Tiberius Cavallo (30. mars 174921. desember 1809) var ein italiensk fysikarar og naturfilosof.

Tiberius Cavallo

Fødd30. mars 1749
Napoli
Død21. desember 1809
London
Yrkefysikar
MedlemRoyal Society

Han var fødd i Napoli, der faren var fysikar.

I 1771 kom han til England for å studere til å bli kjøpmann, men han gjekk snart inn mot vitskapen. Han gjorde fleire utbetringar på vitskaplege instrument. Han vart Fellow of the Royal Society i 1779.[1].

Cavallo vert ofte omtalt i litteraturen som oppfinnar av Cavallo-multiplikatoren, eit apparat som vert nytta for å forsterke små elektriske ladingar, slik at dei kan observerast og målast i eit elektroskop.[2] Han arbeidde med kjøleteknikk[3] og arbeidet hans påverka pioner-ballongføraren Jean-Pierre Blanchard[4].

Verk endre

Han publiserte fleire verk innan forskjellige retningar i fysikk, inkludert:

  • A Complete Treatise on Electricity (1777)
  • Treatise on the Nature og Properties of Air and other permanently Elastic Fluids (1781)
  • History og Practice of Aerostation (1785)
  • Treatise on Magnetism (1787)
  • Elements of Natural and Experimental Philosophy (1803)
  • Theory and Practice of Medical Electricity (1780)
  • Medical Properties of Factitious Air (1798).

Kjelder endre

  1. Archive Bakerian lectures 1799 - 1775
  2. [1], on the "pocket electrometer".
  3. UCL Bentham Project, arkivert frå originalen 22. januar 2009, henta 27. februar 2011 
  4. FAI Ballooning Commission - Spring 2001 Newsletter, arkivert frå originalen 18. februar 2006, henta 27. februar 2011