Thomas Sørensen
Thomas Løvendahl Sørensen (fødd 12. juni 1976) er ein dansk fotballspelar, som i 2009/10-sesongen spelar for Stoke City i engelsk Premier League og for det danske landslaget. Han har spelt i to store meisterskap for Danmark: VM i fotball 2002 og EM i fotball 2004.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Thomas Løvendahl Sørensen | ||
Fødd | 12. juni 1976 | ||
Fødestad | Fredericia | ||
Høgd | 196 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Stoke City | ||
Nummer | 29 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Erritsø Assens FC OB | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1994-98 1996 1997-98 1998-2003 2003-08 2008- |
Odense Vejle (lån) Svendborg (lån) Sunderland Aston Villa Stoke City |
0 (0) 6 (0) 50 (0) 171 (0) 139 (0) 61 (0) | |
Landslag | |||
1993-97 1999- |
Danmark U21 Danmark |
1 (0) 86 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 27. februar 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010 |
Sørensen vart fødd i Fredericia. Han starta karrieren sin i Odense Boldklub i 1995. Han gjekk i 1996 på lån til Vejle BK der han spelte seks kampar. I 1997 gjekk han til Svendborg fB der han fekk 50 kampar. I 1998 reiste han til England og Sunderland, der han mellom anna heldt den norske landslagskeeperen Thomas Myhre på reservebenken i 2002/03-sesongen. Sørensen spelte i Sunderland fram til 2003, då han gjekk til Aston Villa. Han spelte 139 ligakampar for Aston Villa fram til 2008, då han gjekk til Stoke City.
Thomas Sørensen debuterte for det danske A-landslaget i november 1999, som innbytar for ein skada Peter Schmeichel. Under fotball-EM i 2000 var han reservekeeper for Danmark. I 2001 vart han fast landslagskeeper for Danmark under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2002, og spelte alle Danmark sine kampar under VM. Han spelte òg i alle Danmark sine kampar under fotball-EM i 2004.
Sørensen har to born.
Kjelder
endre- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 8. mars 2010.