Tiksi
Tiksi (russisk skrift Тикси, jakutisk Тиксии/Tiksii) er ein kommune og ei bymessig busetjing i republikken Sakha i Russland med hamn og stor flyplass. Hamna ligg til Laptevhavet nær ei av elveosane i Lenadeltaet. Innbyggjartalet var 4 557 (2015).[1]
Tiksi | |||
tettstad | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Sakha | ||
Distrikt | Bulunskij | ||
Folketal | 4 557 (2015) | ||
Tiksi 71°38′13″N 128°52′05″E / 71.636836111111°N 128.86793333333°E | |||
Wikimedia Commons: Tiksi |
Historie
endreI august 1901 leitte den russiske polarskipet «Zarya» i Laptevhavet etter det legendariske Sannikov Land (Zemlja Sannikova), men vart snart blokkert av drivisen omkring Nysibirøyane. Polarforskaren baron Eduard Toll forlét skipet saman med tre andre og forsvann. Skipet enda opp på øya Brusneva i Tiksibukta, og vart liggjande der.
Byen vart grunnlagd i 1933 med hamn som ein viktig stoppestad på den nordlege sjøruta, den russiske maritime transportlinja i Arktis halden open av isbrytarar. Ho hadde samband til ei handelsrute langs elva sørover til resten av Sakha og så langt sør som Ust-Kut ved Irkutsk. Sidan 1939 har staden hatt status som bymessig busetjing.
Flyplassen vart bygd 1 km lenger mot nord på 1950-talet med ein rullebane på 3000 m. Samstundes vart det laga to andre flystriper av same storleik lenger frå byen. Desse er seinare nedlagde. Plassane var framskotne basar for bombefly som skulle nå USA.
Ved samanbrotet av Sovjetunionen i 1989 og den økonomiske nedgangen som følgde, forsvann det meste av transportverksemda, og ein stor del av folka flytta.
Flyplassen er enno ein viktig base for det russiske luftforsvaret. På plassen er det mest stasjonert Tupolev Tu 95-MS-bombefly. Persontransport går med Antonov An-24. I 2018 la Nordflåten fram planar om å bygge ein lite base i området med 11 bygningar som vil vere samanbundne med passasjer med tak over.[2]
Folkesetnadsutvikling
endreÅr | Innbyggjarmengd |
---|---|
1989 | 11 649 |
2002 | 5 873 |
2010 | 5 063[3] |
Tala er frå folketeljingar.
Kjelder
endre- ↑ ЧИСЛЕННОСТЬ ПОСТОЯННОГО НАСЕЛЕНИЯ РОССИЙСКОЙ ФЕДЕРАЦИИ ПО МУНИЦИПАЛЬНЫМ ОБРАЗОВАНИЯМ на 1 января 2015 года (komprimert fil, .rar) Arkivert 2021-11-05 ved Wayback Machine. Innbyggjartal i russiske administrative einingar 1. januar 2015. Henta 25. august 2015.
- ↑ Atle Staalesen (3. september 2018). «Russia builds another military base in East Arctic».
- ↑ Том 1. Численность и размещение населения Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine., gks.ru
- Denne artikkelen bygger på «Tiksi» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.