Thomas Wegner Haaland

Thomas Wegner Christiansson Haaland (29. august 185915. juli 1913) var ein bankmann, skipsreiar og stortingsmann frå Torvastad i Rogaland.

Thomas Wegner Haaland
Fødd29. august 1859
Karmøy
Død15. juli 1913 (53 år)
Statsborgar avNoreg
PartiModerate Venstre
Yrkebankier, politikar

Haaland var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han lærarskule i Kopervik i 1880, og lærte seg sidan språk og ymse anna i Haugesund og Stavanger. Frå 1883 var han assistent i Torvastad og Skåre Sparebank, bankkasserar frå 1885 og banksjef frå 1892. I 1906 tok han til som sjef i den nyoppretta Haugesunds Privatbank, ei stilling han hadde til han døydde. Haaland dreiv elles som skipsreiar.

Haaland var medlem av bystyret i Haugesund frå 1889 og var ordførar nokre år. Valbolkane 1903-06 og 1906-09 var han bykrinsen Haugesund sin varamann til Stortinget. Både i 1904 og 1906 møtte han frå ut i februar månad, og resten av sesjonane, medan han i 1907 møtte tre veker i februar-mars og frå juli til sesjonen var over. I år 1908 møtte han ein månad i mai-juni. Alle gongane på tinget var han medlem av næringskomite nr 1.

Han døydde i Haugesund sommaren 1913.

KjelderEndra