Olaf Nordhagen

norsk arkitekt, ingeniør, kunstnar og professor

Johan Olaf Brochmann Nordhagen (16. mars 18836. november 1925) var ein norsk arkitekt, ingeniør og kunstnar, fødd og oppvaksen i Oslo. I 1906 vann han arkitektkonkurransen om Bergen Offentlige Bibliotek. Han teikna også kraftstasjonane til vasskraftverka Såheim og Vemork ved Rjukan.

Olaf Nordhagen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mars 1883
Christiania
Død

6. november 1925 (42 år)
Trondheim

Yrke arkitekt, ingeniør, kunstnar, professor
Far Johan Nordhagen
Olaf Nordhagen på Commons
Nordhagen teikna fleire framstillingar av Hamar domkyrkje, slik han såg kyrkja for seg.
Nordhagen la planane for atterreising av dei sentrale delane av vestfronten på Nidarosdomen.
Vemork kraftstasjon teikna av Olaf Nordhagen

Han er mest kjend for å ha leia restaureringa av Nidarosdomen frå 1909 fram til han døydde. I Nidarosdomen stod han bl.a. ansvarleg for oppføringa av store delar av vestskipet etter teikningar av Christian Christie. Nordhagen var den første som måtte attoppbyggja delar av domkyrkja som ikkje kunne rekonstruerast ut frå historiske eller arkeologiske kjelder, og nokre av Nordhagen sine utkast til løysing vekte stort ordskifte. Etter at han i 1922 gjekk sigrande ut av den såkalla systemstriden om prinsippet for atterreisinga av vestskipet, utforma han kvelvingar og tak i vestskipet og midtdelane av vestfronten, irekna det store rosevinduet. Desse delane stod ferdig i 1930, fem år etter at han døydde.

Nordhagen sitt gravmonument ligg like ved nordre tverrskip i Nidarosdomen.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre