Vegafjorden
65°30′36.418″N 11°50′25.854″E / 65.51011611°N 11.84051500°E Vegafjorden er ein fjord i Brønnøy og Vega kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom øya Vega i nordvest og og Sauren i søraust og strekkjer seg 22 km nordaustover frå Kversteinen til øya Ylvingen.
Sør for Kversteinen ligg Kversteinfjorden og mellom Vega og Ylvingen ligg Ylvingsfjorden. Tilremfjorden strekkjer seg sørover på austsida av Sauren og litt aust for Ylvingen ligg innløpet til Velfjorden.