Heathen

Heathen
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 11. juni 2002[1]
Innspelt Oktober 2000 – januar 2002
Studio
Sjanger
Lengd 52:08
Selskap
Produsent
David Bowie-kronologi
All Saints
(2001)
Heathen Best of Bowie
(2002)
-kronologi
Hours
(1999)
Heathen Reality
(2003)
Singlar frå Heathen
  1. «Slow Burn»
    Utgjeve: 3. juni 2002
  2. «Everyone Says 'Hi'»
    Utgjeve: 16. september 2002
  3. «I've Been Waiting for You»
    Utgjeve: Oktober 2002

Heathen er det 22. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 11. juni 2002 på selskapet hans ISO Records og på Columbia Records. Sjølv om produksjonen hadde byrja før terroråtaka 11. september 2001, vart albumet fullført etter den datoen, som førte til at hendinga var med å påverke konseptet.[1][14][15] Det vart rekna som eit comeback for Bowie på den amerikanske marknaden og vart den høgaste plasseringa hans på den amerikanske albumlista (14. plass) sidan Tonight (1984). Albumet fekk òg god kritikk. BBC sa at tittelsporet på albumet «viser at Bowie framleis kan skrive avvæpnande direkte, noko som påverkar pop av ein veldig individuell tilbøyelegheit meir enn 30 år etter han byrja».[16] Verda over selde albumet ein million eksemplar[17] og låg fire månader inne på den britiske albumlista. Han marknadsførte albumet med Heathen-turneen gjennom 2002.

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic68/100[3]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[4]
Blender3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Entertainment WeeklyB+[6]
The Guardian4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
NME8/10[8]
Pitchfork7.8/10[9]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[10]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[11]
Spin3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[12]
The Village VoiceC+[13]

Innspeling og produksjonEndra

Produsenten Tony Visconti var attende på Heathen.[1] Han hadde vore produsent (i lag med Bowie sjølv) på mange av dei klassiske albuma til Bowie. Det siste albumet Visconti var med-produsent på var Scary Monsters i 1980. Dette var det første albumet til Bowie på over eit tiår utan gitaristen Reeves Gabrels, som første gongen spelte med Bowie på Tin Machine (1989).

Opphavleg hadde Bowie spelt inn albumet Toy for ei utgjeving i 2001. Dette albumet skulle innehalde nokre nye songar og nyinnspelingar av dei mindre kjende songane hans frå 1960-åra. Sjølv om Toy aldri offisielt har kome ut, kom nyinnspelingar av «Afraid» og «Slip Away» (då kalla «Uncle Floyd»), ut på Heathen. Somme andre nyinnspelingra av songar frå Toy kom ut som B-sider til singlar frå Heathen. Albumet vart spelt inn på Allaire Studios på toppen av eit fjell i Shokan.[18] Han sa til The Daily Beast:[18] «Det er den siste typen stad eg hadde venta å jobbe, fordi eg er ein ekte byperson. Eg elskar å skrive og jobbe og spele inn og vere og sosialisere i ein by. Heile livet er eg byorientert. Studioet var ein sommargarden til eigaren av ein malingsfabrikk, den einaste eigedommen på toppen av dette fjellet med utsikt over 80 km, 180 grader, alt. Det vart bygd på 20-talet. Han har ein slags nautisk smak. Det er mykje lakkert tre som du ser på dei gamle lystbåtane i den perioden. Taka er kanskje 40 fot høge, og kanskje 25 fot store vindauge. Eg ser ut dei vindauga klokka seks, sju om morgonen - eg står opp utruleg tidleg, eg er der og jobbar klokka 6 om morgonen, speler berre synthesizer, piano og jobbar med det vi skal gjere for dagen - og eg ser ut på hjorten, og eg trur ikkje at dette skjer med meg, roa og det storslåtte i det. Kor vakker verda er. Og alt byrja å komme inn, og eg finpussa på kva eg eigentleg hadde å seia om livet mitt. Det var magisk. No har eg gjort det, eg veit ikkje om eg nokon gong kunne gjenta den opplevinga. Eg er ganske livleg og munter og alltid på farten, og eg reflekterte plutseleg - uh, oh - og det var eigentleg ikkje meg. Men eg reflekterte med ein slik intensitet, og det kom over meg som ei bølgje. Det gjorde det verkeleg. Nokre morgonar gret eg bokstaveleg talt då eg skreiv ein song.»

Tidlege innspelingar for Heathen var med Bowie på gitar og klaverinstrument, Visconti på bass og Matt Chamberlain på trommer.[19] Trioen spelte inn kring førti songar, som varierte frå korte skisser til nesten ferdige komposisjonar. Fleire innspelingar fann stad i fleire studio med nokre nye musikarar og gamle Bowie-travarar. Bowie henta inn dei tidlegare samarbeidspartnarane Carlos Alomar (gitar) og Sterling Campbell (trommer). The Who-gitaristen Pete Townshend, som spelte solo på «Slow Burn» og som tidlegare hadde spelt gitar på «Because You're Young» frå Scary Monsters. Nykomarar var Foo Fighters-frontmannen og den tidlegare Nirvana-trommeslagaren Dave Grohl, Dream Theater-klaverspelaren Jordan Rudess, pianisten Kristeen Young, og den produktive bassisten Tony Levin frå King Crimson.[20] Songen «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» inneheld den lågaste noten Bowie nokon gong har sunge på eit album (G1).[21]

Stil og temaEndra

Sjølv om mange av songane var skrivne for Toy, og somme er coverversjonar, hevda mange biografar og kritikarar på den tida at Heathen omhandla inntrykka til Bowie etter terroråtaka 11. september.[14][15] Teksten til songar som «Slow Burn», «Afraid», «A Better Future» og «Heathen (The Rays)» fokuserer på nedbrytinga av menneskeheita og verda generelt, og minner om det tidlegare albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars og songen «Five Years».

Dave Thompson skreiv om samanhengen mellom albumet og 9. september: «Sjølv om me truleg ikkje kan tenkje oss noko meir andeleg enn maksimal tv-dekning for korleis inntrykket var, blir 9/11 verande den mest resonante hendinga i nyare verdshistorie for mange menneske, og tenner så mange tankar, frykt og konfliktar i tankane til dei som var vitne til det at sjølv i dag, sjølv menneske som aldri har vore i Amerika, framleis kan knyta seg til dei 102 skremmande minutta. På den tida, og gjennom månadene med uvisse som følgde, var behovet for denne bindinga endå tydelegare. Heathen høyrdest ut som om det forstod korleis folk hadde det. Folk følte automatisk behovet for å forstå Heathen, og av alle Bowie sine album på nittitalet og framover er det framleis det som hyppigast blir trekt fram som hans beste, fordi det absolutt er hans mest direkte. Til og med Tony Visconti omtalte det som hans magnum opus: «Eg sa til han: 'Det var meir ein symfoni.'»»[22]

Bowie nekta for at nokre av songane var skrivne etter september 2001, men innrømde at songane omhandlar den generelle angstkjensla som han hadde i Amerika i mange år, og la til «det er ikkje usannsynlig at du får ei kjensle av angst av noko som er spelt inn i New York eller av newyorkarar.»[1] Han sa òg i eit intervju i 2003: «Det vart skrive som eit djupt spørrande album. Sjølvsagt hadde han ein fot i den forferdelege hendinga i september. Så det var eit ganske traumatisk album å fullføre. Dette hintar mot det, men det prøver eigentleg ikkje å løysa traume. 11. september påverka meg og familien min veldig. Me bur her nede.»[23]

Albumet inneheld coverversjonar av tre songar: «Cactus» av Pixies, der Bowie sjølv speler alle instrumenta utanom bass og er einaste gongen han spelte trommer på plate,[24] «I've Been Waiting for You» av Neil Young (som òg var blitt spelt inn av Pixies som ei B-side i 1990 for singelen «Velouria») og «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» av Norman Odam eller Legendary Stardust Cowboy, som Bowie fekk namnet «Ziggy Stardust» frå i 1972 . Dei to sistnemnde songane var teken frå ei liste av songar som Bowie sette saman i 1970-åra for eit album han aldri spelte inn, Pin Ups 2.[25]

MusikkvideoarEndra

Bowie, som var 55 år på denne tida sa «Eg er ganske mykje realist. Det er ein viss alder du kjem til når du eigentleg ikkje skal visast [på TV] lengre. Dei unge må drepa dei gamle. ... slik fungerer livet. ... Det er slik kulturen fungerer.» [1]På grunn av dette vart det ikkje gjeve ut musikkvideoar for nokre av songane frå dette albumet.[1]

Men det vart lasta opp ein musikkvideo for «Slow Burn» til den offisielle DavidBowieVEVO YouTube-kanalen 23. mars 2011. Videoen syner Bowie kledd i kvitt som syng songen i eit platestudio, medan ei ung jente går kring i det mørke kontrollrommet og stundom tar på utstyr og miksepulten. Videoen er ein redigert versjon av songen og det er ikkje oppført kven som er regissør eller anna informasjon.[26]

KonsertarEndra

Bowie tok albumet ut på vegen på Heathen-turneen i siste halvdel av 2002 og hadde fleire framsyningar på fjernsyn.

Alternative versjonarEndra

Ein remiks av songen «Everyone Says 'Hi'» kom ut i rytmespelet på PlayStation 2 kalla Amplitude.

I 2011 gav det britiske bandet Films of Colour ut ein versjon av «Slow Burn».[27]

Songen «Sunday» vart framført på Heathen-turneen og Reality-turneen. Eit konsertopptak frå The Point i Dublin i november 2003 kom ut på DVD-en A Reality Tour. Ein Moby-remiks finst på bonusplata til den doble CD-utgåva av Heathen, og ein Tony Visconti-remiks kom ut på den europeiske versjonen av singelen «Everyone Says 'Hi'» og singelen «I've Been Waiting for You».

Heathen kom òg ut på SACD i eit avgrensa opplag med noko lengre versjonar av fem av songane på albumet. Denne kom berre ut på SACD, utan eit CD-hefte.[28]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av David Bowie, og produsert av Bowie og Tony Visconti, utanom der andre er nemnde[29].

Heathen – Standardutgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)ProdusentarLengd
1.«Sunday»  4:45
2.«Cactus»Black Francis 2:54
3.«Slip Away»  6:05
4.«Slow Burn»  4:41
5.«Afraid» 3:28
6.«I've Been Waiting for You»Neil Young 3:00
7.«I Would Be Your Slave»  5:14
8.«I Took a Trip on a Gemini Spaceship»Norman Carl Odam 4:04
9.«5:15 The Angels Have Gone»  5:00
10.«Everyone Says 'Hi'» 
3:59
11.«A Better Future»  4:11
12.«Heathen (The Rays)»  4:16
Total lengd:52:08
Heathen – Japanesk utgåve
Nr.TittelLengd
13.«Wood Jackson»4:48
Total lengd:56:56
Heathen – Avgrensa 2CD-utgåve (plate 2)
Nr.TittelProdusentarLengd
1.«Sunday» (Moby-remiks)
  • Bowie
  • Visconti
  • Moby
5:09
2.«A Better Future» (Remiks av Air) 4:56
3.«Conversation Piece» (skriven 1969, spelt inn1970, nyinnspelt 2001)
  • Bowie
  • Plati
3:51
4.«Panic in Detroit» (innspeling frå 1979) 2:57
Total lengd:16:53
Heathen – Japansk 2CD-utgåve frå 2007 (plate 2)
Nr.TittelProdusentarLengd
5.«Wood Jackson» 4:48
6.«When the Boys Come Marching Home» 4:46
7.«Baby Loves That Way»
  • Bowie
  • Plati
4:46
8.«You've Got a Habit of Leaving»
  • Bowie
  • Plati
4:53
9.«Safe» 4:44
10.«Shadow Man»
  • Bowie
  • Plati
4:46
Total lengd:45:36
Heathen – SACD-utgåve
Nr.TittelLengd
1.«Sunday»4:47
2.«Cactus»2:52
3.«Slip Away»6:14
4.«Slow Burn»5:04
5.«Afraid»3:25
6.«I've Been Waiting for You»3:16
7.«I Would Be Your Slave»5:09
8.«I Took a Trip on a Gemini Spaceship»4:05
9.«5:15 The Angels Have Gone»5:25
10.«Everyone Says 'Hi'»3:56
11.«A Better Future»3:56
12.«Heathen (The Rays)»4:13
13.«When the Boys Come Marching Home»4:49
14.«Wood Jackson»4:44
15.«Conversation Piece»3:49
16.«Safe»5:53
Total lengd:71:08

