Thorvald Astrup
Thorvald Astrup (18. mai 1876–12. august 1940) var ein norsk arkitekt som særleg stod for fleire norske industribygg.
Thorvald Astrup | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. mai 1876 Christiania |
Død |
12. august 1940 (64 år) |
Yrke | arkitekt |
Far | Harald Astrup |
Thorvald Astrup på Commons |
Han vart fødd i Kristiania (Oslo) og utdanna seg til arkitekt ved Kristiania Tekniske Skole 1891 til 1892. Deretter tok han Kunst- og handtverksskulen i Kristiania 1892 til 1893. Astrup studerte sidan ved den tekniske høgskulen i Berlin (Technische Hochschule Charlottenburg) frå 1896 til 1897.
Frå 1899 var han praktiserande arkitekt i Kristiania. Astrup vart tidleg knytt til industrien som arkitektkonsulent, og fekk her ei rad oppdrag med utforming av større kraft- og transformatorstasjonar, fabrikk- og dambygg. I dei monumentale bygga som utviklinga av storindustrien førte med seg brukte han både nyklassisistiske stilen og funksjonalismen verkemiddel.
Astrup teikna mange industribygg, mellom anna Såheim kraftstasjon på Rjukan saman med Olaf Nordhagen (1916) og Tyssedal kraftanlegg i (1906). Adminiet på Rjukan er teikna av Thorvald Astrup og er peika ut som eit av dei venaste trebygga i jugendstil i Noreg.
Nokre bygg der Astrup var med som arkitekt
endre- Tøyen transformatorstasjon, i drift frå 1917[1]
- Glommens transformatorstasjon ved Nesparken i Moss, 1921[2]
- Torshov transformatorstasjon, i drift frå 1922[3]
- Skøyen transformatorstasjon, i drift frå 1922[4]
- Rånåsfoss kraftstasjon Norge i Rånåsfoss, bygd i perioden 1917–1922
- Børstad transformatorstasjon, Hamar, 1924[5]
- Hydrogenfabrikken på Notodden, teikna i 1926 og oppført i 1927 i samband med omlegging til Haber–Bosch-prosessen
- Margarinfabrikken Norge i Oslo, bygd i perioden 1926–1927
- Ullevål transformatorstasjon, i drift frå 1927[6]
- Soria Moria kino i Oslo, bygd i 1928
- Oslo kringkaster på Lambertseter. Bygd 1928–1929
- Vannstoffabrikken på Vemork, 1928-1933, riven 1977.
Galleri
endre-
Kongegata 16 i Larvik
-
Soria Moria kino
-
Margarinfabrikken
-
Oslo kringkaster
Kjelder
endre- ↑ «Fra turbin til lyspære - utbyggingen av kraftoverføring i Norge» (PDF). Kraftoverføringens kulturminner. NVE. 2010. s. 37. Henta 5. mars 2017.
- ↑ «Fra turbin til lyspære - utbyggingen av kraftoverføring i Norge» (PDF). Kraftoverføringens kulturminner. NVE. 2010. s. 38. Henta 5. mars 2017.
- ↑ «Fra turbin til lyspære - utbyggingen av kraftoverføring i Norge» (PDF). Kraftoverføringens kulturminner. NVE. 2010. s. 37. Henta 5. mars 2017.
- ↑ «Fra turbin til lyspære - utbyggingen av kraftoverføring i Norge» (PDF). Kraftoverføringens kulturminner. NVE. 2010. s. 37. Henta 5. mars 2017.
- ↑ «Fra turbin til lyspære - utbyggingen av kraftoverføring i Norge» (PDF). Kraftoverføringens kulturminner. NVE. 2010. s. 38. Henta 5. mars 2017.
- ↑ «Fra turbin til lyspære - utbyggingen av kraftoverføring i Norge» (PDF). Kraftoverføringens kulturminner. NVE. 2010. s. 37-38. Henta 5. mars 2017.