta 12. desember 2022 

BakgrunnsstoffEndra