Thor Rogstad
Thor Rogstad (1786–15. mai 1853) var ein norsk jurist og stortingsmann frå Kongsberg. Han var far til Nils Rogstad.
Thor Rogstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1786 Kongsberg kommune |
Død | |
Yrke | embetsmann, politikar |
Språk | norsk |
Rogstad var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han cand.jur. i 1805, og vart prøveprokurator i 1808. Frå 1810 praktiserte han som prokurator ved overretten i Kristiansand, ti år seinare vart han assessor ved stiftsoverretten i byen, justitarius ved same frå 1840.
Både i 1818 og 1824 var Rogstad andre-representant frå Kristiansand på Stortinget. I 1818 var han medlem av åtte komitear, mellom dei om kjøpstadskatten, om adelslova, utskiftingslova og om sagbruksprivilegiar. Dessutan var han medlem av stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Stockholm i 1818. År 1824 var kan visesekretær i Lagtinget, medlem av tollkomiteen og av komiteane om adelsrettar, om innløysing av riksbanksetlane, samt statens krav mot firmaet Møller & Co.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Thor Rogstad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv