Opna hovudmenyen

Thor Gystad (3. august 191915. juni 2007) var ein norsk jarnbanemann og politikar frå Ullensaker. Han representerte Akershus fylke og ArbeidarpartietStortinget åra 1969-81.

Thor Gystad
Fødd3. august 1919
Ullensaker
Død15. juni 2007
Ullensaker
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, telegrafist

Gystad var son til ein jarnbanemann. Etter middelskuleeksamen i 1936 gjekk han ut av Jernbaneskolen i 1939. Sidan arbeidde han i Norges Statsbaner som telegrafist i ti år, til han heldt fram som jarnbaneekspeditør 1949-55 og jarnbanefullmektig 1955-69.

Frå 1952 var Gystad medlem i Ullensaker heradsstyre i samanhengande 20 år, ordførar 1960-69. Åra 1964-69 sat han også som ordførar i Akershus fylkeskommune. Hausten 1969 rykte han inn på Stortinget for Arbeidarpartiet og vart attvald 1973 og 1977. På Tinget var han dei fire fyrste sesjonane medlem i Finanskomiteen, deretter medlem 1973-81 i Samferdslekomiteen.

Gystad var formann 1972-75 i Bilavgiftsutvalet av 1972, og 1981-84 i Personbilutvalet. Valperioden 1980-83 vart han på ny vald til kommunestyremedlem for Arbeidarpartiet i Ullensaker.

KjelderEndra