Thorbjørn Torkelsson Lekve (20. november 184520. desember 1897) var ein norsk ingeniør frå Ulvik. Han var ein leiande jarnvegskonstruktør, særleg kjend som den fyrste overingeniøren for Bergensbanen. Endre Lekve var bror hans.

Thorbjørn Lekve

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1845
Død

20. desember 1897 (52 år)

Yrke sivilingeniør

Liv og gjerning endre

Lekve var son til ein gardbrukar på Nedre Lekve i Ulvik. Sjølv reiste han til Helsingfors i 1863 og studerte i tre år ved høgskular i byen, der broren var professor i bygningsfag. Han heldt fram studiane i Zürich 1866–69. Deretter deltok han ute i felten på jarnvegsanlegg i Austerrike, sidan på Østfoldbanen. År 1877 vart Lekve overlærar i bygningsfag på Kristiania tekniske skole, der han i tre år stod for eit reformarbeide som bar frukt. Frå 1880 var han medlem av den tekniske undervisningskommisjonen, som mellom anna planla den seinare tekniske høgskulen i Trondheim. I 1891 vart han leiar for den tekniske revisjonen i Arbeidsdepartementet, der han gjorde eit grunnleggande arbeid.

Lekve var mellom dei fyrste som orda frampå om ein jarnveg mellom Kristiania og Bergen. Han tok aktivt del i førebuingane til banen, og vart den fyrste overingeniøren då det i 1894 vart vedteke å bygge Bergensbanen.

Den norske Ingeniør- og arkitektforening reiste i 1908 ein bautasteinFinse til minne om Thorbjørn Lekve.

Kjelder endre