Tidsskriftet Symra

Symra; En Aarbog for Norske Paa Begge Sider Af Havet eller berre Symra var eit norsk-amerikansk tidsskrift som blei gjeve ut i USA mellom 1905 og 1914. Innhaldet var for det meste på norsk, men det hadde også noko stoff på engelsk.

Symra blei først redigert og gjeve ut av Johannes B. Wist og Kristian Prestgard, som også var redaktørar for den norsk-amerikanske Decorah-Posten. Symra blei trykka av Decorah-posten's trykkeri i Lutheran Publishing House, no ein hovudbygning ved Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah i Iowa.[1]

I 1912 blei Symra Company omorganisert med Knut Gjerset frå Luther College, og P.J. Eikeland frå St. Olaf College som redaktørar. I tillegg til tidsskriftet gav Symra Company ut norskspråklege bøker som Ameriká og Andre Digte (1912) og Efterladte Digte (1914) av Agnes Mathilde Wergeland.

Symra presenterte lyrikk og prosa av norske og norsk-amerikanske forfattarar og ein del engelskspråkleg litteratur. Kjende forfattarar presenterte på sidene var Peer Stromme, Knut Gjerset, Hjalmar Holand, Waldemar Ager, George T. Flom, Peter Laurentius Larsen, Ole Edvart Rølvaag og Kristofer Janson.[2] Det meste av stoffet var på norsk, men det blei også trykt ein del norsk-amerikansk litteratur på engelsk og engelske omsetjingar av norske dikt.[3] I tillegg til litteratur knytt til Noreg og norsk-amerikanarar finn ein også omtale og omsetjingar av amerikanske forfattarar som Edgar Allan Poe[4] og av engelsk litteratur som Beowulf.[5]

Kjelder endre

  1. The Symra Company (University of Wisconsin-Madison Scandinavian-American Publisher Holdings) [1]
  2. Symra: A Memoir (Einar Haugen. Norwegian-American Historic Association Volume 27: Page 101) [2] Arkivert 2017-11-10 ved Wayback Machine.
  3. T.d. Symra, Ottende bind (1912) s.62-63
  4. Symra, Femte bind (1909) s. 214
  5. Symra, Ottende bind (1912) s.65