Tilremfjorden

fjord i Brønnøy kommune

65°30′54.860″N 12°12′1.1412″E / 65.51523889°N 12.200317000°E / 65.51523889; 12.200317000 Tilremsfjorden er ein fjord i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 8 km sørover til Brønnøysund i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Torgnesflesan i vest og Straumøyan i aust. Han ligg på austsida av øya Sauren. Vest for Sauren ligg Vegafjorden. Velfjorden har innløp litt nord for Straumøyan. Fylkesveg 17 går langs austsida av fjorden.