Thomas Simpson

britisk matematikar

Thomas Simpson (20. august 171014. mai 1761) var ein sjølvlærd britisk matematikar. Han arbeidde ei tid som vevar og skreiv samstundes A New Treatise on Fluxions (1737) (forbetra utgåve 1750). I 1743 vart han professor ved akademiet i Woolwich. Frå 1754 til 1760 var han òg redaktør av magasinet Ladies' Diary (1754–60). Simpson har gjeve namn til Simpsonformelen, som er ein særs nyttig metode for numerisk integrasjon.

Thomas Simpson
Fødd20. august 1710
Market Bosworth
Død14. mai 1761
Amiens
NasjonalitetKongeriket Storbritannia
Områdematematisk analyse
Yrkematematikar
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Spitalfields Mathematical Society
Miscellaneous tracts, 1768

Kjelder

endre