Tikhvinka
Tikhvinka (russisk Ти́хвинка, finsk Tihvinä) er ei elv i Leningrad oblast i Russland og ei av sideelvane til Sias frå venstre. Elva er 144 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 140 km².
Tikhvinka | |||
elv | |||
Huset ved Tikhvinka er fødestaden til komponisten Rimskij Korsakov
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 140 km² | ||
Lengd | 144 km | ||
Middelvassføring | 19,7 m³/s | ||
Munning | Sias | ||
Tikhvinka 59°34′25″N 34°30′39″E / 59.57375°N 34.510888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Tihvinka River |
Elva renn frå innsjøen Eglino og inneheld mange stryk. Elva har vorte retta opp og 48 sluser vart bygd langs elva, men desse er ikkje i drift lenger og mange er øydelagde.
16 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 19,7 m³/s. Elva frys til i midten av november eller fram til tidleg i januar og vert isfri att i april eller tidleg i mai.
Byen Tikhvin og Tikhvin Maria kloster ligg langs elva.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Тихвинка (река)» frå Wikipedia på russisk, den 29. oktober 2008.