Thor Bjarne Bore (fødd 10. januar 1938) er ein norsk redaktør og politikar for Venstre.

Thor Bjarne Bore

Fødd10. januar 1938
Molde kommune
Død22. desember 2019 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, redaktør
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnGeir Arne Bore, Bjørn Kristoffer Bore

Bore vart fødd i Molde. Han er utdanna cand.mag frå Universitetet i Oslo med fagkretsen matematikk, astronomi og historie.[1]

Bore var redaktør i Romsdals Budstikke frå 1966 til 1970, og vart sjefredaktør i Vårt Land i 1974. Der vart han til 1983, då han vart sjefredaktør i Stavanger Aftenblad. Han sat i stillingatil 2000, og var også adm. direktør frå 1991).[2]

Han er gift med journalisten Marie Rein Bore. Dei har to søner som også gjekk inn i journalistikken – Bjørn Kristoffer Bore, som følgde far sin og i 2019 vart ny sjefredaktør i Vårt Land, og pressemannen Geir Åre Bore.

Bore har tidlegare vore styreleiar i Kirkens Nødhjelp (2001–2006) og leier av Kirkerådet (2002–2006), leiar av TV2-utvalet (1983–85), medlem av Ytringsfridomskommisjonen (1997–1999), Innsynsutvalget (2000–2008), styret i Statistisk sentralbyrå (2000–2008), styret i NRK (2002–2006) og redaktør i The Norseman (2001–2007).

Han mottok Kongens fortenestemedalje i gull i 2005.[3]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Thor Bjarne Bore». Stavanger Venstre. 11. september 2007. Henta 27. desember 2008. 
  2. Thor Bjarne Bore i Store norske leksikon
  3. «Tildelinger av ordener og medaljer». www.kongehuset.no (på norsk). Henta 20. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff endre