MedverkandeEndra

Andre medverkande
Design

Salslister og salstroféEndra

VekeslisterEndra

Vekesliste frå 2002
Liste (2002) Plassering
Australske album (ARIA)[32] 9
Austerrikske album (Ö3 Austria)[33] 4
Belgiske album (Ultratop Flandern)[34] 4
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[35] 6
Kanadiske album (Billboard)[36] 9
Danske album (Hitlisten)[37] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[38] 19
Finske album (Suomen virallinen lista)[39] 11
Franske album (SNEP)[40] 3
Tyske album (Offizielle Top 100)[41] 4
Irske album (IRMA)[42] 6
Italienske album (FIMI)[43] 6
Den japanske albumlista (Oricon)[44] 26
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[45] 22
Norske album (VG-lista)[46] 2
Spanske album (PROMUSICAE)[47] 27
Svenske album (Sverigetopplistan)[48] 6
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[49] 7
Britiske album (OCC)[50] 5
US Billboard 200[51] 14

ÅrslisterEndra

Årsliste for 2002
Liste (2002) Plassering
Belgiske album (Flandern)[52] 55
Belgiske album (Vallonia)[53] 73
Den franske albumlista (SNEP)[54] 86
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[55] 86

Salstrofé og salstalEndra

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[56] Gull 132,300[57]
Storbritannia (BPI)[58] Gull 100 000^
United States 180,000[59]
Oppsummering
Worldwide 1,000,000[17]

