Thrash metal vert av mange betrakta som ein undersjanger av heavy metal. Mot slutten av 1970 talet var det pønk som var alternativet, heavy metal og hard rock vart av mange sett på som avleggs og lite utviklande. Dette var med å føra fram til denne nye metalstilen. Thrash kombinerte aggresjon og fart frå pønk med klassiske tunge heavy metal riff. Det vart sett fokus på ein blanding av brutalitet og teknikk i gitar-riff, gitar-soloar og aggressiv tromming. «Dei fire store» thrash metal banda i historia er Metallica, Slayer, Anthrax og Megadeth.

Den største thrash metal-scena finn ein i Bay Area i San Francisco. Her var pionerane Exodus, Death Angel, Heathen, Metallica og Testament. Bandet som kanskje har gjord denne sjangeren mest kjend er Metallica. Dei henta inspirasjon frå britiske band som til dømes Iron Maiden. Sjangeren oppstod òg som ein reaksjon mot det stadig veksande glam-miljøet. Den andre store bølgja var den teutonske thrash metal-scena frå Tyskland med Kreator, Sodom og Destruction i spissen. I Noreg er det fyrst og fremst Fredrikstad-bandet Equinox som gjorde thrashen kjend.

Thrash Metal fekk namnet sitt frå pønk scena. Alt i 1978 var det ei stor undergrunns thrashpønk scene i New York og demokassetten "new york thrash cassette" vart utgjeve dette året (dette var fyrste gong ordet Thrash vart nytta som musikkterminologi). Det er også viktig å hugse at det skrivast «thrash» og ikkje «trash», som i bås.

På 90 talet dabba interessa for Thrash metal, og sjangrar som mellom anna Death Metal, Black Metal og Nu Metal tok over mykje av merksemda.

Thrash metal band endre

Norske thrash metal band endre