Tiendbyte er ein årleg marknad som vert arrangert slutten av september i MosjøenHelgeland. Tiendbytet vart tradisjonelt halde ved Mikkelsmesse den 29. september. Frå gammalt var folk samla på denne tida for å betale tiend, skatt (mikkelskorn) og landskyld, og gradvis voks det samstundes fram ein marknad der folk bytta eller handla varer før vinteren. Deltakarane kom både frå kysten og innlandet, heilt inn frå Sverige.

Historie endre

Tiendbytet vert marknadsført som «Norges eldste martna», utan at den påstanden er dokumentert.

Det finst dokumentasjon på at Tiendbytet i Vefsn har vore arrangert i 1720-åra,[1] men det har truleg røter lenger attende i tida. Frå først av var Tiendbytet arrangert på Halsøya. Då byen Mosjøen voks fram i andre halvdelen av 1800-talet, vart tiendbytet flytta dit. Utover 1800-talet vart det òg vanlegare med underhaldningsinnslag i samband med desse dagane. I 1875 vart det rapportert om mellom 2000 og 3000 besøkande på Tiendbytet. Byen Mosjøen hadde 786 innbyggarar ved utgangen av 1875.[2]

I mellomkrigstida var det mykje lokal motstand mot arrangementet,mange meinte det hadde utspilt si rolle, og mest var blitt ein stad for festing og ulovleg brennevinssal. Under krigen vart det slutt på tiendbytet. Det vart likevel tatt opp att etter krigen, og dei siste åra har handelsstandforeininga i samarbeid med lokale kulturorganisasjonar arbeidd for å gje Tiendebytet eit løft som eit kombinert handels- og kulturarrangement.

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre

  1. Tiendbytet er nemnt i ei sak på hausttinget 1727 Tingbok Helgeland 1726-1730 fol. 141a 25. linje
  2. Folketeljinga 1875

Litteratur endre

  • Vefsn bygdebok b. I Bjarne Svare 1974: Vefsnbygdene fram til 1830
  • Vefsn bygdebok b. II Kjell Jacobsen 1975: Overgangstid - Vefsnbygdene 1820-1900