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Gordinier, Jeff (20. september 2021). «David Bowie EW Cover: Inside David Bowie and Moby's out-of-this-world 2002 tour». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 15. juli 2018. Henta 15. september 2019. 
  2. Lukowski, Andrej (11. mars 2013). «David Bowie – The Next Day review». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 13. september 2015. Henta 20. september 2021. 
  3. «Reviews for Heathen by David Bowie». Metacritic. Arkivert frå originalen 30. desember 2012. Henta 20. september 2021. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «Heathen – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. juni 2012. Henta 20. september 2021. 
  5. Aizlewood, John (August 2002). «David Bowie: Heathen». Blender (8): 115. Arkivert frå originalen 6. august 2004. Henta 20. september 2021. 
  6. Browne, David (14. juni 2002). «Heathen». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  7. Petridis, Alexis (31. mai 2002). «CD of the week: David Bowie, Heathen». The Guardian. Arkivert frå originalen 5. desember 2013. Henta 20. september 2021. 
  8. Dempster, Sarah (11. juni 2002). «Bowie, David : Heathen». NME. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. september 2021. 
  9. Carr, Eric (16. juni 2002). «David Bowie: Heathen». Pitchfork. Arkivert frå originalen 1. desember 2011. Henta 20. september 2021. 
  10. «David Bowie: Heathen». Q (191): 108. June 2002. 
  11. Fricke, David (22. mai 2002). «Heathen». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. november 2017. Henta 20. september 2021. 
  12. Dolan, Jon (July 2006). «How to Buy: David Bowie». Spin 22 (7): 84. Arkivert frå originalen 2. oktober 2017. Henta 20. september 2021. 
  13. Christgau, Robert (10. september 2002). «Consumer Guide: A Very Good Year». The Village Voice. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  14. 14,0 14,1 Simon Groth (2010). Off the Record: 25 Years of Music Street Press. Univ. of Queensland Press. s. 310. ISBN 978-0-7022-3863-5. 
  15. 15,0 15,1 James E. Perone (2007). The Words and Music of David Bowie. Greenwood Publishing Group. s. 137. ISBN 978-0-275-99245-3. 
  16. Diver, Mike. «David Bowie A Reality Tour Review». BBC. Arkivert frå originalen 8. april 2016. Henta 14. august 2016. 
  17. 17,0 17,1 Sexton, Paul (20. september 2003). «Bowie Simulcasts 'Reality'» (PDF). Billboard. s. 6. Henta 14. november 2019. 
  18. 18,0 18,1 Guccione Jr., Bob (13. april 2017). «David Bowie on 9/11 and God». The Daily Beast. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta 20. september 2021. 
  19. Thomas Jerome Seabrook (2008). Bowie in Berlin: A new career in a new town, Jawbone Books, p. 241
  20. 20,0 20,1 Jones, Chris. «David Bowie Heathen Review». BBC Music. Arkivert frå originalen 13. mai 2013. Henta 20. september 2021. 
  21. Kristobak, Ryan (20. mai 2014). «Comparing The Top Artists, Past And Present, By Vocal Range». The Huffington Post. Arkivert frå originalen 12. september 2016. Henta 20. september 2021. 
  22. Dave Thompson (2006). Hallo Spaceboy: The Rebirth of David Bowie. ECW Press. s. 257. ISBN 978-1-55022-733-8. 
  23. Anthony DeCurtis (5. mai 2005). In Other Words: Artists Talk About Life And Work. Hal Leonard Corporation. s. 262–263. ISBN 978-0-634-06655-9. Henta 20. september 2021. 
  24. «Cactus». 28. juli 2014. Arkivert frå originalen 14. juli 2017. Henta 20. september 2021. 
  25. Buskin, Richard (October 2003), «David Bowie & Tony Visconti Recording Reality», Sound on Sound, arkivert frå originalen 15. september 2021, henta 20. september 2021 
  26. «youtube.com – DavidBowieVEVO – Slow Burn». Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 18. september 2016. 
  27. «TV to produce FOC plus free Slow Burn download». davidbowie.com. 30. oktober 2011. Arkivert frå originalen 4. april 2012. Henta 20. september 2021. 
  28. «David Bowie – Heathen». Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 20. september 2021. 
  29. Heathen album liner notes.
  30. 30,0 30,1 «David Bowie – Heathen». Discogs (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. oktober 2019. Henta 20. september 2021. 
  31. «Tony Levin's Road Diary». Arkivert frå originalen 27. februar 2017. Henta 27. februar 2017. 
  32. "David Bowie – Heathen". Australiancharts.com. Hung Medien.
  33. "David Bowie - Heathen" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  34. "David Bowie – Heathen" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  35. "David Bowie – Heathen" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  36. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for David Bowie. Prometheus Global Media.
  37. "David Bowie – Heathen". Danishcharts.com. Hung Medien.
  38. "David Bowie – Heathen". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  39. "David Bowie: Heathen" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  40. "David Bowie – Heathen". Lescharts.com. Hung Medien.
  41. "Offiziellecharts.de – David Bowie – Heathen" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  42. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA.
  43. "David Bowie – Heathen". Italiancharts.com. Hung Medien.
  44. «デヴィッド・ボウイ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks of Heathen by David Bowie]. Oricon Style (på japansk). Arkivert frå originalen 5. mars 2014. Henta 20. september 2021. 
  45. "David Bowie – Heathen". Charts.org.nz. Hung Medien.
  46. "David Bowie – Heathen". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  47. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  48. "David Bowie – Heathen". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  49. "David Bowie – Heathen". Swisscharts.com. Hung Medien.
  50. "2002-06-22 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  51. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  52. «Jaaroverzichten 2002». Ultratop (på nederlandsk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 15. februar 2017. Henta 20. september 2021. 
  53. «Rapports annuels 2002». Ultratop (på fransk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 15. februar 2017. Henta 26. januar 2014. 
  54. «Classement Albums – année 2002». Syndicat National de l'Édition Phonographique (på fransk). Arkivert frå originalen 9. september 2011. Henta 1. februar 2014. 
  55. «Hitparade.ch – Schweizer Jahreshitparade 2002». Swiss Music Charts (på tysk). Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 3. desember 2013. Henta 26. januar 2014. 
  56. «French album salstrofé – David Bowie – Heathen» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  57. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 28. august 2012. Henta 24. august 2012. 
  58. «British album salstrofé – David Bowie – Heathen». British Phonographic Industry.  Enter Heathen in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  59. «Bowie's Sound And Vision Captured on DVD». Billboard. 14. oktober 2002. Arkivert frå originalen 7. februar 2020. Henta 20. september 2021. 

BakgrunnsstoffEndra