Thorvald Meyer
Thorvald Meyer (23. september 1818–3. februar 1909) var ein norsk forretningsmann frå Kristiania.
Thorvald Meyer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. september 1818 Christiania |
Død |
3. februar 1909 (90 år) |
Yrke | forretningsdrivande |
Far | Jacob Peter Meyer |
Meyer var son til ein trelasthandlar, Jacob Peter Meyer, og Ingeborg Marie Barth Muus. Gjennom arv og trelasthandel vart han ein rik mann. I 1850-åra kjøpte han store areal mellom Akerselva og Trondheimsvegen i Kristiania. Han selde desse areala ut att til tomter og var sidan ein av dei rikaste personane i heile Noreg.
Meyer var gift med Annichen Mathea Tofte, dotter til Oslos fyrste ordførar, Andreas Tofte. Han vart far til fire jenter som i si tid gift med fire av dei rikaste kaksane og mektigaste karane i den norske hovudstaden: Ingeborg (1843–1882), gift med Herman S. Løvenskiold, Mathea («Thea») (1846–1922), gift med Christian H. Schweigaard, Ragnhild (1849–1937), gift med Axel Heiberg, og Mathilde («Mimi») (1852–1932), gift med Herman Wedel-Jarlsberg.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958